Johannes Sandsmark

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Johannes Sandsmark på farten med evangeliet. Bilete frå 1950-åra. Lokalhistorisk arkiv i Tysnes.

Johannes Severin Edvardson Sandsmark (1893-1973) vart fødd på Valestrand i Sunnhordland. I fleire tiår både før og etter krigen farta Sandsmark frå den eine delen av Hordaland til den andre - og i Sogn og Fjordane med - utrøytteleg på farten for å bringa ut Guds ord til folket. Han vart etter kvart ein kjend og kjær predikant kor han enn kom.

Og det var ikkje få stader han vitja, sjølv om reisemåten ofte kunne vera heller primitiv etter våre omgrep. Johannes Sandsmark var ein mann som hadde lært seg kunsten å gå. I ei tid mest utan kommunikasjonar var det ikkje anna å gjera enn å ta beina fatt om ein ville ein stad - utanom sjøvegen, då - og det er då også slik han har vore avbilda for ettertida. I Lokalhistorisk arkiv i Tysnes finn me eit bilete av han der han langar friskt ut bortetter vegen, med lange og kjappe steg, iført solide sko og oppbretta buksebein, med sekk på ryggen og den karakteristiske svarte alpelua på hovudet.

I 1923 vart han gift med Johanna S. Eldholm frå Tysnes. Ho var seks år yngre enn han. Dei to-tre fyrste åra dreiv det nybakte ekteparet ein liten gard på Vika i Valestrand, der han vaks opp. Johannes hadde då vore nokre år i Amerika som ung, men kom heim til Vika og tok over garden då faren døydde. Så flytta dei til Førde (Sunnhordland) og budde her i mange år. Her kom alle dei ti borna til verda, så nær som dei to siste. Dei vart fødde på det vesle bruket på Skartveit, der heile huslyden hadde flytta midt under krigen, i 1941. På Skartveit dreiv Johanna og Johannes gardsbruk i atten år.

Forutan gardsdrifta reiste Johannes Sandsmark i alle år som emissær. Han byrja i 1920 som forkynnar for Norsk Misjonssamband. Bortsett frå to år i Israelsmisjonen var han heile tida i Norsk Misjonssamband - i heile 48 år. Det var såleis om vintrane at han var vekke - sommars tid måtte han vera heime på garden. I desse periodane, då han var ute og reiste, var Johanna åleine om både gardsdrifta og ein stor barneflokk.

Ein skulle ikkje tru at forkynnargjerninga skulle koma til å vara i heile 48 år når ein les om kor tungt det var for han i byrjinga. Han fekk eit uventa tilbod med spørsmål om å reisa for Det Norske Misjonsselskap - han som aldri før hadde halde ei tale eller styrt eit møte! ”Det vart ei fæl tid for meg dei dagane som kom,” fortel han. ”Inga røynsle i å arbeida ut frå ein tekst eller å styra eit møte. Det einaste eg hadde var sjølvkritikk, og den hadde eg so mykje av at det ville taka knekken på meg. Eg bad, eg las, eg skreiv og reiv sundt, og skreiv på nytt. Det vart ein strid so eg vart sjuk og kom til sengs. Møter skulle eg halda ute på gardane om dagen og på skulehuset om kvelden. Folk kom det, og dei kom på klokkeslettet, so då eg kom var husa fulle. Eg måtte spørja meg sjølv: Kva er det som får folk til å gå?” skreiv han i sine livsminne (sjå Kjelder). Men kom, det gjorde dei - i år etter år. Johannes Sandsmark vart etter kvart både ein røynd og kjær talar.

I 1959 vart det eit omskifte i det strevsamme tilværet. Då kjøpte ekteparet eit hus på Uggdalseidet i Tysnes. Her dreiv Johannes med reparasjon og sal av gamle klokker, forutan at han heldt fram med reisinga og forkynnarverksemda si. Johannes Sandsmark var ein trollmann med gamle urverk, såleis vart då òg to av sønene hans urmakarar. I det heile teke var han ein mann med vide interesser og store kunnskapar, mellom anna i historie.

Johannes Sandsmark døydde i 1973, åtti år gammal. Bak seg hadde han eit langt og travelt liv, stappande fullt på minne om hendingar og menneske han hadde møtt. I 1968 gav han ut eit hefte til privat bruk, “Minner”, der han skriv i forordet: “No har eg nått 75 år, og den lengste tida har eg vore ute på reis!” Meir dekkjande kan det ikkje seiast.

Kjelder

  • Johannes Sandsmark: Minner. Kopi av maskinskrive hefte. 1968. Lokalhistorisk arkiv i Tysnes.
  • Knut Rage: Som ein emissær opplevde det. Or Johannes Sandsmark sine livsminne. Sunnhordland Årbok 2004.
  • Ernst Berge Drange: Tysnes gards- og ættesoge, band 4. Utg. Tysnes sogelag, 1991.