Johannes Skar: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
m (familie)
(Kat)
(3 mellomliggende versjoner av 3 brukere er ikke vist)
Linje 1: Linje 1:
<onlyinclude>{{thumb høyre|Johannes Skar 1864.png|Johannes Skar 1864. Frå Maal og Minne 1914. Ukjend fotograf.}}'''[[Johannes Skar]]''' (fødd i [[Øyer]] 18. november [[1837]], død i [[Bygland]] 3. februar [[1914]]) var folkeminnesamlar og lærar knytta til den grundtvigianske [[friskolar|friskule]]- og folkehøgskulerørsla. Han er mest kjend for det store folkeminneverket ''Gamalt or Sætesdal''. Han var svoger og nær ven av [[Christopher Bruun]]. Han starta den fyrste friskulen i landet.</onlyinclude>
<onlyinclude>{{thumb|Johannes Skar 1864.png|Johannes Skar 1864.|Frå Maal og Minne 1914.|Ukjend.}}
</onlyinclude>{{thumb|Bygland, Grendi - Johannes Skar-bysta IMG 1177.JPG|Bysta på Årdal kyrkje sin kyrkjegard vart laga av Dyre Vaa i 1924.|Siri Johannessen|2017}}
<onlyinclude>'''[[Johannes Skar]]''' (fødd i [[Øyer]] 18. november [[1837]], død i [[Bygland]] 3. februar [[1914]]) var folkeminnesamlar og lærar knytta til den grundtvigianske [[friskolar|friskule]]- og folkehøgskulerørsla. Han er mest kjend for det store folkeminneverket ''Gamalt or Sætesdal''. Han var svoger og nær ven av [[Christopher Bruun]]. Han starta den fyrste friskulen i landet.</onlyinclude>


Skar var fødd og oppvaksen på garden Skard i Øyer i [[Gudbrandsdalen]]. Foreldra var gardbrukarparet Ole Torsteinson Skard (1804-1886) og Mari Johannesdotter Lånke (1814-1894). Johannes hadde åtte sysken. Særleg kjend er broren, skulemannen [[Matias Skard]] (1846-1927), som var far til mellom andre filolog, professor [[Eiliv Skard]] (1898-1978) og litteraturhistorikar, professor [[Sigmund Skard]] (1903-1995). Systera Kari var gift med Christopher Bruun. Gards- og familienamnet Skard vart skrive med og utan ''d'' av ulike medlemmer av familien. Matias skreiv ''Skard'', Johannes sløyfa d'en. Johannes Skar var ugift.
Skar var fødd og oppvaksen på garden Skard i Øyer i [[Gudbrandsdalen]]. Foreldra var gardbrukarparet Ole Torsteinson Skard (1804-1886) og Mari Johannesdotter Lånke (1814-1894). Johannes hadde åtte sysken. Særleg kjend er broren, skulemannen [[Matias Skard]] (1846-1927), som var far til mellom andre filolog, professor [[Eiliv Skard]] (1898-1978) og litteraturhistorikar, professor [[Sigmund Skard]] (1903-1995). Systera Kari var gift med Christopher Bruun. Gards- og familienamnet Skard vart skrive med og utan ''d'' av ulike medlemmer av familien. Matias skreiv ''Skard'', Johannes sløyfa d'en. Johannes Skar var ugift.
Linje 15: Linje 17:
Da han i 1897 fekk statsstipend, flytta Skar til Setesdalen på nytt. Han budde der nokså samanhengande resten av livet. Dei siste åra hadde han heimen sin på Neset i [[Årdal sokn (Bygland)|Årdal sokn]] i Bygland.  
Da han i 1897 fekk statsstipend, flytta Skar til Setesdalen på nytt. Han budde der nokså samanhengande resten av livet. Dei siste åra hadde han heimen sin på Neset i [[Årdal sokn (Bygland)|Årdal sokn]] i Bygland.  


Fyrste bandet av ''Gamalt or Sætesdal'' vart trykkeklart i 1901, men kom ut fyrst i 1903 på eige forlag i [[Kristiania]]. Resten av verket på i alt åtte band vart utgjeve på [[Olaf Norli|Olaf Norlis]] forlag. Siste bandet kom posthumt i 1916. Også band sju kom etter at Skar sjølv var død. Det var [[Knut Liestøl]] som stod for utgjevinga av dei posthume banda.
Fyrste bandet av ''Gamalt or Sætesdal'' vart trykkeklart i 1901, men kom ut fyrst i 1903 på eige forlag i [[Kristiania]]. Resten av verket på i alt åtte band vart utgjeve på [[Olaf Norli|Olaf Norlis]] forlag. Siste bandet kom posthumt i 1916. Også band sju kom etter at Skar sjølv var død. Det var [[Knut Liestøl (1881-1952)|Knut Liestøl]] som stod for utgjevinga av dei posthume banda.




Linje 24: Linje 26:
*[http://www.snl.no/.nbl_biografi/Johannes_Skar Kvideland, Reimund: Artikkel om Skar i ''Norsk biografisk leksikon'']
*[http://www.snl.no/.nbl_biografi/Johannes_Skar Kvideland, Reimund: Artikkel om Skar i ''Norsk biografisk leksikon'']
*Styve, Gunnar B.: «Matias Skard» i ''[[I gamle fotefar]]'', Øyer og Tretten historielag 2004.
*Styve, Gunnar B.: «Matias Skard» i ''[[I gamle fotefar]]'', Øyer og Tretten historielag 2004.
* {{hbr1-1|pf01037216006074|Johannes Skar}}.


