Jostedal skule- og bygdeavis: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(→‎Kjelder: dig utg)
Ingen redigeringsforklaring
Linje 37: Linje 37:


[[Kategori:Jostedalen]]
[[Kategori:Jostedalen]]
[[Kategori:Aviser]]
[[Kategori:Luster kommune]]
{{nn}}

Sideversjonen fra 25. jan. 2016 kl. 11:47

Mal:Thumb høyre

Jostedal skule- og bygdeavis (JSA) vert gjeve ut av skulen og bygdefolket i Jostedalen i Sogn og Fjordane.

Skiping

Fyrste nummer kom ut hausten 1977 med tittelen Jostedal skuleavis. Initiativtakaren var rektor Lars Thomassen ved Jostedal skule, og det var i byrjinga ei rein skuleavis der elevane skreiv om livet på skulen og i bygda.

Frå skuleavis til bygdeblad

Bladet kom to gonger årleg med eitt nummer til jul og eitt til påske. Alt i tredje nummeret kom spørsmålet opp om det skulle vere ei rein skuleavis eller ei meir utvida bygdeavis. Også personar utanfor skulen skreiv stoff og vart dregne inn i det redaksjonelle arbeidet, og frå nr. 5 (hausten 1979) vart bladet omdøypt til Jostedal skule- og bygdeavis. Seinare har bladet i røynda hatt to redaksjonsgrupper: Lærarane og alle elevane på Jostedal skule, og ei frittståande og sjølvrekrutterande redaksjonsgruppe av interesserte bygdefolk utanfor skulen.

Utgåver, opplag og sidetal

JSA er utgjeven utan avbrot sidan 1977. Fram til skuleåret 1996/97 kom bladet med to nummer årleg. Frå hausten 1997 har det kome eitt nummer årleg, utgjeve til jul. Utgåva hausten 2012 var såleis det 56. nummeret i rekkja.

Sidetalet auka frå 24-30 for dei to fyrste nummera til ca 70-90 sider gjennom 1980- og 90-åra. Fram til nr. 23 (hausten 1988) kom bladet i A5-format, sidan har det kome i A4-format. Sidan den gongen har bladet vore på kring 100 sider, på det meste 124 sider. Opplaget auka frå 200 dei fyrste åra til 500 i 1984 og dei fleste år seinare (nokre få år 600).

Redaksjonell profil

Den redaksjonelle profilen har lege etter måten fast. Bladet har alltid hatt eit visst innslag av lokalhistorisk stoff og tradisjonsstoff, men det er alltid aktualitetsstoffet som har dominert. Dette har både femna om nytt om folk i dalen, reiseskildringar, byggjeprosjekt og ymse opplevingar og stoff om næringsaktivitet og ikkje minst bygdeutvikling. Bladet har òg teke opp meir kontroversielle saker, som kraftutbygging.

Sidan dei fyrste nummera har ei fast spalte vore "Målet vårt" ved Anne Berit Faaberg, om gamle ord og uttrykk i jostedalsmålet.

Redaksjon

Redaktørvervet har skift ein del, og den laust samansette redaksjonen har gjerne fungert som eit kollektiv. Dei som har vore redaktørar i lengre periodar er:

  • Nr 1-14 (1977-1984) og 21-34 (1987-1994): Lars Thomassen, rektor ved Jostedal skule
  • Nr 18-22 (1985-1988): Aud Fossøy
  • Nr 37-42 (1995-1999): Asbjørg Ormberg, rektor Jostedal skule
  • Nr 45-47, 49-50 og 52 (2001-2009): Eli Bjørhusdal (45-47 i lag med Vibeke Viem)
  • Nr 53-55 (2009-2011): Anne Marte Snøtun
  • Frå nr 56 (2012--): Johanne Grov

Tre som elles har lang fartstid i redaksjonen er Olav Grov, Steinar Bruheim og Peder Kjærvik.

JSA-medaljen

Redaksjonen har dei fleste år delt ut JSA-medaljen til ein person eller institusjon som har gjort eit viktig arbeid for bygda, og med ujamne mellomrom òg JSA-blomen.

Kjelder

  • Jostedal skule- og bygdeavis, nr 1-54, 1977-2010 (Digitale utgåver, Jostedal historielag)