Jostedal bygdemagasin

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Jostedal bygdemagasin (Justedals Bygdemagazin) var eit magasin skipa i 1824. Det eksisterte til 1895 då kapitalen gjekk inn i nyskipa Jostedal sparebank.

Bakgrunn og skiping

Peder Pavels Aabel vart 13. april 1822 utnemnt til sokneprest i Jostedal prestegjeld, men byrja raskt å leita etter ein veg bort frå det vesle og fattige prestekallet. Alt året etter, 20. august 1823, vart han utnemnd til sokneprest i Sogndal. Aabel fekk då gjennomslag for framlegget sitt om at han skulle styra Jostedal prestegjeld frå Sogndal. Som motyting gjorde han framlegg om at korntilskotet frå dei andre kyrkjene i Sogn i tre år (19 ½ tønner årleg) skulle nyttast som grunnkapital i eit bygdemagasin.[1] Den 20. august 1823, same dagen som Aabel vart utnemnd til prest i Sogndal, vart det såleis utferda ein kongeleg resolusjon om at det skulle etablerast eit bygdemagasin i Jostedalen. 2. oktober 1823 sette amtmannen, sorenskrivaren og futen ned ein kommisjon som utarbeidde retningsliner for det statlege kornmagasinet. På sommartinget for Jostedal og Luster 11. juni 1824 vart retningslinene vedtekne og innsende til godkjenning.[2]

Magasinhuset

Noko av det fyrste styret for magasinet gjorde, var å få tak i eit magasinhus som vart sett opp på haugen eit par hundre meter sør for kyrkja og prestegarden, der prestegardstunet har lege etter flyttinga kring 1905. Magasinhuset vart i 1897-98 flytt til Krundalen og ombygd til skulehus. Skulehuset er seinare overteke av Jostedal historielag og vart i 1980-åra oppsett som skulehus ved prestegarden, eit steinkast frå der det gamle magasinhuset stod.

Nedlegging

Bygdemagasinet vart nedlagt i 1895 og kapitalen overført til Jostedal sparebank, som vart skipa 13. juli 1895.[3] Det finst eit rikt kjeldetilfang om bygdemagasinet, men magasinet er knapt nok omtala i historiske arbeid. Ein veit såleis lite om drifta gjennom dei drygt 70 åra magasinet eksisterte.

Notar

  1. Øvregard m.fl. 2010, s. 185
  2. SAB, Forhandlingsprotokoll 1823-1869, fol. 1a-5a
  3. Evjestad m.fl. 2000, s. 4, jf. Jostedals sparebank i Fylkesleksikon, NRK Sogn og Fjordane

Kjelder

  • Statsarkivet i Bergen, Jostedal sokneprestembete, Forhandlings- og rekneskapsprotokoll for Jostedal bygdemagasin 1823-1869
  • Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, SFF-89003 Jostedal bygdemagasin, Møtebøker 1869-1895
  • Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Jostedal formannskap, Forhandlingsprotokollar 1838-1900
  • Evjestad, Alf Henning, m.fl. (2000). Ein kommune - ein bank. Gaupne: Luster sparebank
  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag