Jostedal historielag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Garden Berget. Jostedal historielag har sidan 1988 hatt ein avtale med eigaren om å ta vare på og disponere det gamle tunet. Laget har lagt nytt tak på stovehuset og gjort jamleg vedlikehaldsarbeid. Det er òg lagt nytt tak på steinfjøsen som stod utan tak. Historielaget har år om anna hatt slåttedagar, grautdagar og andre tilstellingar i Berget.
Foto: Oddmund L. Hoel (2011).

Jostedal historielag vart skipa 24. februar 1949. I §1 i lagslova heiter det at «Føremålet for laget er å ta vare på historiske og kulturelle minne frå Jostedal». Laget dekkjer den tidlegare kommunen og noverande bygda, soknet og skulekrinsen Jostedal i Luster kommune i Sogn. Laget har siden 1994 gjeve ut Luster. Lokahistorisk årbok saman med sogelaga i Hafslo og Luster samt Luster kulturkontor.

I 2019 hadde laget 63 medlemmer. Medlemstalet er relativt stabilt.

Leiarar

  • Lars Stølen
  • Sigbjørg Sperle
  • Aud Fossøy
  • Olav Stølen

Hovudaktivitetar

Laget har ansvar for husi, istandsetting og vedlikehold på den gamle garden Berget i Fåberg. Jostedalen historielag har òg flytta eit gamalt skulehus i Krundalen til prestegarden og satt i stand kverna på Nigardsgardane etter storflaumen i 1979.

Vidare har laget koordinert arbeidet med stadnamn i Luster kommune og restaurert den gamle stien mellom Døse og Viva.

Publikasjonar

Kjelder