John Hemsing

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

John Hemsing (fødd 14. mars 1922 i Vang i Valdres, død 12. september 1993) var lærar og forfattar.

Innunder Hemsingberget, på gamle Hemsinggarden, voks John Hemsing opp som yngstemann i ein stor syskenflokk. Han hadde mange til å ta hand om seg, og i fleire sumrar fekk han være med mor si på stølane rundt omkring. Desse fjellsumrane og livet på den gamle garden danna inspirasjonskjelde for alt han kom til å etterlata seg i prosa og poesi.

Som ungdom gjekk han ein vinter på snikkarskule, men så fekk han det for seg at han ville ha seg meir skulegång og tok sykkelen fatt mot Valdres Folkehøgskule. Der opna det seg ei ny verd for han. Lærarane såg snart at det sat eit godt hovud på guten og oppmuntra han til å gå meir på skule. Da bar det til Elverum lærarskule, der han gjekk i fire år, frå 1948 til 1952.

Det vart mange gode år som lærar ved Disserud skole i Feiring, fra 1952 til 1964. I 1965 flytte han med familien til Gausdal der han var rektor på Forset skule fram til 1986.

John hadde mange interesser ved sida av skrivinga; som musikk, sløyd og teikning, i tillegg til langeleikspel, som han lærde av mor si. På den tida var langeleikspelet i ferd med å døy ut i Valdres, og dermed i heile landet, så me kan trygt seia at John vart av dei som kan ta æra for at langeleikspelet overlevde og har fått si renessanse.

Både i Feiring og Gausdal underheldt han med langeleikspel rundt omkring, han spelte i radioen og var med på landskappleik. Han laga og musikkstykke for langeleiken, og særleg er bådnsullen Ta me upp då, mama.

Alt frå gutedagane pusla han med litt skriving, og det han fyrst og fremst vil bli hugsa for, er dei vakre dikta og prosastykka han skreiv. Han hadde ingen stor produksjon, men det han skreiv, var fullkommen både i form og innhald. Nokre av dikta hans sto på trykk i Meinigheitsbladet i Vang og Valdres (avis). Men mange var ukjende og uprenta, og då han vart pensjonist, sette han seg fore å samle mellom to permar det han hadde hatt liggjande i årevis. Dette arbeidet var nesten fullført då han døydde brått og uventa hausten 1993. Boka hadde han gjeve tittelen Heimatt og den kom ut i 1993.



Bibliografi

  • Sølvet i Haukebergholet. Barnebok. Noregs forlag, 1971.
  • Heimatt. Valdres forlag, 1993.


Kilder og litteratur


Se også