Just Knud Qvigstad

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Læraren, filologen, folkloristen og sameforskaren Just Knud Qvigstad

Just Knud Qvigstad (fødd 4. april 1853 i Lyngen, død 15. mars 1957 i Tromsø) var rektor, filolog, folklorist og forskar — og frå 1920 statsstipendiat — i samiske språk. Han var dessutan høgrepolitikar og statsråd for Kirkedepartementet. Enda meir oppsiktsvekkjande enn kor gammal han vart – han døydde knapt tre veker før 104-årsdagen sin – er det uvanlig langvarige og innhaldsrike yrkeslivet hans. Den første vitskaplige publikasjonen hans kom ut i 1881, og den siste, om samiske kjærligheitsforteljingar, vart trykt 72 år seinare, i 1953!

Oppvekst og utdanning

Just Knud Qvigstad vart fødd på Lyngseidet av Edel Petrine, f. Krogh Wadel (1828–1905) og distriktslege Engebret Qvigstad (1814–1869). Farfaren var juristen Knud Qvigstad (1785-1842), som mellom anna var fut på Nedre Romerike. Just Knud tok examen artium som 16-åring ved Tromsø Lærde og Realskole og vart immatrikulert til filologiske studium ved Det Kongelige Frederiks Universitet i Kristiania i 1869. Han vart cand.philol. i språk og historie som 21-åring i 1874; så vart han cand.teol. i 1881 etter sin andre embetseksamen i ein alder av 28 år.

Virke

Samtidig som Qvigstad studerte teologi var han lærar ved real- og latinskolar i Kristiania og Tromsø frå 1874 til 1878, og frå 1878 var han lærar i samisk ved Tromsø Seminarium.

Forskinga hans Just Knud Qvigstad byrja med ein studietur til Kautokeino i 1878, men det vitskaplige engasjementet låg nede ei stund på grunn av skolearbeid og politikk. I 1883 vart han bestyrar for lærarseminariet. Tittelen vart endra til rektor da seminariet vart omdøypt til Tromsø Lærerskole i 1902. Qvigstad hadde fleire kommunale verv og skjøtta fleire offentlige oppgåver. Han virka blant anna som bystyremedlem for Høgre i 1899–1907 og var ordførar i Tromsø kommune i 1899, 1903 og 1907. I perioden 1910–12 fungerte han som kyrkje- og undervisningsminister i Wollert Konows regjering.

I 1920 vart Qvigstad statsstipendiat, med full løn som fristilt rektor frå lærarskulen for å vie seg til studium av samisk kultur og historie, og for å fortsette den lingvistiske forskinga si innafor finsk, kvensk og samisk. Arbeidet med ord og uttrykk resulterte òg i større tekstsamlingar. Mykje av dette stoffet fikk han tilsendt frå eit nettverk av lærarkontaktar i dei nordlegaste fylka. Desse lærarane sende inn segner og svara på spørjelister om folkemedisin og folketru. Ein av dei flittige informantane hans Qvigstad som har fått spesiell merksemd for dei verdifulle samlingane sine var lærar Ole Andreas Thomassen i Porsanger.

Som styrar for Den samiske avdelinga ved Tromsø Museum (fram til 1931), lykkast det for Qvigstad å få samla inn over 2300 forteljingar, medan boksamlinga vart oppbygd til eit verdifullt bibliotek på rundt 2000 band.

Da Instituttet for sammenlignende kulturforskning vart oppretta, hadde Qvigstad ansvaret for det samiske fagfeltet. Dessutan var han styremedlem i Det norske samemisjonsselskapet. Ved Tromsø Museum sat han i styret frå 1884 til 1934. I 1943 vart Qvigstads gullmedalje innstifta. Han blir delt ut kvart femte år for fortenestfulle bidrag til samisk forsking. Elles vart han innvald i Videnskapsakademiet i Kristiania i 1888 og Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab i Trondhjem i 1894. Han fekk Gunnerusmedaljen i 1930.

I samband med 150-årsjubiléet for J. Qvigstad i 2003 vart Qvigstad-auditoriet ved Høgskolen i Tromsø oppkalla etter han.