{{DEFAULTSORT:Skar, Johannes}}
{{DEFAULTSORT:Skar, Johannes}}
Linje 32: Linje 35:
[[Kategori:Fødsler i 1837]]
[[Kategori:Fødsler i 1837]]
[[Kategori:Dødsfall i 1914]]
[[Kategori:Dødsfall i 1914]]
[[Kategori:Folkehøgskole]]
{{nn}}
{{nn}}

Sideversjonen fra 10. aug. 2018 kl. 09:00

Johannes Skar 1864.
Foto: Frå Maal og Minne 1914. (Ukjend.).
Bysta på Årdal kyrkje sin kyrkjegard vart laga av Dyre Vaa i 1924.
Foto: Siri Johannessen (2017).

Johannes Skar (fødd i Øyer 18. november 1837, død i Bygland 3. februar 1914) var folkeminnesamlar og lærar knytta til den grundtvigianske friskule- og folkehøgskulerørsla. Han er mest kjend for det store folkeminneverket Gamalt or Sætesdal. Han var svoger og nær ven av Christopher Bruun. Han starta den fyrste friskulen i landet.

Skar var fødd og oppvaksen på garden Skard i Øyer i Gudbrandsdalen. Foreldra var gardbrukarparet Ole Torsteinson Skard (1804-1886) og Mari Johannesdotter Lånke (1814-1894). Johannes hadde åtte sysken. Særleg kjend er broren, skulemannen Matias Skard (1846-1927), som var far til mellom andre filolog, professor Eiliv Skard (1898-1978) og litteraturhistorikar, professor Sigmund Skard (1903-1995). Systera Kari var gift med Christopher Bruun. Gards- og familienamnet Skard vart skrive med og utan d av ulike medlemmer av familien. Matias skreiv Skard, Johannes sløyfa d'en. Johannes Skar var ugift.

Etter allmugeskulen gjekk Skar latinskulen på Lillehammer, der han lærde å kjenne Christopher Bruun, som var medelev der. Skar tok eksamen artium i 1859. Han byrja studiar ved universitetet i Christiania. Der tok han andreeksamen i 1860, og hadde opphavleg tenkt å bli prest. I staden fatta han sterk interesse for historie og gammalnorsk og gjekk over til filologistudiar. Ei stund var han huslærar i Risør, der han fekk eit nervesamanbrot og måtte slutte. Helse- og pengeproblem fekk han også til å gje opp vidare universitetsstudiar, og han tok i staden til som lærar. Han var mest huslærar, fyrst for sine eigne yngre sysken på Skard. I samråd med Christopher Bruun praktiserte han grundtviginspirerte metodar i dette arbeidet, mellom anna ved å fortelje i staden for å gje lekser, og ved å nytte eiga dialekt i undervisninga. Som huslærar i 1860-åra verka han elles i Ullensaker, i Haus i Nordhordland og i Østerdalen.

I 1870 var han med Christopher Bruun til folkehøgskulen i Sel. Her møtte han Sigurd Blekastad og andre friskuleinteresserte elevar. Sommaren 1871 var han i lag med Bruun, Kristoffer Janson og Olav Åsmundstad på studiereise til den danske folkehøgskulen Askov.

På hausten det same året 1871 starta Skar den fyrste friskulen i landet i Gausdal. Christopher Bruun og bonde Per Bø var støttespelarar. Skar heldt på med dette til 1873. Det året drog han på initiativ frå Vonheim-folket til Setesdal med det føremålet å finne mest mogleg fullstendige variantar av Draumkvedet. Akkurat den oppgåva lykkast ikkje. Men året etter drog han attende til Setesdal for å samle inn folkeminne. Han tok opphald på Frøysnes i Bygland.

I ei årrekkje var Skar også her huslærar, mellom anna for den seinare diktaren Hans E. Kinck og syskena. Skar hadde også lært seg blekksmedfaget. Dette fann han nødvendig for å livberge seg medan han dreiv med primæroppgåva, minneinnsamlinga. Men samstundes var kombinasjonen av handverk og intellektuelt arbeid heilt i samsvar med ideala som folkehøgskuleideologien, og ikkje minst den leiande ideologen Christopher Bruun, framheva som sterkt ønskelege. I 1881 fekk Skar økonomisk stønad frå velhavande personar i Kristiansand. Det var Jørgen Moe og Jørgen Løvland som hadde fått ordna med dette. I 1882 fekk Skar universitetsstipend for å vidareføre arbeidet, dette visstnok på tilråding frå Peter Christen Asbjørnsen.

Skar forlet førebels Setesdalen i 1883, og levde så av blad- og skulearbeid fram til 1896. Han budde den tida mykje i Gausdal, og var nær knytta til Vonheim-krinsen. Det ligg føre litt motstridande opplysningar om den konkrete verksemda hans knytta til folkehøgskulen. Kvideland skriv at han underviste der i tidsrommet 1883-1892, medan Olav Bø i den fyrste utgåva av Norsk biografisk leksikon fortel at Skar, trass den nære tilknytinga han hadde til Bruun og andre i krinsen, aldri sjølv kom til å verke som lærar ved Vonheim.

Da han i 1897 fekk statsstipend, flytta Skar til Setesdalen på nytt. Han budde der nokså samanhengande resten av livet. Dei siste åra hadde han heimen sin på Neset i Årdal sokn i Bygland.

Fyrste bandet av Gamalt or Sætesdal vart trykkeklart i 1901, men kom ut fyrst i 1903 på eige forlag i Kristiania. Resten av verket på i alt åtte band vart utgjeve på Olaf Norlis forlag. Siste bandet kom posthumt i 1916. Også band sju kom etter at Skar sjølv var død. Det var Knut Liestøl som stod for utgjevinga av dei posthume banda.


Kjelder og litteratur