Jostedal

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 19. sep. 2010 kl. 19:24 av Oddloho (samtale | bidrag) (Ny side: '''Jostedal''' er ein tidlegare norsk kommune i Sogn og Fjordane fylke, som i 1963 vart ein del av nye Luster kommune. Jostedal er òg namnet på eit kyrkjesokn, og det …)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Jostedal er ein tidlegare norsk kommune i Sogn og Fjordane fylke, som i 1963 vart ein del av nye Luster kommune. Jostedal er òg namnet på eit kyrkjesokn, og det var namnet på eit prestegjeld fram til 2004.

Jostedal kommune

Kommunen vart oppretta som Jostedal formannskapsdistrikt i 1837. Kommunen omfatta mellom anna dalføret Jostedalen. 1. januar 1963 vart Jostedal kommune som då hadde eit innbyggjartal på 796, slegen saman med Hafslo og Luster kommunar til den nye Luster kommune.[1]

Folketalsutvikling

Folketalsutvikling for tidlegare Jostedal kommune frå 1920 til 1963:

1.12.1920[2] 1.12.1930[3] 3.12.1946[3] 1.1.1951[4] 1.1.1961[4] 1.1.1963[1]
956 964 977 915 817 796

Jostedal prestegjeld og sokn

Jostedalen låg øyde etter svartedauden og fekk truleg fast busetnad att i andre halvdel av 1500-talet. Ein kjenner ikkje til når Jostedalen vart skilt ut frå prestekallet i Luster som eige prestegjeld, men truleg skjedde det i 1630-åra. Prestegjeldet hadde berre eitt sokn, og dette vart lagt til grunn for den nye kommunen frå 1837/38. Frå 1967 omfatta Jostedal prestegjeld òg Gaupne sokn og Fet og Joranger sokn attåt Jostedal sokn. Gaupne hadde tidlegare høyrd til Luster prestegjeld, medan Fet og Joranger hadde høyrt til Hafslo prestegjeld.[5]

I Jostedal sokn er det ei kyrkje, Jostedal kyrkje frå kring 1660. Staden har vore kyrkjestad frå 1200-talet, og ein reknar med at det har stått ei eldre stavkyrkje der.[6] I det tidlgare prestegjeldet er det elles fire kyrkjer; Fet kyrkje frå 1894, og Joranger kyrkje frå 1600-talet, begge på Indre Hafslo og tilhøyrande Fet og Joranger sokn, og Gaupne gamle kyrkje frå kring 1650 og Gaupne kyrkje frå 1907 i Gaupne sokn. Jostedal, Fet, Joranger og Gaupne har alle hatt kyrkje frå mellomalderen.

Fotnotar

Mal:Fotnoteliste

  1. 1,0 1,1 «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» av Dag Juvkvam for Statistisk sentralbyrå.
  2. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  3. 3,0 3,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  4. 4,0 4,1 Folkemengd i Jostedal 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  5. «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket
  6. «Jostedal kyrkje» hjå NRK Sogn og Fjordane Fylkesleksikon