Jon Tomassen (1820–1892)

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 18. aug. 2017 kl. 23:02 av Siri J (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Jon Tomassen kjøpte Brotteli i Bykle i 1892, men skulle aldri få bu der. Biletet er teke mellom 1903 og 1910, men det såg nok temmelig likt ut der då Jon kjøpte garden.
Foto: August Abrahamson

Jon Tomassen (fødd 1820 i Västerbotten, død 9. april 1892 i Bykle) var reindriftssame. Han var ein av dei som freista å halde rein på Setesdalsheiene, men døydde før reinflokken kom fram.

Jon var gift med Margrete Nilsdotter (1834–1912), som var frå Tärna i Sverige. Dei hadde fire born som vi kjenner:

  • Lars Emanuel, f Tärna, Sverige 1867, d Meldal 1940, g i Bykle 1896 m e Sigrid Anne Johansdtr. Jeiskeli, ikkje born.
  • Maria Rebekka, f Västerbotten, Sverige 1869, g 1. m Lars Mortensen, g 2. m John Stengel Kjellsberg.
  • Anna Tomine, f i Holtålen 1871, g m Hans Axel Rensberg.
  • Margrete, f i Holtålen 1877, d Uvdal 1948, g m Nils Andersen Stubbe.

Som vi kan sjå i lista over borna vart dei to første fødd i Sverige i 1867 og 1869. Dei to siste vart fødd i Holtålen i Sør-Trøndelag, så frå rundt 1870 ser det ut til at familien hadde sin heim i Noreg. Truleg har dei vandra ein del over grensa før dette i samband med reindrifta.

Ei syster til Jon, Kristine Tomasdatter (1825–1894), vart gift med Jon Andersen Stannfjell. Dei kjøpte i 1890 bruket Jeiskeli i Bykle. Det var nok Kristine som fortalte bror sin at det var mogleg å drive rein i heiane. I 1892 kjøpte Jon Tomassen garden Brotteli i Bykle. Han drog så nordover for å møte ein flokk på 4000 rein. Men han var då 72 år gamal, og helsa var ikkje god nok til å tåle påkjenninga. Han vart sjuk på veg opp Setesdal, og måtte ta inn på Holen, der han døydde den 9. april 1892. Familien rakk fram til gravferda i Bykle den 27. april. Reinflokken og tenestefolka kom over Hardangervidda sumaren 1892.

Då Jon Tomassen døydde hadde han ikkje betala Brotteli, og kontrakta vart difor heva. Familien hans leigde eigedomen på Brotteli, og vart buande der nokre år. Dei dreiv reinflokken fram til 1901.

Litteratur og kjelder