John Andersson Haugen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
The printable version is no longer supported and may have rendering errors. Please update your browser bookmarks and please use the default browser print function instead.

John Andersson Haugen (fødd 27. mars 1819, død 22. juli 1889) var frå garden Haugen i Krundalen i Jostedalen. Han var son til Anders Andersson Haugen frå Haugen og Mari Johnsdotter (1790-1844) frå Nedrelid.

John gifte seg i 1845 med Anna Marie Larsdotter (1819-1901) frå Kreken. Dei var fyrst innerstfolk på Baggetun under Haugen før John 4. juni 1855 fekk skøyte på Flatejordsøyane (Haugen, bnr. 2) som var utskild frå Haugen i 1853. Tunet låg den gongen saman med tunet til hovudbruket på Haugen. John vart buande her levetida ut medan Anna Marie utvandra til Amerika i 1893 og budde dei siste leveåra hjå sønene sine der.

Som far sin var John Haugen sentral i bygdestyringa i Jostedalen i ei årrekkje, mellom anna som formannskapsmedlem.

John og Anna Marie fekk i alt fem born, og fire av dei voks opp.

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 759 og 776. (Digital utgåve, NBdigital)

Eksterne lenkjer