Johnny Myrseth: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: Johnny Myrseth var ein møbelleiar og lokalpolitikar frå Sykkylven. Han var fødd 22. november 1925 og døydde 12. mars 2012. For mange er namnet hans særleg knytta til møbelbedrifta For...)
 
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
Johnny Myrseth var ein møbelleiar og lokalpolitikar frå Sykkylven. Han var fødd 22. november 1925 og døydde 12. mars 2012. For mange er namnet hans særleg knytta til møbelbedrifta Formfin som han var med å etablere i 1946. Men i løpet av sitt aktive liv engasjerte Johnny seg på mange felt og spelte på ei rekkje talent.  
Johnny Myrseth var ein møbelleiar og lokalpolitikar frå Sykkylven. Han var fødd 22. november [[1925]] og døydde 12. mars 2012. For mange er namnet hans særleg knytta til møbelbedrifta [[Formfin]] som han var med å etablere i [[1946]]. Men i løpet av sitt aktive liv engasjerte Myrseth seg på mange felt og spelte på ei rekkje talent.  


Ei viktig drivkraft for Johnny Myrseth var kjærleiken til lokalsamfunnet. Saman med gode medarbeidarar la han gjennom mange år ned ein stor innsats for å byggje opp ei livskraftig industribedrift i Hundeidvik-grenda. Han var med i alle delane i drifta, men på grunn av sin utoverretta og vinnande veremåte var det naturleg at han fekk hovudsansvaret for det viktige salsarbeidet. Saman med agentane bygde han opp eit vidt forgreina salsnett som skapte omsetning og stødig vekst for bedrifta i åra som kom.  
Ei viktig drivkraft for Johnny Myrseth var kjærleiken til lokalsamfunnet. Saman med gode medarbeidarar la han gjennom mange år ned ein stor innsats for å byggje opp ei livskraftig industribedrift i [[Hundeidvik]]-grenda. Han var med i alle delane i drifta, men på grunn av sin utoverretta og vinnande veremåte var det naturleg at han fekk hovudsansvaret for det viktige salsarbeidet. Saman med agentane bygde han opp eit vidt forgreina salsnett som skapte omsetning og stødig vekst for bedrifta i åra som kom.  


Johnny Myrseth hadde eit heiskapeleg syn på samfunnsutviklinga og såg at eit levande lokalsamfunn var meir enn arbeidsplassar. Han var sentral i aktivitetane til Hundeidvik Idrettslag som vart skipa i 1944. Det vert fortalt at eigarane av Formfin vurderte fotballferdigheitene til arbeidssøkjarane. Kunne dei styrke det lokale fotballaget, var det eit pluss. Bygginga av grendahuset som idrettslaget stod i bresjen for i 1970-åra krevde brei dugnadsmobilisering og kreativ finansieringsinnsats. Grunnkapitalen vart skaffa gjennom sal av puffar som Johnny Myrseth fann kjøparar til.
Johnny Myrseth hadde eit heiskapeleg syn på samfunnsutviklinga og såg at eit levande lokalsamfunn var meir enn arbeidsplassar. Han var sentral i aktivitetane til [[Hundeidvik Idrettslag]] som vart skipa i [[1944]]. Det vert fortalt at eigarane av Formfin vurderte fotballferdigheitene til arbeidssøkjarane. Kunne dei styrke det lokale fotballaget, var det eit pluss. Bygginga av grendahuset som idrettslaget stod i bresjen for i 1970-åra krevde brei dugnadsmobilisering og kreativ finansieringsinnsats. Grunnkapitalen vart skaffa gjennom sal av puffar som Johnny Myrseth fann kjøparar til.


Han stod også sentralt i det lokale kristenlivet og i mange år var han leiar i Hundeidvik Indremisjonsforening. Då han mottok Kongens fortenestemedalje i sølv i 2004, vart hans langvarige innsats som søndagsskulelærar særleg trekt fram. Frå 1946 og femti år framover var han søndagsskulelærar. Han var også styremedlem i Sykkylven søndagsskulelag i fleire år og leiar i Sunnmøre søndagsskulekrins i to bolkar; frå 1980-1987 og frå 1993-1995.
Han stod også sentralt i det lokale kristenlivet og i mange år var han leiar i [[Hundeidvik Indremisjonsforening]]. Då han mottok [[Kongens fortenestemedalje i sølv]] i [[2004]], vart hans langvarige innsats som søndagsskulelærar særleg trekt fram. Frå 1946 og femti år framover var han søndagsskulelærar. Han var også styremedlem i [[Sykkylven søndagsskulelag]] i fleire år og leiar i [[Sunnmøre søndagsskulekrins]] i to bolkar; frå 1980-1987 og frå 1993-1995.


