Jondal skule

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 8. okt. 2018 kl. 11:34 av Kallrustad (samtale | bidrag) (Vidare lesing)
Hopp til navigering Hopp til søk

Jondal skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule i Jondal kommune i Hardanger. Jondal skule ligg i kommunesenteret Jondal, i nærleiken av Jondal barnehage og Jondal kulturskule.

Elevtalet har i 2010-åra lege rundt 120. Skuleåret 2018/2019 er det 124 elevar på Jondal skule. Sarah Marie Røstbø er rektor for både skulen og vaksenopplæringa i Jondal.

Jondal er den einaste grunnskulen i kommunen. Torsnes skule vart lagt ned i 1983, og i 2000-åra opphøyrde skuledrifta på Herand (2004) og Kysnes (2006).

Kjelder og litteratur

Vidare lesing

  • Skulen i Jondal gjennom 250 år, Jondal kulturkontor 1990. Mal:Bokhylla