Jondal kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 13. des. 2018 kl. 16:32 av Marianne Wiig (Samtale | bidrag) (layout)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Jondal kommune
1227 Jondal komm.png
Basisdata
Kommunenummer 1227
Fylke Hordaland
Kommunesenter Jondal
Areal 209.94  km²
Areal land 199.22  km²
Areal vann 10.72  km²
Folketall 1 108 (2017)
Grunnlagt 1846
Sammenslåing(er) 1965: Kysnes overførd frå Strandebarm
Fradeling(er) 1965: Tørvikbygd overførd til Kvam.
Målform Nynorsk
Nettside Nettside

Jondal kommune ligg i Hardanger i Hordaland fylke, og grensar til Ullensvang, Kvinnherad og Kvam. Administrasjonssenteret er bygda Jondal. Det er ingen tettstader i kommunen.

Jondal vart eigen kommune i 1862, då bygda vart skild ut frå Strandebarm. Ved ei kommuneregulering i 1965 vart krinsen Tørvikbygd på vestsida av Hardangerfjorden overført til Kvam, samstundes som garden Kysnes på austsida av fjorden vart overført frå Strandebarm til Jondal. Den siste grensereguleringa kom i 2013, då området på nordsida av Maurangerfjorden sin munning (Gausvik-Årsand-Hessvik) gjekk frå Kvinnherad til Jondal. I 2016 vedtok kommunestyret med ni mot åtte røyster at Jondal skal slås saman med nabokommunane Ullensvang og Odda til nye Ullensvang kommune frå 2020.

Jondal er ein jordbrukskommune. Dyrehald er viktig, særleg sau og storfe. Det er óg ein del frukt- og bærdyrking. Langs Hardangerfjorden drivast fiskeoppdrett, og ein finn fiskeforedlingsindustri knytta til oppdretten. Det er lange tradisjonar for båtbygging i kommunen.

Jondal skule er den einaste grunnskulen i kommunen, etter at grendeskulane Herand og Kysnes vart lagt ned.

Kommunen hadde frå slutten av 1800-talet og fram til byrjinga av 2000-talet ein nesten samanhengande nedgang i folketalet. Men utviklinga har snudd, og i tiårsbolken 2007–2017 auka innbyggjartalet med i gjennomsnitt 0,5 prosent i året.

Galleri

Kjelder og litteratur