Johannes Heggland

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Johannes Heggland (1919 - 2008). Forfattar og lokalhistorikar frå Tysnes i Sunnhordland. Dei aller fleste av dei totalt nærare sytti romanane hans, anten dei vart skrivne for born eller vaksne, hentar emna sine frå historia i Sunnhordland, då ikkje minst frå hans eigen heimstad Tysnes. Gode døme på dette kan vera romanserien "Brødet frå havet" som kom i fire band 1981 - 1984 og var tenkt som eit vestlandsk motstykke til Falkberget sitt verk "Nattens brød" - og den siste serien hans, "Tusen vårar" (2001 - 2008), som tek føre seg tida i Sunnhordland frå 1000-talet då kristendommen vart innført i landet, og fram mot vår eiga tid. Eit anna døme er ungdomsboka "Det pantsette landet" (1977) som fortel om tilhøvet mellom Sunnhordland og Shetland på 1600-talet. Emne frå vestlandsk forhistorie har også vore hyppig nytta i barne- og ungdomsbøkene hans.

Heggland har også skrive ei rekkje sogespel som vert framførte årvisst ymse stader på Vestlandet (sjå lista under).

Som lokalhistorikar har Heggland i første rekkje gjort seg gjeldande med det omfattande tobandsverket "Tysnes - det gamle Njardarlog" (1964 og 1975), som framleis vert nytta som standardverk for Tysnes si historie. I tillegg har han arbeidd med materialet kring Olavsgildet på Onarheim, på Tysnes, forutan fleire banksoger som vart skrivne på oppdrag i ein periode på 1960- og 70-talet. Like før han døydde gav Tysnes Sogelag ut ei dialekt-ordbok som Heggland hadde utarbeidd gjennom eit lengre tidsrom - "Tysnesmålet, ordlista, ordnottar, ordtak og stubbar" (2007).

Heggland var ordførar i Tysnes (1956–59) og (1968-71), fagkonsulent ved Den Nationale Scene, styremedlem i Den norske Forfatterforening, formann i Den norske forfatterforening (1982-85), medlem av Nordisk Råd sin priskomite (1983-86), medlem av Den norske forfatterforenings litterære råd, medlem av Norsk språkråd og styremedlem i Riksteateret. I ein lengre periode Statens Kunstnerstipend. 15. juni 2005 vart det kunngjort frå slottet at Johannes Heggland var utnemd til Riddar 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden for sin innsats for norsk kulturliv, og då særleg hans kjennskap til og skildring av norsk bygdeliv.


Lokalhistoriske verk

Tysnes : Det gamle Njardarlog. 1. Fram til om lag 1800 (1964)
Tysnes : Det gamle Njardarlog. 2. 1800-1970 (1975)
Tysnesmålet (2007)

Tysnes sparebank : 1863-1963 (1963)
Bremnes sparebank : 1866-1966 (1966)
Fjaler sparebank : 1873-1973 (1973)

Sogespel

Kongsgildet på Ogvaldsnes 1981
Mostraspelet: Kristkongane på Moster 1984
Amerikafeber 1986
Vetespelet 1994
Giskespelet: Arnungane på Giske og Olav Haraldsson 1995
Håkonarvarde: Håkon Adelsteinfostre og Kongen med gullhjelmen 1997
Spel om Magnus Erlingsson 1999
Zetlitzspelet 2000
Kongen frå Etne 2000
Syng Elvestraum, 2006