Jordbruksvatninga på Østre Toten

Jordbruksvatninga på Østre Toten tok så smått til i mellomkrigsåra, då grønsaksdyrkarane i Totenvika la ned vassledningar og pumpa opp vatn frå Mjøsa. På slutten av 1960-talet kom dei fyrste felles vatningsanlegga, og i 2010-åra kan om lag 40.000 dekar jordbruksareal vatnast. Dette utgjer over 1/3 av det samla jordbruksarealet i kommunen og heile 9 % av det samla vatna arealet i Norge.

Vatning på Breili i Nordlia. Nedafor ser vi Mjøsa.
Foto: Olaf Nøkleby (2015).

Bakgrunn

Åkervatninga på Toten kom med elektromotoren og vasspumper med stor kapasitet. Men behovet for vatning har vori her støtt, avhengig av jordsmonn, kva ein dyrkar og varierande nedbør frå år til år. Graset treng vatn etter fyrsteslåtten, for å få i gang att veksten så det blir god avling av håa. Potetene lyt ha vatn utpå seinsommaren, når knollane tek til å vekse. Og skal du vera sikra ei god grønsakavling, lyt det vatn til. Forsommartørken, tørkeperioden vi ofte har føre jonsok, har frå gammalt ofte vori skjebnesvanger for avlinga både av korn og av andre vekster. I 1787 skreiv bergensbispen Johan Nordahl Brun:

Man rundt om Mjøsen ofte saa,
Et kronet Foraars Haab vansmægte,
Kun Dværge-Væxt kan Sæden naa,
Naar Himlen vilde Duggen nægte.

Med ein gjennomsnittleg årsnedbør på 600 mm, av det 253 mm i dei fire månadene frå mai til august, skal det ikkje store variasjonane til før vatningsbehovet blir prekært. Det gjeld særleg for sandhaldig og/eller grunn jord som er utsett for tørke og for kulturar som treng mykje vatn.

Går vi til områda med lite nedbør i Gudbrandsdalen, veit vi at dei har hatt kunstig vatning i hundrevis av år. Dei har teki vatn frå fjellet og ført det ut over åker og eng med naturleg trykk. Totningen har sitt store vassreservoar nedanfor åkrane sine, Mjøsa. For åkervatning er Mjøsa ei utømmeleg kjelde, men utan god pumpekapasitet ei umogleg kjelde. Derfor kom åkervatninga på Toten med elektromotoren og effektive sentrifugalpumper.

På 1960- og 70-talet vart det gitt statstilskott til bygging av vatningsanlegg, og totningen Bengt Rognerud var statskonsulent i vatning. Dette fekk svært mykje å seia for utbygginga av vatningsanlegg på bygda. Skulle større areal vatnast, laut vatnet koma frå Mjøsa. Elver og bekkar held ikkje som vasskjelder i ein tørkesommar. Skulle andre gardar enn dei som ligg nedåt Mjøsa bruke innsjøen som vasskjelde, laut det til store investeringar, så store at det ikkje var råd å gjennomføre dei for den enkelte gardbrukaren. Ei storutbygging av åkervatning var avhengig av fellestiltak.

Vikværingane var tidleg ute

Den sandhaldige jorda i Totenvika er lettare og meir utsett for tørke enn morenejorda i andre delar av bygda. Ein stor del av gardane har strandlinje til Mjøsa. Heller ikkje for gardar utan strandlinje er det langt til fjords. Her var det ikkje nødvendig med store fellesanlegg for å få til vatning. Dei fyrste vatningsanlegga i Totenvika kom i gang alt på 1930-talet.

Boksrud starta dei med gulrotdyrking i stor stil i 1933/34. Gulrota vart dyrka på tørkesvak sandjord. Skulle dei få brukbare avlingar, var det nødvendig med vatning. Pumpe og vatningsutstyr kom på plass. Vatnet vart pumpa opp frå Mjøsa. Dette er det fyrste vatningsanlegget for åkervatning vi kjenner til i Totenvika.