I yrkeslivet heldt han fast ved møbelindustrien. I Formfin hadde han oppgåva som salssjef. Han var også sterkt involvert i bedrifta si produktutvikling. Johnny Myrseth engasjerte seg elles i organisasjonane i møbelbransjen, og eit av dei viktige tiltaka han var med å hjelpe fram var Sykkylven Interesseforening, SIFO. Dette var eit innkjøpslag for lokale møbelindustribedrifter, men foreininga spelte også ei pionerrolle når det gjaldt utviklinga av datasystem for ordrefakturering og produksjonsplanlegging i møbelindustrien. Johnny var første formannen i organisasjonen. Denne posisjonen hadde han i ti år. Han var også med å utvikle Norsk Møbelkontroll som fekk stor betydning for kvalitetssikringa av den norske møbelproduksjonen og oppbygginga av det gode omdømet til norske møblar.
I yrkeslivet heldt han fast ved møbelindustrien. I Formfin hadde han oppgåva som salssjef. Han var også sterkt involvert i bedrifta si produktutvikling. Johnny Myrseth engasjerte seg elles i organisasjonane i møbelbransjen, og eit av dei viktige tiltaka han var med å hjelpe fram var [[Sykkylven Interesseforening]], SIFO. Dette var eit innkjøpslag for lokale møbelindustribedrifter, men foreininga spelte også ei pionerrolle når det gjaldt utviklinga av datasystem for ordrefakturering og produksjonsplanlegging i møbelindustrien. Johnny var første formannen i organisasjonen. Denne posisjonen hadde han i ti år. Han var også med å utvikle [[Norsk Møbelkontroll]] som fekk stor betydning for kvalitetssikringa av den norske møbelproduksjonen og oppbygginga av det gode omdømet til norske møblar.


Han kom tidleg inn i kommunalt styre og stell. Han sat i 32 år i Sykkylven kommunestyre. Han vart første gongen valt inn i 1960, på ei krinsliste for Hundeidvik. Seinare representerte han Kristeleg Folkeparti. Han vart siste gongen valt inn i kommunestyret i 1995, då vart han også varaordførar i Sykkylven. I fire år var han med i fylkestinget i Møre og Romsdal. I 1992 mottok han Kommunenes Sentralforbund sitt heidersteikn for den langvarige politiske innsatsen sin.
Han kom tidleg inn i kommunalt styre og stell. Han sat i 32 år i Sykkylven kommunestyre. Han vart første gongen valt inn i 1960, på ei krinsliste for Hundeidvik. Seinare representerte han [[Kristeleg Folkeparti]]. Han vart siste gongen valt inn i kommunestyret i 1995, då vart han også varaordførar i Sykkylven. I fire år var han med i fylkestinget i Møre og Romsdal. I 1992 mottok han [[Kommunenes Sentralforbund]] sitt heidersteikn for den langvarige politiske innsatsen sin.
    
    
Johnny Myrseth hadde ein slagferdig replikk og eit godt humør, noko som ofte kunne vere med å lette ei trykka stemning i kommunestyre og formannskap, for eksempel i budsjettdebattar. Ein gong diskusjonen gjaldt løyvingar til badeanlegg, minte Johnny om at også badestampane gjorde nytta i si tid. Journalistane lika slike spissformuleringar og Johnny var ikkje meir sjølvhøgtideleg enn at han let seg avbilde i avisa med skurekosten i badestampen. At mange sette pris på humoren og forteljargleda hans vart prova då han midt i 1990-åra vart kåra til den beste skrønemakaren under ei forteljartevling i Velledalen.  
Johnny Myrseth hadde ein slagferdig replikk og eit godt humør, noko som ofte kunne vere med å lette ei trykka stemning i kommunestyre og formannskap, for eksempel i budsjettdebattar. Ein gong diskusjonen gjaldt løyvingar til badeanlegg, minte Johnny om at også badestampane gjorde nytta i si tid. Journalistane lika slike spissformuleringar og Johnny var ikkje meir sjølvhøgtideleg enn at han let seg avbilde i avisa med skurekosten i badestampen. At mange sette pris på humoren og forteljargleda hans vart prova då han midt i 1990-åra vart kåra til den beste skrønemakaren under ei forteljartevling i [[Velledalen]].  


Det var sterke band som knytte Johnny Myrseth til Hundeidvik. I fleire år etter at han fekk seg husvere på Aure reiste han dagleg tilbake til heimkrinsen der han hadde småbruket sitt med sauer i fjøsen. Det var tungt for han då kona, Oddlaug, døydde i 1982. Men saman med dei fem borna, barnebarna, og etter kvart oldeborna, fekk han styrke til å ta fatt på nytt. Dei siste åra hadde han eit rikt samliv med Svanhild Brunstad, som han gifte seg med etter nokre år som enkjemann.
Det var sterke band som knytte Johnny Myrseth til Hundeidvik. I fleire år etter at han fekk seg husvere på Aure reiste han dagleg tilbake til heimkrinsen der han hadde småbruket sitt med sauer i fjøsen. Det var tungt for han då kona, Oddlaug, døydde i 1982. Men saman med dei fem borna, barnebarna, og etter kvart oldeborna, fekk han styrke til å ta fatt på nytt. Dei siste åra hadde han eit rikt samliv med [[Svanhild Brunstad]], som han gifte seg med etter nokre år som enkjemann.





