Jon Løyland (1887–1975)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Postkort med «Ingebjorg og Lande-eiki».
Foto: Jon Løyland

Jon Løyland (født 22. november 1887 i Valle, død 8. juli 1975) var gardbrukar på Lande i Grendi i Bygland kommune, lærar fleire stader i Aust-Agder, forfattar og fotograf.

Han var oppteken av kulturhistorie, og samla folkeminne i ei bok. Eit manuskript som truleg skulle verte eit framhald av Gamalt or Sætesdal vart gjeve ut i 2008, redigert av Leonhard Jansen. Mykje av stoffet var kjent frå hans foredrag rundt om i Agder. I boka er det også bilete han sjølv tok. Han skreiv i 1945 om seg sjølv: «Har drive litt fotoarbeid og fått laga prospektkort i over 20 år. Har vore lærar. No bonde og husflidsarbeidar». Arbeidet som han utførar er «Fotografering, kopiering, forstørring etter film».

Agder historielag vart skipa i 1914, kom han med i styret, og han sat i styret i 50 år, frå han var 27 til han var 77 år gammal. I tre periodar var han formann i laget. Frå 1939 til 1964 var han og styreleiar i Setesdalsmuseet. Han laga og sitt eige museum i Løylandsloptet. Både museumssamlinga og biletsamlinga er i dag på Setesdalsmuseet.

Lande (57/2) og Løylandsloptet.
Foto: Siri Johannessen (2016).

Sjå også

Kilder


Annonse fra Fotograf Behrends i Indtrøndelagen 17.1. 1913.jpg Jon Løyland (1887–1975) er basert på data fra Preus Museums registre over norske fotografer og fotografiske samlinger, som er tilgjengelig på Nasjonalbibliotekets nettsider. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.