Også i Panengen var dei tidleg ute med vatning. Oskar Panengen demte opp bekken som går over garden, monterte elektrisk pumpe og la ned vassledningar. Grøftene vart gravne for hand, dei var omtrent 30 cm djupe. I 1952 fekk garden nytt og større vatningsanlegg, med Mjøsa som vasskjelde.

Tørkesommaren 1947 førte til at fleire gjorde ålvor av vatningsplanar. På Hammastadgardane vart det kjøpt inn malmrøyr til vassledning rett etter tørkesommaren, men det tok eit par år før vatningsanlegget vart bygd. Sommaren 1949 vart pumpestasjonen nedmed fjorden stelt i stand og hovudvassledningen lagt ned. Smitborg Maskinlag stod for gravinga, og John Staff var røyrleggar og hadde ansvaret både for planlegging og montering.

Tørkesomrane i 1955 og 1959 og overgangen frå husdyrproduksjon til grønsakdyrking gjorde at det vart fart på utbygginga av vatningsanlegg. Stadig fleire starta opp med grønsakdyrking, særleg lauk. Vi kan seia at vatninga i Totenvika følgde laukdyrkinga.

Både langs Mjøsa og etter Lenaelva vart det bygd enkelte vatningsanlegg utover på 1950- og 60-talet. Somme demte opp bekkar og brukte dei som vasskjelde. Men i tørkesomrar kunne sjølv Lenaelva vera ei usikker kjelde for åkervatning. Skulle større delar av bygda få kunstig vatning, laut vatnet takast frå Mjøsa. Det var eit så stort lyft at det var nødvendig med fellestiltak.

Balke-Hveem jordvatning

 
Høgdebassenget på Hanastad. Dette tilhøyrer Sameielaget Balke-Hveem jordvatning. Frå Mjøsa blir vatnet pumpa 125 meter opp til høgdebassenget.
Foto: Olaf Nøkleby (2015).

Det fyrste store felles vatningsanlegget som kom i drift, var Balke-Hveem jordvatning. Ein del av gardane i området hadde i fleire år hatt vatningsanlegg med bekkar og dammar som vasskjelde. Somme hadde kjøpt vatningsvatn frå Skreia vannverk, men det botna lite i tørre somrar. Hausten 1968 starta planlegginga av eit stort felles vatningsanlegg med Mjøsa som vasskjelde. Anlegget vart bygd i 1969 og starta opp i 1970.

I 1990 fortalde Reidar Hveem om oppstarten og anleggsperioden . Heilt frå 1960 hadde det vori tala på å få til eit felles vatningsanlegg for Kvemsgardane, men fyrst utpå hausten 1968 vart det ålvor av planane:

«Et møte i august måned med brukere fra Hveem og Fårlundgårdene ga opptakten til det nye store som skulle se dagens lys, og flere sammenkomster på slutten av året, 6. og 18. desember, fikk fart i sakene. Statskonsulenten i vatning, Bengt Rognerud, slapp ikke unna et oppdrag om planlegging.»

Nå hadde Balkegrenda vorti med, og 25. februar 1969 vart Sameielaget Balke-Hveem jordvatning starta. Laget fekk 25 medlemer. Statskonsulenten utarbeidde planar, og røyrleggarfirmaet E. Sunde & Co vart vald som leverandør av røyr og anna utstyr. Frå Hanastadstranda skulle vatnet pumpast opp til eit høgdebasseng på Hanastad, og derifrå vidare til brukarane. «Starten på anleggsarbeidet var den 23. april, da 68 meter 500 millimeter plastledning ble senket i Mjøsa», fortel Reidar Hveem. Og han held fram:

Ledningen tjener som inntak til en kum, 2 m vid og 4,5 meter dyp, til absolutt laveste vannstand, en fødekum for sugerørene. Det var livlig nede på Mjøsstranda den dagen; en egen forventningsfull stemning skapte den rette ånd og tone. Gravemaskin fra Skreia Vannverk med Jan Gaarder som navigatør på toppen, sørget for det korrekte leie utover stranda. Isen ble hugget opp av raske hender. Storslumpen av rørene ble buntet sammen til en sammenhengende ledning og så lempet ut i vannet.