Sideversjonen fra 18. mar. 2012 kl. 17:42

Johnny Myrseth var ein møbelleiar og lokalpolitikar frå Sykkylven. Han var fødd 22. november 1925 og døydde 12. mars 2012. For mange er namnet hans særleg knytta til møbelbedrifta Formfin som han var med å etablere i 1946. Men i løpet av sitt aktive liv engasjerte Myrseth seg på mange felt og spelte på ei rekkje talent.

Ei viktig drivkraft for Johnny Myrseth var kjærleiken til lokalsamfunnet. Saman med gode medarbeidarar la han gjennom mange år ned ein stor innsats for å byggje opp ei livskraftig industribedrift i Hundeidvik-grenda. Han var med i alle delane i drifta, men på grunn av sin utoverretta og vinnande veremåte var det naturleg at han fekk hovudsansvaret for det viktige salsarbeidet. Saman med agentane bygde han opp eit vidt forgreina salsnett som skapte omsetning og stødig vekst for bedrifta i åra som kom.

Johnny Myrseth hadde eit heiskapeleg syn på samfunnsutviklinga og såg at eit levande lokalsamfunn var meir enn arbeidsplassar. Han var sentral i aktivitetane til Hundeidvik Idrettslag som vart skipa i 1944. Det vert fortalt at eigarane av Formfin vurderte fotballferdigheitene til arbeidssøkjarane. Kunne dei styrke det lokale fotballaget, var det eit pluss. Bygginga av grendahuset som idrettslaget stod i bresjen for i 1970-åra krevde brei dugnadsmobilisering og kreativ finansieringsinnsats. Grunnkapitalen vart skaffa gjennom sal av puffar som Johnny Myrseth fann kjøparar til.

Han stod også sentralt i det lokale kristenlivet og i mange år var han leiar i Hundeidvik Indremisjonsforening. Då han mottok Kongens fortenestemedalje i sølv i 2004, vart hans langvarige innsats som søndagsskulelærar særleg trekt fram. Frå 1946 og femti år framover var han søndagsskulelærar. Han var også styremedlem i Sykkylven søndagsskulelag i fleire år og leiar i Sunnmøre søndagsskulekrins i to bolkar; frå 1980-1987 og frå 1993-1995.

I yrkeslivet heldt han fast ved møbelindustrien. I Formfin hadde han oppgåva som salssjef. Han var også sterkt involvert i bedrifta si produktutvikling. Johnny Myrseth engasjerte seg elles i organisasjonane i møbelbransjen, og eit av dei viktige tiltaka han var med å hjelpe fram var Sykkylven Interesseforening, SIFO. Dette var eit innkjøpslag for lokale møbelindustribedrifter, men foreininga spelte også ei pionerrolle når det gjaldt utviklinga av datasystem for ordrefakturering og produksjonsplanlegging i møbelindustrien. Johnny var første formannen i organisasjonen. Denne posisjonen hadde han i ti år. Han var også med å utvikle Norsk Møbelkontroll som fekk stor betydning for kvalitetssikringa av den norske møbelproduksjonen og oppbygginga av det gode omdømet til norske møblar.

Han kom tidleg inn i kommunalt styre og stell. Han sat i 32 år i Sykkylven kommunestyre. Han vart første gongen valt inn i 1960, på ei krinsliste for Hundeidvik. Seinare representerte han Kristeleg Folkeparti. Han vart siste gongen valt inn i kommunestyret i 1995, då vart han også varaordførar i Sykkylven. I fire år var han med i fylkestinget i Møre og Romsdal. I 1992 mottok han Kommunenes Sentralforbund sitt heidersteikn for den langvarige politiske innsatsen sin.

Johnny Myrseth hadde ein slagferdig replikk og eit godt humør, noko som ofte kunne vere med å lette ei trykka stemning i kommunestyre og formannskap, for eksempel i budsjettdebattar. Ein gong diskusjonen gjaldt løyvingar til badeanlegg, minte Johnny om at også badestampane gjorde nytta i si tid. Journalistane lika slike spissformuleringar og Johnny var ikkje meir sjølvhøgtideleg enn at han let seg avbilde i avisa med skurekosten i badestampen. At mange sette pris på humoren og forteljargleda hans vart prova då han midt i 1990-åra vart kåra til den beste skrønemakaren under ei forteljartevling i Velledalen.

Det var sterke band som knytte Johnny Myrseth til Hundeidvik. I fleire år etter at han fekk seg husvere på Aure reiste han dagleg tilbake til heimkrinsen der han hadde småbruket sitt med sauer i fjøsen. Det var tungt for han då kona, Oddlaug, døydde i 1982. Men saman med dei fem borna, barnebarna, og etter kvart oldeborna, fekk han styrke til å ta fatt på nytt. Dei siste åra hadde han eit rikt samliv med Svanhild Brunstad, som han gifte seg med etter nokre år som enkjemann.


Kjelde:

  • Eldar Høidal: Industrisoge for Sykkylven. Sykkylven 1990.
  • Helge Simmonnes: Minneord i Vårt Land, 16.3.2012.