Johannes Halvorson Vamberg

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 25. jan. 2016 kl. 10:26 av Cnyborg (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk

Johannes Halvorson Vamberg (døypt 23. november 1816, død 9. mars 1857) var lærar og ordførar i Jostedalen. Han var frå garden Vamberg og var son av Halvor Olson Vamberg og Eli Johannesdotter. Morfar til Johannes var klokkar Johannes Asbjørnson Hus.

Johannes Vamberg gifte seg 15. oktober 1846 med Gjertrud Nilsdotter (1824-1918) frå Espestølen under Espe. Han fekk skøyte på heimebruket i 1842, men tok visstnok ikkje over styringa av garden før i 1851.

Som mange andre lærarar i Indre Sogn hadde Vamberg fått si fyrste opplæring hjå klokkaren i Luster, Einar Jakobson Fet. Etter ei kort tid som lærar i Hafslo, tok han Stord seminar. I 1850 vart han lærar og klokkar i Jostedalen og den fyrste seminaristen i bygda.[1] Jostedal kommune hadde i 1850-åra planar om å kjøpa Vamberg til klokkargard, men dei vart skrinlagde då Johannes Vamberg døydde i 1857, berre 41 år gamal.[2]

Vamberg var med i Jostedal leseselskap (skipa 1835) før 1837.

Han var den tredje ordføraren med gardbrukarbakgrunn og den fyrste læraren og kyrkjesongaren som vart ordførar i Jostedalen. Han vart viseordførar i Jostedalen i 1851 og overtok ordførarombodet 13. juni 1853 då sokneprest Christian Bastholm Heltberg flytte frå bygda. Han vart sitjande som ordførar til januar 1856 då den nye soknepresten, Ole Christian Rasch, tok over ombodet. Vamberg heldt deretter fram som viseordførar til han døydde.[3]

Det siste bornet til Gjertrud og Johannes vart fødd ein månad etter at han døydde. Som enkje sat Gjertrud då att på Vamberg med fem born mellom 0 og 11 år. Dei to eldste sønene utvandra til Amerika i 1866 då dei var 20 og 17 år gamle. Tre år seinare drog Gjertrud etter med dei tre yngste borna, som då var 18, 15 og 12 år gamle. I USA vart Gjertrud attgift med gardbrukarsonen Christopher Nitter Hillestad frå Hafslo. Ingen av dei fem borna til Johannes og Gjertrud flytte attende til Noreg.

Johannes og Gjertrud fekk desse borna i lag:

  • Halvor Johannesson (Henry Vamberg) (1846-etter 1915), utvandra til Amerika i 1866
  • Nils Johannesson (1849-1867), utvandra til Amerika i 1866
  • Ole Johannesson (1851-1876), utvandra til Amerika i 1869
  • Johannes Johannesson (1854-1915), utvandra til Amerika i 1869
  • Johanna Johannesdotter (1857-1903), utvandra til Amerika i 1869

Notar

  1. Laberg 1944, s. 81, jf. Øvregard 1996, s. 314f
  2. Øvregard m.fl. 2010, s. 216
  3. Jostedal kommune. Møtebok for formannskap og kommunestyre (1838-1875), fol. 64b, 72b, 74b, 91a og 98b(Digital utgåva, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane)

Litteratur

  • Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune. (digital utgåve, NBdigital)
  • Øvregard, Kåre. (1996). Skulen i Luster gjennom 250 år. Kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane. Gaupne: Luster kommune.
  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag.


Forgjengar:
 Christian Bastholm Heltberg 
Ordførarar i Jostedal kommune
Etterfølgjar:
 Ole Christian Rasch 


Forgjengar:
 Ole Olson Aasestølen 
Klokkarar i Jostedalen
Etterfølgjar:
 Halvor Larson Faaberg