Arbeidet med pumpehuset på Mjøsstranda vart gjort på dugnad. Det starta den 25. april. Så var det klart for å grava og legge hovudledningen opp til høgdebassenget.

«Rørnedleggingen begynte 18. juni utpå dagen med 5 stk støpejernsrør og et bend, men traff på en stor stein som måtte skytes. Nedlagt rør 10“ pr. dag varierte noe alt etter terrenget, fra 80 meter til 160 meter. Som helhet betraktet var grunnen fin-fin, - skyting kun på 6 steder. Fylkesveg E 93 ble slått gjennom 26. juni og ledningen lagt i 18“ betongrør.»

Dei grove røyra var tunge og vanskelege å handtere. Det var om å gjera å vera nøyaktig, slik at koplingane mellom røyra var tette når det vart sett på fullt trykk.

«Strekket oppover Hanastadbeitene bød på visse problemer, - kupert terreng og bløte myrsøkk med mye vann. Det ble vanskelig med koblingene. I et tilfelle måtte vi ty til gravemaskinen for å få trykket rørene inn, og dette ga en forsmak på hva som var i vente om det ble regnvær i anleggsperioden.»

Dei var heldige med vèret utover sommaren 1969. Arbeidet med hovudledningar, sideledningar, hydrantar og uttak for tapping og lufting gjekk greitt unna, med dyktige gravarar, dugnadsinnsats frå andelseigarane og ikkje minst god leiing av anleggsarbeidet.

 
Glimt inn i pumpehuset på Hanastad.
Foto: Olaf Nøkleby (2015).

«Forretningsfører i Skreia Vannverk, John Johansen, som hadde overoppsynet, var ofte på tur på morgenkvisten på Hårstad hvor delelageret lå, enten for å hente eller påse at deler var for hånden for snarlig bruk. Dagsprestasjonen for 10“ rør lå gjennomsnittlig på noe over 100 meter. Det siste av denne dimensjon ble lagt ved Fårlund 25. juli.»

På førejulsvinteren var pumpehuset på Mjøsstranda ferdig. Det vart montert to pumper. Kvar pumpe hadde ein 180 hK motor og vog 1.500 kg.

Balke-Hveem jordvatning dekker stort sett Balkehøgda, Nettumshøgda og dei fleste Kvemsgardane. Anlegget kan vatne omtrent 7.000 dekar. Dei fyrste åra var ikkje pumpekapasiteten større enn at medlemene laut vatne på skift. Klokka 23 skulle alle vera til stades. Dei som hadde vatna i eit døgn, skrudde att kranene sine, slik at dei som stod for tur til å vatne, kunne opne sine. Etter nokre år vart pumpekapasiteten utvida, slik at ein slapp unna denne vekslinga. I dag kan pumpene ved Mjøsa pumpe 850 m3 vatn per time opp i bassenget på Hanastad. Derifrå er det nye pumper som sørgjer for å få vatnet ut i ledningsnettet.

Mjøsregn

Mjøsregn vatningsanlegg vart stifta seinhaustes 1974. Anlegget vart bygd sommaren 1975. 1976 var fyrste driftsåret. Anlegget dekker gardane i Østlia frå Velt-Nettum til Evenrud, Starum, området rundt Nylinna, samt Vest-Kvem, Gile og Smebygardane. Frå pumpestasjonen på Gåserudstranda blir vatnet pumpa opp i eit basseng på Kile. Omtrent 3.700 dekar dyrka jord kan vatnast hos i overkant av 30 medlemer.

