Jon Sørensen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 29. mai 2020 kl. 05:59 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Språk og lenkjer)
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Thumb høyre Jon Sørensen (fødd i Sandnes 23. august 1868, død i Ullensaker 1936) var lærar, fylkesskule- og folkehøgskulemann. Han var det ein kan kalle ein skuleentreprenør, ein av dei nokså mange i samtida som grunnla og leia privatskular på idealistisk grunnlag. Mange av dei gjorde seg også sterkt gjeldande innan det offentlege skulesystemet, og det gjeld i høg grad Jon Sørensen. Det meste av yrkeskarrieren sin hadde han på Romerike, og mest kjend er han som eigar og styrar av Eidsvoll folkehøgskole 1908-1918. Dette vart i samtid og ettertid vurdert som eit særs vellykka tiltak. Men eit samanfall av familiekrise og dyrtid under fyrste verdskrigen, gjorde at Sørensen gav opp prosjektet og la ned skulen. Han gjekk deretter igjen over i det offentlege skuleverket.

Familie

Jon Sørensen var son av overlærar og skulestyrar Kristofer Mathias Sørensen (1838-1901, fødd på Fanestrand, nå Molde kommune) og Karoline fødd Andersen (1831-1902, fødd i GryttenRauma kommune). Jon Sørensen gifta seg i 1901 med Agnes Winding frå Aasted sogn, Vendsyssel i Danmark. Ho var fødd og oppvaksen i ein gardbrukarfamilie. Dei fekk fire born. Ekteskapet vart oppløyst ca. 1918. Jon Sørensen var andre gong gift med Laura Larsen, dotter av Nils Larsen og M. Nielsen.

Utdanning

Jon Sørensen hadde barndomen sin i Sandnes, men vart vaksen i Kristiania. I Sandnes gjekk han allmugeskule og høgare allmugeskule. Da han var 13 år, flytta familien til hovudstaden, der faren vart overlærar ved folkeskular i Kristiania folkeskoler. Jon heldt der fram skulegangen sin ved Borgerskolen, Katedralskolen og ved indremisjonsskulen Hauges Minde. Han tok eksamen artium i 1889, og andreeksamen ved universitetet i 1891. Han fekk lærarutdanninga si ved Hamar seminar, der han var ferdig i 1892.

Seinare tok Sørensen vidareutdanning med sløydkurs 1895 og 1900 og som elev ved Den gymnastiske Centralskole 1895-1897.

I 1908 fekk han reisestipend for å studere skulebygging og administrasjon i Noreg og Danmark, med tanke på oppstarten av hans eigen folkehøgskule på Eidsvoll det året. I 1913 var han på studiereise i England.

Yrkesliv

Fyrste lærarstillinga hadde han i framhaldsskulen i Kråkstad (Akershus) i 1892. 1892-1896 var han lærar ved folkeskulen i Florø, frå 1897 til 1903 ved Kristiania folkeskoler, og i åra 1900-1903 også gymnastikklærar ved Kristiania treårige mellomskule.

I 1903 byrja Sørensen si gjerning som amts-/fylkesskulelærar og folkehøgskulemann. Han var styrar for den ambulerande amtsskulen i Akershus, med tilhald mellom anna i Ullensaker (1904-1906) og Eidsvoll (1906-1908). Da Stortinget i 1907 løyvde midlar til ein «vidaregåande folkehøgskule» på Austlandet, lykkast det Sørensen med støtte mellom anna frå Eidsvoll kommune å få nytte denne løyvinga til å skipe Eidsvoll folkehøgskole i 1908. Sørensen var eigar og styrar av skulen, medan kona var husmor for internatet og underviste i husstellsklassene der. I dei ti åra den var i verksemd, var Eidsvoll folkehøgskole eit veritabelt kultursentrum på Austlandet, med mange (seinare) landskjende personar blant lærarane og elevane.

Dels av økonomiske årsaker, dels av personlege grunnar (familien vart oppløyst), selde Sørensen skuleanlegget på Eidsvoll seint på hausten 1917, og folkehøgskulen vart nedlagt etter at skuleåret var slutt våren 1918.

Frå 1920 vart Sørensen på nytt tilsett som styrar for fylkesskulen på Øvre Romerike, som da i mange år hadde hatt fast tilhald på Nerdrum ved Fetsund. Av ulike grunnar flytta skulen i ein treårsperiode inn i den avhendte folkehøgskulebygningen på Eidsvoll, og deretter til Ullinsheim ungdomslokale på Kløfta. Stillinga som fylkessskulestyrar hadde Sørensen til sin død i 1936.

Gymnastikklærar og idrettsmann

Gymnastikk og fysisk fostring i skulen låg Jon Sørensen på hjartet, og han skaffa seg som nemnt spesialutdanning i faget. Frå sitt idrettsliv fortel han sjølv i studentboka at han i Kristiania-tida deltok nokre semester i Studenternes Gymnastikforening, og mellom anna var med på den andre nasjonale turnstemna i Bergen 1890. I Florø i 1890-åra fekk han i gang, leia og instruerte Florø turnforening.

Sørensen hadde elles sterk interesse for dikting, kunst og historie. Han skreiv fleire bøker og større artiklar, deriblant biografiar over Welhaven (1897), Ibsen (1898 og 1900) og Nansen (1932).

Kjelder og litteratur

  • Akershus fylke 1914-1960. Oslo 1967.
  • Flyen, Simen: Eidsvoll bygds histore 1914-1940. Eidsvoll kommune 2002.
  • Jon Sørensen i folketelling 1900 for Kristiania kjøpstad fra Digitalarkivet.
  • Jon Sørensen i folketelling 1910 for Eidsvoll herred fra Digitalarkivet.
  • Norske skulefolk (red. Arne Espeland), Dreyers forlag, Stavanger 1934.
  • Studentene fra 1889, Trondheim 1914.
  • Østerud, Erling: «Folkehøgskolen på Romerike 100 år 1859 [trykkfeil for 1869, wiki-merknad]-15/10-1969», i Romerikstun. Årbok 1970 for Romerike Historielag.

Eksterne lenker