Synet på det samiske

Qvigstad hadde på den eine sida stor – og eksplisitt uttrykt — respekt for mange av sine heimelsfolk, og han transkriberte nøye og samvetsfullt det samiske tradisjonsmaterialet. På den andre sida stod han for det synet at samisk kultur i altovervegande grad og til si inste kjerne bestod av innlån frå andre kulturar og som hadde berre avgrensa kulturell verdi ut over reindrifta — som vi ser av denne transkripsjonen frå eit intervju ved skoleinspektør Johan Rydningen i 1939:[1]

Skoleinspektør Johan Rydningen: Ja; de mange store bind samiske folkeminne(r) De har utgitt tyder på at samene, så lite og isolert folk det er, er et åndslivlig og produktivt slag. Hva vil De si om det?
Qvigstad: Samerne har hatt en eiendommelig evne til å låne fra sine naboer – nordmenn, svensker, finner, kareler – i tidenes løp. ... Og avpasse dette efter sine forhold, sine leve- ... kår ...
Rydningen: Ja....
Qvigstad: Og det som de har opptatt, har de da ofte gitt et eget preg.
Rydningen: Ja.... Er samene et raserent folk – fremdeles?
Qvigstad: Det er vanskelig å finne samer med udelukkende lappiske rasemerker. De er blandet opp i tidenes løp med nabofolkene.
[...]
Qvigstad:Samerne har ikke nogen original kultur utenom det som vedkommer teltet og rendriften. Når lapperne blir fastboende, ligger deres fremtid og fremgang i, at de tilegner seg norsk arbeids- ... måte og norsk levevis. ... Lapperne har... Skal lapperne gå frem og hele deres ut-... åndelige utvikling bygges på norsk grunnlag. Og ... en folkehøyskole for lapperne kan ikke mangle alsa det ... arvegull som den norske folkehøyskole har å by sine elever fra norsk kultur og tradisjon.

Utvalde verk

Tittelbladet til De lappiske stedsnavn i Finnmark og Nordland fylker (1938).
  • Beiträge zur Vergleichung des verwandten Wortvorrathes der lappischen und der finnischen Sprache. Druckerei der Finnischen Litteratur-Gesellschaft. Acta Societatis Scientiarum Fennicae 12, 1881.
  • (Saman med G. Sandberg): Lappiske Eventyr og Folkesagn. Med Indledning af Moltke Moe. Kristiania 1887.
  • Lappische Sprachproben / aufgezeichnet von J. Qvigstad und G. Sandberg. Helsingissä : Suomalaisen Kirjallisuuden Seuran kirjapainossa, Suomalais-ugrilaisen Seuran Aikakauskirja 3. 1888
  • Nordische Lehnwörter im Lappischen. Christiania Videnskabs-Selskabs forhandlinger, 1893.
  • Lappischer Aberglaube. Etnografisk Museum. Kristiania 1920.
  • Norske Gaardsnavne, Finnmark. Bind 24. Kristiania 1924.
  • Lappische Märchen- und Sagenvarianten. FF Communications N:o 60. Helsinki 1925.
  • Lappiske eventyr og sagn I-IV. Instituttet for sammenlignende kulturforskning. Oslo 1927-29.
  • Lappische Heilkunde. Oslo 1932.
  • De lappiske stedsnavn i Finnmark og Nordland fylker, Instituttet for sammenlignende kulturforskning. H. Aschehoug & Co (W. Nygaard). Oslo 1938.
  • De lappiske appellative stedsnavn. Instituttet for sammenlignende kulturforskning. H. Aschehoug & Co (W. Nygaard). Oslo 1944.

Litteratur om Just Knud Qvigstad

  • Festskrift til Rektor J. Qvigstad. Oslo 1928.
  • Kristian Nissen: Studia Septentrionalia V. Oslo 1953.
  • Asbjørn Nesheim: J.K. Qvigstad (1853-1957) (s. 323-338). Dag Strömbäck (red): Leading Folklorists of the North. Universitetsforlaget. Oslo 1971.

Lenkjer

Fotnotar

Eksterne lenker


Creative Commons License Denne artikkelen er helt eller delvis basert på artikkelen «Just Knud Qvigstad» fra Wikipedia på bokmål og riksmål og kan kopieres, distribueres og/eller endres slik det er angitt i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For en liste over bidragsytere til den opprinnelige artikkelen, se endringshistorikk knyttet til den opprinnelige artikkelen. For en liste over bidragsytere til denne versjonen, se endringshistorikk knyttet til denne siden.
Artikkelen bør gjennomgås med tanke på tilpasninger til lokalhistoriewiki.no. Se Hjelp:Forskjeller fra Wikipedia for mer informasjon.


Tree.ring.arp.jpg På Lokalhistoriewiki skriver vi artikler om hundreåringer. Vi oppfordrer historielag og enkeltpersoner til å bli med på denne dugnaden. Vi ønsker både bilder og tekst om personene.
Flere artikler og bilder finner du i denne alfabetiske oversikten.