Da anlegget vart bygd, sa den fyrste formannen i Mjøsregn, Peder Gihle, dette om kvifor det var nødvendig med vatningsanlegg: «Det er ikke lenger marginer for dårlige avlinger, og et bomår p.g.a. for eksempel tørke er noe man må trekkes med i lange tider. Forsommertørke er en helt vanlig foreteelse også her. Kan man bli herre over den svært viktige produksjonsfaktor som nedbøren utgjør, ville meget være vunnet». I 1976 var det tørkesommar på Toten, men utpå sommaren kom Mjøsregn i drift, og det redda avlinga for dei omtrent 30 gardbrukarane som var med i anlegget. I følgje eit oppslag i Oppland Arbeiderblad 27. november 1976 hadde Mjøsregn gitt medlemene ei ekstra avling som var verd omtrent 400.000 kroner dette året.

Hoff vatningsanlegg

 
Vatning av kål på Ner-Evangsjordet ved Lena i Østre Toten.
Foto: Olaf Nøkleby (2015).

Hoff vatningsanlegg vart stifta hausten 1984. Anleggsarbeidet kom i gang same hausten. Sommarhalvåret 1985 gjekk med til bygginga. 27. juni 1986 vart anlegget offisielt opna av ordførar Helge Røragen. Med 62 medlemer og eit vatningsareal på omtrent 11.000 dekar, er dette det største felles vatningsanlegget i landet. Anlegget dekker området vest og nord for Mjøsregn, avgrensa av Hekshuselva, grensa mot Vestre Toten og Kolbu, og Lenaelva. På sørsida av Lenaelva er Majer og Skjefstad med i Hoff vatningsanlegg.

Anlegget tek inn vatnet i Nordvika på Lierstranda, rett nord for MjølkefabrikkenKapp. Inntakskummen ligg ca 150 meter ute i Mjøsa. Derifrå går vatnet til pumpestasjonen, som har ein kapasitet på 1.020 m3 vatn per time. Pumpene lyfter vatnet godt og vel 160 meter til høgdebassenget på Kapphøgda, rett vest for nye riksveg 33. Derifrå går vatnet ut i to høgtrykkssonar og ein lågtrykkssone. Vatnet som blir pumpa austover, mot Li og Apelsvoll, og vestover mot Sodstadøgarden og Serstad har eit trykk på ca 10 kg. Vatnet som går sørover og nedover til området rundt Lena og Kraby har eit trykk på ca 5 kg.

Inntaket i Mjøsa ligg 122 meter over havet, dammen på Kapphøgda 283 m.o.h. og det høgaste punktet for vatning ca 400 m.o.h.

Nordlia

Det felles vatningsanlegget i Nordlia vart bygd paralelt med Hoff. Anleggsarbeidet starta hausten 1984 og 1986 var fyrste vatningssesongen. I utgangspunktet hadde det vori tanken at Nordlia skulle vera ein del av Hoff, men det viste seg å bli så kostbart å krysse Hekshuselva med ein hovudledning, at det ville lønne seg å ha eit eige anlegg. Derfor organiserte dei ti interessentane i Nordlia seg i Nordlia vatningsanlegg hausten 1984.

Nordlia vatningsanlegg dekker området mellom Hekshuselva og Grosetdalen, altså gamle Bjørnsgård skolekrets. Inntaket for mjøsvatn ligg på Olderholtstranda og høgdebassenget på Jørenset, 277 m.o.h.

Utanom fellesanlegget har fleire av gardane i grenda som grensar til Mjøsa, eigne vatningsanlegg.

Vatn frå Mjøsa

 
Vatningsanlegget Mjøsregn tek inn vatnet på Gåserudstranda. Herifrå blir det pumpa til høgdebassenget på Kile.
Foto: Olaf Nøkleby (2015).

