Jon Skeie (1871–1951)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Jon Skeie.
Foto: Faksimile frå Studentene fra 1896 (1921).

Jon Skeie (fødd 22. juli 1871 i Vinje, død 17. september 1951 i Oslo) var professor i rettsvitskap ved Universitetet i Oslo. Han arbeida særleg med strafferett og prosess, og var kritisk til eldre, konservativ juridisk teori. Etter andre verdskrigen var han òg kritisk til rettsoppgjeret.

Slekt og familie

Han var son av lærar, klokkar og gardbrukar Aslak Eivindsson Skeie (1823–1887) og Jorunn Jonsdotter Vaa (1829–1916).

Den 12. april 1902 gifte han seg med Margit Elise Olsen (1875–1959). Ho var dotter av fløytingsdirektør Christen Olsen og Hanna Emilie Nyrerød. Dei fekk fleire born, mellom anna sonen Jon Christen Skeie (1903–1943), som vart motstandsmann og som døydde i konsentrasjonsleir.

Liv og virke

Familiegrava til Jon og Margit Elise Skeie på Rauland kyrkjegard.
Foto: Chris Nyborg (2018).
To av ekteparet sine born er gravlagde saman med dei.
Foto: Chris Nyborg (2018).

Han vaks opp på familiegarden i Vinje. Han var berre seksten år gamal då faren døydde, og han måtte då ta over drifta av garden ei tid. Tre år seinare, i 1890, drog han til Asker, og i 1892 tok han den høgare lærerprøva på Asker seminar. Han arbeidde som lærer på seminaret eit par år, og byrja så på Aars og Voss' skole i Kristiania, der han tok examen artium i 1896. Så byrja han på jusstudier, som han finansierte ved å arbeide som lærar på Fredrikshalds latinskole 1896–1899. I 1900 vart han cand.jur.

Etter ei tid i utanriksavdelinga i Indredepartementet vart han fullmektig hjå advokatane Krog og Schjødt. Der var han til 1902, då han fekk eit universitetsstipend for å studere straffe- og folkerett i Berlin under Franz von List. I 1903 fekkk han så ei stilling som adjunktstipendiat i rettsvitskap og som lærar i folkerett og statsrett på den militære høgskulen. Der var han i ti år, men det vart raskt til ein bijobb. Etter to år, i 1905, disputerte han til doktorgraden på avhandlinga Om ærekrenkelser efter norsk ret. Han vart konstituert som professor ved Universitetet i Kristiania i 1906, etter Francis Hagerup som gjekk over i diplomatiet. I 1907 vart han så fast utnemnd professor. Ansvarsområda var strafferett, sivil- og straffeprosess, konkurs og skifte. I 1918 fekk han òg ansvar for odelrett. Dette professoratet hadde han heilt til 1941, då han gjekk av for aldersgrensa.

Skeie var frå 1909 til 1939 ekstraordinær domar i Høgsterett, og han sat i fleire lovkomitear. Mellom anna var han i 1908 medlem av en komite som arbeidde med reformar i sivilprosessen, og i 1914 av ein komite som skulle legge fram forslag til ein lov om forsvarshemmeligheiter. I åra 1914–1916 var han medlemm av den skandinaviske familierettskommisjonen, og i 1916 var han formann i Antitrustkomiteeen. I 1922 vart han formann i komiteen som skulle legge fram forslag til revisjon av straffeloven av 1902. Han var òg med som rettskunnig i nemnda som assisterte dei norske advokatane under Grønlandssaka om Eirik Raudes land i den internasjonale domstolen i Haag. Fra 1914 til 1920 var han leiar i kommisjonen som gav ut Norges gamle love.

Han sette fleire gonger tydelege spor i rettspraksis. Då Høgsterett la til grunn av Grunnlova verna handelsborgarar mot at nye lover fråtok dei brennevinsløyve, viste Skeie at dette var feil. Høgsterett slutta seg etter ei tid til Skeie sitt syn. Han fekk òg Høgsterett til å endre meining i ei sak om bruk av avgifter til utjamning av melkeprisar.

Etter andre verdskrigen var Skeie bland dei som meinte at rettsoppgjeret var lagt opp for breitt, og at at det sette grunnleggjande rettsprinsipper til sides. I heftet Landsvik argumenterte han for dette, men i det rådande politiske klimaet var det få som ville høyre på han. Då rammene for rettsoppgjeret vart teikna opp under krigen, vart ikkje Skeie trekt inn i arbeidet. Ein mogleg grunn som er nemnd for dette er at han hausten 1943 kritiserte Kretsen for å legge opp til ei udemokratisk ordning når krigen ein gong tok slutt.[1] Mellom det Skeie kritiserte var avgrensinga av ankeretten, der han hadde motsett syn som sin tidlegare student Johs. Andenæs. Skeie meinte òg at det ikkje var naudsynt med eigne prosess- og straffereglar; det eksisterande lovverket var godt nok.

Politisk var han venstremann. Han var òg – ikkje så overraskande for ein vinbygg – målmann. I sine rettvitskaplege arbeider skreiv han allikevel helst bokmål, og på forelesningane tilpassa han talespråket.

I sine siste år fullførte han ei bok om forsvaret sin historie. Den vart utgjeven posthumt i 1953.

Jon Skeie vart gravlagt på Rauland kyrkjegard i Vinje. Han ligg saman med kona og to av borna deira.

Bibliografi

Bibliografien er ikkje fullstendig; særleg manglar småtrykk og tidsskriftartiklar.

  • Skeie, Jon: Af den norske ekspropriations- og stats-ret : principielle undersøgelser i anledning af den kongelige resolution af 10. september 1906 om Mjøsens regulering. Utg. Aschehoug. 1907. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Skeie, Jon: Om ærekrænkelser efter norsk ret. Utg. Norli. Kristiania. 1910. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Skeie, Jon: Om statens pligt til at yde erstatning, naar lovgivningen indskrænker eller ophæver en tidligere adgang til salg eller skjænkning av alkoholholdige drikkevarer eller stiler nye vilkaar for utøvelsen av denne virksomhet. Utg. Social- og Industri-Departementet. Kristiania. 1915. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Skeie, Jon: Bonde-programmet : ei folkesak. Utg. I kommission hjaa Olaf Norli. Kristiania. 1915. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Skeie, Jon: Vor jordbrukspolitik. Utg. Norli. Kristiania. 1915. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Skeie, Jon: Forelæsninger over strafferettens specielle del. Oslo. 1920. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Skeie, Jon: Forelesninger over odelsretten. Utg. [s.n.]. Oslo?. 1922. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Skeie, Jon: Eiendomsret og statsmonopol : om statens ret til uden erstatning at indskrænke eiendomsraadigheden, særlig i det øiemed at gjøre en virksomhed til statsmonopol. Utg. Norli. Kristiania.

1923. Digital versjonNettbiblioteket.

Referansar

  1. Grunnlovens største prøve, 2018: 46.

Litteratur og kjelder