Johannes Halvorson Vamberg

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Johannes Halvorson Vamberg (døypt 23. november 1816, død 9. mars 1857) var lærar og ordførar i Jostedalen. Han var frå garden Vamberg. Johannes Vamberg fekk skøyte på heimebruket i 1842, men tok visstnok ikkje over styringa av garden før i 1851.

Som mange andre lærarar i Indre Sogn hadde Vamberg fått si fyrste opplæring hjå klokkaren i Luster, Einar Jakobson Fet. Etter ei kort tid som lærar i Hafslo, tok han Stord seminar. I 1850 vart han lærar og klokkar i Jostedalen og den fyrste seminaristen i bygda.[1] Jostedal kommune hadde i 1850-åra planar om å kjøpa Vamberg til klokkargard, men dei vart skrinlagde då Johannes Vamberg døydde.[2]

Vamberg var den tredje med gardbrukarbakgrunn og den fyrste læraren og kyrkjesongaren som vart ordførar i Jostedalen. Han vart viseordførar i Jostedalen i 1851 og overtok ordførarombodet 13. juni 1853 då soneprest Christian Bastholm Heltberg flytte frå bygda. Han vart sitjande som ordførar til januar 1856 då den nye sonepresten, Ole Christian Rasch, tok over ombodet. Vamberg heldt deretter fram som viseordførar til han døydde.[3]

Notar

  1. Laberg 1944, s. 81, jf. Øvregard 1996, s. 314f
  2. Øvregard m.fl. 2010, s. 216
  3. Jostedal kommune. Møtebok for formannskap og kommunestyre (1838-1875), fol. 64b, 72b, 74b, 91a og 98b(Digital utgåva, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane)

Litteratur

  • Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune. (digital utgåve, NBdigital)
  • Øvregard, Kåre. (1996). Skulen i Luster gjennom 250 år. Kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane. Gaupne: Luster kommune.
  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag.


Forgjengar:
 Christian Bastholm Heltberg 
Ordførarar i Jostedal kommune
Etterfølgjar:
 Ole Christian Rasch 


Forgjengar:
 Ole Olson Aasestølen 
Klokkarar i Jostedalen
Etterfølgjar:
 Halvor Larson Faaberg