Av eit samla jordbruksareal på om lag 110.000 dekar på Østre Toten, er det rundt 40.000 dekar som kan vatnast av fellesanlegga og enkeltanlegga på bygda. Alle vatningsanlegga har Mjøsa eller bekkar og elver som renn ut i Mjøsa, som vasskjelde. Kva har så jordbruksvatninga å seia for vasstanden i innsjøen? Vi kan illustrere det med eit enkelt reknestykkje. Mjøsa dekker ei flatevidde på 369.480 dekar. Dersom vi går ut frå at heile arealet som kan vatnast på Østre Toten får ei rotbløyte på 30 mm med vatn frå Mjøsa og tilførslane til Mjøsa, vil vasstanden i Mjøsa minke med 30 x 40.000 : 369.480 mm. Det blir ca 3,3 mm. Men ettersom heile det arealet som blir vatna ligg i nedslagsfeltet åt Mjøsa, vil storparten av vatnet som blir spreidd utover åkrane hamne i innsjøen att, med tid og stunder.

Det er ikkje berre jordbruksvatning mjøsvatnet blir brukt til. Dei fleste kommunane rundt innsjøen tek drikkevatn frå Mjøsa. Østre Toten kommunale vannverk har inntaket sitt på 200 meters djup utanfor Billerud. Kvart år pumpar vassverket opp 2,5-3 millionar m3 vatn og leverer til husstandar og bedrifter over heile Østre Toten og ein del av Vestre Toten. Til samanlikning tok Balke-Hveem jordvatning åleine opp 0,75 millionar m3 vatn frå Mjøsa tørrsommaren 1976.

Den einaste brukaren av mjøsvatn som har stilt spørsmål ved jordbruksvatninga, er Glommens og Laagens Brukseierforening. Brukseigarforeininga har konsesjon på regulering av Mjøsa for å ha vatn til kraftproduksjon i kraftstasjonane i Vorma og Glomma frå Minnesund til Fredrikstad. Etter kvart som det vart bygd ut fleire store jordvatningsanlegg rundt Mjøsa, tok brukseigarforeininga til å setja spørsmålsteikn ved forholdet mellom Mjøsa som reguleringsmagasin for kraftproduksjon og Mjøsa som kjelde for jordbruksvatning.

Vi skal sjå litt på forholdet mellom Mjøsregn vatningsanlegg og brukseigarforeininga. Medan Mjøsregn var på planleggingsstadiet, tok dei kontakt med brukseigarforeininga og spurde om regulanten hadde innvendingar mot tiltaket. Dei fekk muntleg svar at det ikkje ville by på problem for brukseigarforeininga. Dessutan ville ein stor del av vatnet som vart spreidd ut på jorda renne attende til Mjøsa. Men regulanten skifta raskt meining. 16. februar 1977 fekk Mjøsregn brev frå Glommens og Laagens Brukseierforening, som varsla at dei vurderte å krevja ei vassavgift frå vatningsanlegga som tok vatn frå Mjøsa. Andre vatningsanlegg fekk same beskjeden. Det vart kalt inn til eit møte på Ringsaker, og dei to fellesanlegga som var bygde på Østre Toten på den tida, engasjerte advokat til å hjelpe seg med det juridiske ved saka. Resultatet vart at brukseigarforeininga ikkje kom med noko krav om betaling for mjøsvatn.

Vatning frå Lenavassdraget

Langsetter Lenaelva er det mange som tek vatningsvatn, frå ytst uti Kolbu til elva renn ut i Mjøsa i Sundvika. Bergsjøen er regulert for å sikre nok vatn, både til fisken i elva og til vatningsanlegga.

Da Lensbygda vannverk vart lagt ned, tok Riselva vatningslag over vatnet. Myrsjøen, Laupen og Skjærsjøen er regulerte for å sikre vassføringa i Riselva.

Vi kan rekne med at 50-60 gardar tek vatningsvatn frå Lenaelva med sideelver og bekkar.

Vatningsanlegga og jordbruket på Østre Toten

 
Vatning av voll på Lunda den tørre førsommaren 2016.

Utbygginga av vatningsanlegga var ein del av den store omlegginga jordbruket på Østre Toten gjekk gjennom frå rundt 1950 og tre-fire tiår framover. Samtidig som det vart færre husdyrprodusentar, vart det meir korndyrking og grønsakdyrking. Omlegginga til grønsakproduksjon hadde knapt vori mogleg utan at det hadde vorti bygd vatningsanlegg. Større satsing på dyrking av matkveite hadde heller ikkje gått an utan vatning. I dag er det nesten ikkje att mjølkeprodusentar i dei områda som blir dekte av dei fire store fellesvatningsanlegga.

