Julius Skaug (1905-1940)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 29. jan. 2021 kl. 10:42 av Arnfinn Kjelland (samtale | bidrag) (Ny side: {{thumb|Julius Skaug (1905-1940).jpg|Julius Skaug, frå ''Våre falne'' bd. 3.}} '''Julius Skaug''' født 24. desember 1905 i Rakkestad, død 3…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Julius Skaug, frå Våre falne bd. 3.

Julius Skaug født 24. desember 1905 i Rakkestad, død 30. april 1940Lesjaskog. Han var gift i 1939 i Rakkestad med Anna Heller (f. 1904).

Julius Skaug var fenrik ved Akershus infanteriregiment nr. 4 og skulle møte ved Gardermoen da mobiliseringsordren kom. Men dit kom han ikkje fram, og reiste derfor vidare til Kongsvinger der han truleg vart plassert i ei sanitetsavdeling under Østoppland infanteriregiment nr. 5 og vart med i felttoget oppover Østerdalen til Folldalen, Hjerkinn og Dombås. Dei var kome til Lesjaskog sentrum 30. april da dei venta på nytt bombeangrep. Soldatane trekte ut av vegen i skogen ved Lissersvingen og begynte å grave dekningsrom da bombeflya kom. Skaug hadde lagt seg innved ein fjellvegg, og ei bombe trefte rett over han slik at han vart dekt av snø, stein og jord. Han var truleg mellom dei to som ikkje vart attfunne før 20. mai. han vart sendt til Rakkestad og gravlagt der 6. juni.

Kjelder