John Pederson N. Lie (1846–1916)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 30. nov. 2020 kl. 14:02 av JhsBot (samtale | bidrag) (bot: Retter artikkelnavn i oppslagsord)
Hopp til navigering Hopp til søk
Jon og Torbjørg Lie med born.
Foto: Ukjend / Fyresdal sogelag, Sjå deg attyvi, 1996.

John Pederson N. Lie, eller berre Jon Lie, vart fødd i Fyresdal i 1846, død same staden i 1916. Han var forfattar, lærar og bonde.

Jon Lie var gift med Torbjørg Lie. Sonen deira var forfattaren og forstmannen Haakon Lie (1884–1970), og han vart svigerfar til forfattar og lærar Johannes Skarprud. Jon Lie skreiv både på norsk og dansk. Fleire av bøkene han skreiv vart publisert som framhaldsforteljinger i norskamerikanske blad, og var slik med på å styrke språkkjensla for det norske språket blandt utvandrarane. Han skreiv både dikt og forteljinger. Han gav også ut ei rekkje folkelivsskildringar på dansk i stilen til Bjørnstjerne Bjørnson, mellom anna «Staale Storlid» og «En Gaardmandssøn fra Telemarken». Jon Lie var medarbeider i bladet Fedraheimen, starta av Arne Garborg i 1877.

Minnesmerke over John og Torbjørg Lie ved Veum kyrkje i Fyresdal. Steinen vart reist i 1926.
Foto: Olav Momrak-Haugan (2011)

Bibliografi

  • 1874 – diktsamlingen «Hugaljo» (sammen med Hallvor Lie)
  • 1878 – «Knut Trondson, fortælling fra Telemarken» (dansk)
  • 1879 – «Aarolilja» (diktsamling)
  • 1880 – «Staale Storli : En fortælling fra Telemarken» (dansk)
  • 1889 – «Grindal-Saga : Fortælling» (Norge) eller «Grindal-Saga : en Fortælling fra Thelemarken» (USA)
  • 1890 – «Magnhild og Olav : fortælling»
  • 1891 – «Fra Fjeldbygden : fortællinger»
  • 1892 – «Signe og Hermod : Fortælling fra Telemarken»
  • 1893 – «Paradiset paa Jorden eller det sande Hjem, dets Grundvold og Velsingelser»
  • 1894 – «Olav Bøen : Fortælling» ("Varden"s føljeton)
  • 1895 – «Staale Storlid, en Gaardmandssøn fra Telemarken» (dansk)
  • 1896 – «Hølge Latfant og andre Fortællinger» (særtrykk Fra Fjeldbygden)
  • 1896 – «Fille-Værn : Fortællinger fra Telemarken» (særtrykk Fra Fjeldbygden)
  • 1896 – «Et Lig paa Ryggen : Fortælling» (særtrykk Fra Fjeldbygden)
  • 1896 – «En Omvendelse : Fortællinger fra Telemarken» (særtrykk Fra Fjeldbygden)
  • 1896 – «Trofast Kjærlighed : Fortællinger fra Telemarken» (særtrykk Fra Fjeldbygden)
  • 1897 – «Paa Fjell og Fynne : forteljingar og Dyre-Sogur fraa Telemarken»
  • 1898 – «Helsing til Amerika : song-leik»
  • 1902 – «Junker og Bonde : Fortælling fra Syvaarskrigens Tid»
  • 1903 – «Bôtil : fortælling fra Telemarken»
  • 1909 – «Bondekvelder»
  • 1911 – «Egil Bakken : fortælling om en gut»
  • 1912 – «Hermod og Signe : fortælling fra Telemarken»
Nynorske oversetjingar
  • 1914 – «Bondekveldar»
  • 1946 – «Ståle Storli» oversettelse ved sønnen Haakon Lie
Diktsamling nytta på CD

I 1874 gav John Lie ut diktsamlinga «Hugaljo» saman med broren, Hallvor Lie. I 2004 blei dikt frå denne samlinga nytta på CD-en «Det hjartet ser» av og med Veslemøy Solberg, Jon Solberg og Sven Ohrvik.

Eksterne lenker