Johannes Lavik

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 12. des. 2017 kl. 14:07 av Cnyborg (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Johannes Lavik (fødd 1856 i Hosanger, død 1929 i Bergen) var lærar, bladmann og målmann. Foreldra var gardbrukar Johannes Lavik og Kari Andersdotter Kyte. Han var gift med Olivia Heitmann (f. 1851, d. 1921) frå Molde.

Han tok artium i 1877 og vart lærar på Augsburg seminar, Minneapolis, USA. Han studerte gresk og historie på University of Minnesota og reiste i 1882 attende til Noreg. I 1886 vart han cand.mag. Saman med Paul Bergh dreiv han 1888–90 ein høgre skule på Voss.

Han arbeidde ein del år i Firda og Bergens Tidende, men i 1904 skipa han Gula Tidend, som han dreiv til 1919 da han slutta av politiske grunnar. I åra 1921–25 redigerte han Bondebladet, organ for Bondepartiet på Vestlandet.

Johannes Lavik var ein ihuga og markant talsmann for målreisinga og gjorde framlegg om å skipa Noregs mållag (1906).

Kjelder og litteratur

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!