Det er dei tørkesvake åkrane i Totenvika, i Balkeleia og på Kvemshøgda som har hatt mest nytte av vatninga. Eit eksempel kan illustrere dette. Ein av tørkesommarane på 1950-talet hadde ein gardbrukar uti Balkeleia poteter på eit sandjordstykkje på 35 dekar. Avlinga vart 7 hektoliter per dekar. På andre sida av gutua hadde ein nabo poteter på 7 dekar tørkesterk myrjord. Han fekk 35 hektoliter per dekar. Myrjorda gav med andre ord fem gonger så stor avling som sandjorda. Etter at vatningsanlegga vart utbygde, jamna dette seg ut, slik at dei som har tørkesvak jord òg kan ha jamn avling, og dermed jamn inntekt, frå år til år. Men arbeidsinnsatsen vart stor i vatningstida.

Vatninga vart ei eiga onn. På Dyrin hadde dei småspreiarar montert på 50 mm røyrgate. Når vatninga gjekk for fullt, laut dei flytte røyra tre gonger for døgnet, klokka 7, klokka 15 og klokka 23. Kvar flytting tok eit par timar. Vanlegvis var det to eller tre som var saman om flyttinga. Dei tok dei lange røyra, med og utan spreiarar, og bar dei i armane. Det kunne vera litt av eit slit når ein gjekk på tvers av potetfårene og potetgraset rakk til livet og det var om å gjera å halde følgje med dei andre som bar. Enda meir arbeidsamt var det der dei brukte storspreiarar. På korn og grønsaker skulle ikkje storspreiaren stå meir enn eit par timar på same staden før han laut flyttast. I 1979 kom Raufossventilen, som opna og stengde for vatnet automatisk etter tider som var innstilte føreåt. Dette vart ei stor forbetring, særleg for laukdyrkarane som kjørte korte vatningsintervall. Same året kom dei fyrste vatningsvognene. Dei revolusjonerte arbeidet med vatninga. Slangen med spreiar blir kjørt ut med traktor. Ved hjelp av vasstrykket blir slangen kveila innatt på vogna. Når spreiaren har komi innåt vogna, stenger vogna for vasstilførsla.

Dei felles vatningsanlegga var dei største samvirkeinvesteringane som vart gjort på Østre Toten i 1970- og 80-åra. Staten såg med blide auge på denne satsinga og tilbaud gunstige finansieringsordningar. Til felles vatningsanlegg vart det gitt 40-45% investeringsstøtte av kostnadene med anlegga. I tillegg fekk anlegga lån i Statens landbruksbank tilsvarande 35%. Midt på 1980-talet vart denne støtteordninga endra. Hoff vatningsanlegg og Nordlia vatningsanlegg var dei siste store anlegga som fekk statstilskott.

I landssamanheng er vatningsanlegga på Østre Toten unike. I 2010 var 435.000 dekar jordbruksareal dekt med vatningsanlegg i Noreg. Av det stod Østre Toten åleine for ca 40.000 dekar, eller om lag 9% av samla vatna areal i landet.

Kjelder og litteratur

  • Nøkleby, Olaf: «Jordbruksvatninga på Østre Toten», manuskript som òg er publisert i Mjøsa – Mjøsmuseets årbok 2015, s. 192-203. Han bygger på:
    • 40 år med vatning. Beretning fra Balke-Hveem jordvatning SL, 2010
    • Driftshandbok for Hoff vatningsanlegg
    • Møtebøker og korrespondanse for Mjøsregn
    • Notat om jordbruksvatning frå landbrukskontoret på Østre Toten, 1996
    • Muntlege kjelder:
      • Fredrik Dyhren
      • Sverre Dysthe
      • Peder Gihle
      • Kaare Gjestvang
      • Brit og Ole Hammerstad