Jonsåsvegen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Jonsåsvegen med Jonsås nedre (Idunsås) (gnr. 162/1).
Foto: Roy Olsen (2018).

Jonsåsvegen i Sauherad i Midt-Telemark kommune går sørover frå Nordagutuvegen ved tettstaden Akkerhaugen til Norsjøvegen. Han er om lag 1,7 km lang, og går i jordbrukslandskap.

Vegen har namn etter Jonsåsgardane og blei namnsett i 1999.

Jonsås, eller Jongsås blei truleg rydda langt attende i eldre jernalder. Namnet er så gammalt at ein ikkje sikkert kan seia kva fyrstelekken tyder. Den gammalnorske normalforma var Iðungsáss (og i dativ lðungsási, lðungsáse). Me har fått ei samantrekkinga av Idungs- til Jongs-.

Kjelder

  • Kartverket: Norgeskart
  • Kirkeby, Birger: Bygdebok for Sauherad, Band III, Gardsnr. 44–74, Sauherad kommune 1985.
  • Sauherad kommune: Veger navnsatt av kommunestyret, liste frå 1999.


Koordinater: 59.39718° N 9.24479° Ø