Johannes Halvorson Vamberg

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 4. okt. 2010 kl. 13:22 av Kallrustad (samtale | bidrag) (lagt til setning i innleiinga)
Hopp til navigering Hopp til søk

Johannes Halvorson Vamberg (døypt 23. november 1816, død 9. mars 1857) var lærar og ordførar i Jostedalen. Han var frå garden Vamberg i Jostedalen. Johannes Vamberg fekk skøyte på heimebruket i 1842, men tok visstnok ikkje over styringa av garden før i 1851.

Som mange andre lærarar i Indre Sogn hadde Vamberg fått si fyrste opplæring hjå klokkaren i Luster, Einar Jakobson Fet. Etter ei kort tid som lærar i Hafslo, tok han Stord seminar. I 1850 vart han lærar og klokkar i Jostedalen og den fyrste seminaristen i bygda.[1] Jostedal kommune hadde i 1850-åra planar om å kjøpa Vamberg til klokkargard, men dei vart skrinlagde då Johannes Vamberg døydde.[2]

Vamberg var ordførar i Jostedalen i åra 1853-1855.

Notar

  1. Laberg 1944, s. 81, jf. Øvregard 1996, s. 314f
  2. Øvregard m.fl. 2010, s. 216

Litteratur

  • Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune. (digital utgåve, NBdigital)
  • Øvregard, Kåre. (1996). Skulen i Luster gjennom 250 år. Kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane. Gaupne: Luster kommune.
  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag.


Forgjengar:
 Christian Bastholm Heltberg 
Ordførarar i Jostedal kommune
Etterfølgjar:
 Ole Christian Rasch 


Forgjengar:
 Ole Olson Aasestølen 
Klokkarar i Jostedalen
Etterfølgjar:
 Halvor Larson Faaberg