Jostedal Hotell

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

Jostedal Hotell er den største serverings- og overnattingsverksemda i Jostedalen i Luster kommune, Sogn og Fjordane. Det ligg i bygdesentrumet Gjerde rett attmed hovudvegen gjennom Jostedalen og daglegvarebutikken Thor Bakkens Ettf. På nedsida av hotellet ligg Jostedal camping.

Solvang kafé og pensjonat

Det var Olga Gjerde (1917-1975) som byrja med Kafé- og pensjonatverksemd på Gjerde i 1951. Ho og mannen, sløydlærar Einar Moen, flytte inn i den nybygde stova i 1949, og to år seinare tok Olga til med kafédrift i fyrste høgda.

Tomta vart same året (2.11.1951) utskild frå Gjerde (bnr. 3) som Solvang (bnr. 7), som var namnet på verksemda. Einar døydde alt i 1958, og Olga dreiv verksemda vidare så lenge ho levde.

Olga og Einar var barnlause, og Olga si brordotter Laila Gjerde (f. 1956) overtok kafédrifta (skøyte 28.6.1978). Ho dreiv så gamlekafeen til 1985. I byrjinga var det sommardrift, men aktiviteten vart trappa opp etter kvart.

Utviding 1985

Laila Gjerde bygde eit nytt og større kafé- og pensjonatbygg då det var klart at det gjekk mot utbygging av jostedalsvassdraget (Jostedal kraftverk). Bygget stod ferdig i 1984 (tomt utskild som bnr. 51 frå Gjerde (bnr. 3) 21.9.1984). Nyekafeen opna i 1985 og hadde 32 senger med festsal i kjellaren.

Anleggsperioden for kraftutbygginga (til 1989) vart viktig for verksemda, og det same vart den aukande turisttrafikken ut gjennom 1980- og 90-åra.

Jostedal hotell

Neste utviding kom i 2001-02 med eit tilbygg til det nyaste kafebygget. Alle pensjonatromma vart oppgraderte til hotellstandard, og verksemda fekk namnet Jostedal hotell. Det vart no åtte nye dobbeltrom, ny festsal og nytt inngangsparti/resepsjon.

Gamlestova på Gjerde vart òg sett i stand sommaren 2001 for å kunne nyttast til fest- og møtelokale.

Like etter vart òg gamlekafeen sett i stand, og det vart her bygt fleire hotellrom og leilegheiter til utleige. Samla har hotellet i dag 46 senger (2013).

Samlingsplass i bygda

Kafeen og hotellet har heile denne perioden vore heilårsope, og det er ein svært viktig institusjon for lokalsamfunnet i Jostedalen. Det er ein mykje nytta lokal møteplass attåt turisttrafikken om sommaren, og lokalsamfunnet står for kring halvparten av omsetninga. Her vert det halde alt frå bygdefestar, møte og kulturarrangement til bursdags- og konfirmasjonsfestar og minnestunder. Dette er gjennom heile året òg den lokale puben for jostedølene.

Gardsdrift og prisar

Laila Gjerde overtok heimgarden Gjerde i 1991. Garden fekk ny driftsbygning i 1992 og ei ny utviding på 2000-talet, og dette er i dag den største mjølkegarden i Jostedalen. På 2000-talet har hotellet satsa på lokal mat med mange eigenproduserte råvarer frå garden.

Verksemda fekk i 2001 utmerkinga Årets bedrift frå Luster kommune. Laila Gjerde fekk i 2010 Bygdeutviklingsprisen i Sogn og Fjordane frå Innovasjon Noreg.

Eksterne ressursar og litteratur