Jostedal

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Jostedal er ein tidlegare norsk kommune i Sogn og Fjordane fylke, som i 1963 vart ein del av nye Luster kommune. Jostedal er òg namnet på eit kyrkjesokn, og det var namnet på eit prestegjeld fram til 2004. I dag omfattar skulekrinsen Jostedal den tidlegare kommunen.

Dalføret og bygda Jostedalen

Dalføret Jostedalen munnar ut i Sognefjorden ved Gaupne. Hovuddalføret går nord-sør og deler seg kring 50 km frå Gaupne og 10 km etter den siste busetnaden (Fåberg) i Sprongdalen og Stordalen. Dei nedste grendene og gardane i dalføret har ikkje vorte rekna til bygda Jostedalen og har aldri høyrt til Jostedal prestegjeld/kommune/skulekrins - det gjeld frå sør Gaupne, Røneid, Stegagjerde, Leirmo og Alsmo, og sidedalane Leirdalen og Vigdalen. Bygda Jostedalen byrjar fyrst kring 15 km nordover dalføret frå Gaupne, ved Haukåsgjelet. Jostedal var dermed ein av få reine innlandskommunar i Sogn og Fjordane. Busetnaden finn ein over ei strekning på kring 20 km i hovuddalføret Jostedalen mellom grendene Myklemyr og Fåberg, og i sidedalen Krundalen. Bygdesentrumet er i dag Gjerde, og bygda har kring 430 innbyggjarar (2010). I aust grensar Jostedalen mot området som no utgjer Breheimen nasjonalpark, og i vest mot Jostedalsbreen nasjonalpark.

Jostedal kommune

Jostedal kommunen vart oppretta med formannskapslovene i 1837. 1. januar 1963 vart Jostedal kommune som då hadde eit innbyggjartal på 796, slegen saman med Hafslo og Luster kommunar til den nye Luster kommune.

Jostedal prestegjeld og sokn

Jostedalen låg øyde etter svartedauden og fekk truleg fast busetnad att i andre halvdel av 1500-talet. Ein kjenner ikkje til når Jostedalen vart skilt ut frå prestekallet i Luster som eige prestegjeld, men truleg skjedde det i 1630-åra. Prestegjeldet hadde berre eitt sokn, og dette vart lagt til grunn for den nye kommunen frå 1837/38. Frå 1967 omfatta Jostedal prestegjeld òg Gaupne sokn og Fet og Joranger sokn attåt Jostedal sokn. Gaupne hadde tidlegare høyrd til Luster prestegjeld, medan Fet og Joranger hadde høyrt til Hafslo prestegjeld.

I Jostedal sokn er det ei kyrkje, Jostedal kyrkje, som stod ferdig i 1660. Staden har vore kyrkjestad frå 1200-talet, og ein reknar med at det har stått ei eldre stavkyrkje der. I det tidlgare prestegjeldet er det elles fire kyrkjer; Fet kyrkje frå 1894, og Joranger kyrkje frå 1600-talet, begge på Indre Hafslo og tilhøyrande Fet og Joranger sokn, og Gaupne gamle kyrkje frå kring 1650 og Gaupne kyrkje frå 1907 i Gaupne sokn. Jostedal, Fet, Joranger og Gaupne har alle hatt kyrkje frå mellomalderen.

Litteratur

  • Laberg, Jon: «Jostedal. Ei stutt utgreiding um bygdi og folket der.» I: Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn, 1939, 1944 og 1948 (digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E.: Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Luster kommune. Gaupne 1994 (digital utgåve, NBdigital)
  • Espe, Alfred: Jostedalen. Frå istid til sjølveigartid. Jostedal historielag. Jostedalen 2002
  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg og Oddmund L. Hoel. Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Skald. Leikanger 2010
  • Øvregard, Kåre: Skulen i Luster gjennom 250 år. Kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane. Luster kommune. Gaupne 1996