K. Emdal

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

K. Emdal & Co AS var ein møbelfabrikk i Straumgjerde i Sykkylven skipa av Karl Emdal i 1934. Karl Emdal var odelsgut frå Emdal på Stranda, og han var difor tiltenkt oppgåva som gardbrukar på farsgarden. Karl gjekk både Sunnmøre Fylkesskule og Gjermundnes Landbruksskule, og etter militærtenesta kom han heim for å ta over gardsdrifta. Men jordvegen gav eit magert utkome. For å spe på inntekta tok han seg arbeid på korgmøbelfabrikken til P.I. Langlo. Der var han i fleire år inntil han i 1929 vart verksmeister ved A/S Sykkylven Kurvvarefabrikk. Viktigaste oppgåva hans her vart å lære opp dei urøynde unggutane i korgmakaryrket.

Etter få år kom korgmøbelproduksjonen i bakgrunnen, og dei overstoppa møblane tok over. På det feltet kunne ikkje Karl Emdal meir enn dei andre. Med sin vinnande veremåte fekk han i staden oppdrag som salsmann for verksemda. På salsturneane såg han at møblane frå Sunnmøre vart vel mottekne over heile landet. Han fann då ut at han ville byrje som møbelfabrikant sjølv. Karl fekk med seg ti arbeidsvillige ungdomar, og i lag skipa dei møbelfabrikken K. Emdal & Co. A/S. Kvar av dei ti første arbeidarane skaut inn 1000 kroner i aksjekapital. Dei som var urøynde, måtte elles arbeide tre månader utan løn, slik praksisen var ved dei fleste møbelfabrikkane i bygda på denne tida. Ved sida av arbeidaraksjonærane hadde Karl Emdal god hjelp av brørne sine, Ole Elias og Oddleiv Emdal, dei første åra.

Emdal-fabrikken laga møblar over ein brei skala, både store og overstoppa stolar og mindre stolar. Kolleksjonen til bedrifta harmonerte godt med modellutvalet til Tynes Møbelfabrikk, og difor utvikla dei to verksemdene eit visst salssamarbeid.

Møblane frå K. Emdal & Co. vart godt mottekne, og det gav grunnlag for ein ekspansjon utetter i 1930-åra. I 1937 løyste Karl Emdal ut dei andre aksjonærane, og bedrifta vart då eit familieaksjeselskap med ein aksjekapital på 21.000 kroner. Fabrikkanlegget vart fram til krigsutbrotet utvida i fleire omgangar, og grunnflata var i 1940 1200 m2. I 1938 hadde verksemda 30 tilsette. Bjarne Hansen, som seinare skipa møbelfabrikk på Sjøholt, var arbeidsformann ved verksemda fram til 1938.

I 1945 kjøpte Karl Emdal aksjemajoriteten i ein madrassfabrikk i Oslo, Ligg-Godt A/S, som var skipa i 1939. Kort tid etter vart det vedteke å flytte madrassverksemda til Straumgjerde. I 1948 bygde Emdal ein moderne fabrikkbygning i betong på 1000 m2 golvflate. Her vart det installert madrassmaskiner som Karl Emdal hadde kjøpt under ein studietur til USA.

I 1951 løyste Emdal ut dei andre aksjonærane i Ligg-Godt A/S. Også dette vart då eit familieaksjeselskap med Karl Emdal og sonen Ola som eigarar.

Ligg-Godt laga fleire typar madrassar. Den mest kjende modellen var Stjernemadrassen. Dessutan laga bedrifta fjører i lausvekt, og stol- og sofaputer. I putene var det fjørinnlegg, såkalla rekreoinnlegg. Mange møbelverksemder i Sykkylven fekk slike puter frå madrassfabrikanten i Straumgjerde.

Dei første etterkrigsåra var møbelbedrifta til Karl Emdal større enn madrassfabrikken. I 1948 var det 32 tilsette ved K. Emdal & Co. A/S, medan det var 18 arbeidarar ved Ligg-Godt, dei fleste av desse kvinner. Særleg hadde møbelfabrikken god avsetnad på sovesofaene. Merke som Luxor og Monark hadde ein god klang i vide kundekrinsar.

I 1958 byrja Emdal-familien produksjon av møblar i ein fabrikk på Årnes. Den fekk namnet Årnes Industri A/S, og Ola Emdal vart disponent. I 1966 oppretta dei og ei avdeling for møbelproduksjon i Alingsås ved Gøteborg.

Året etter kjøpte Ligg-Godt A/S møbelfabrikken K. Emdal & Co. A/S, og namnet på selskapet vart Emco-Møbler A/S. Med alle underavdelingane hadde Karl Emdal og Ola Emdal i 1968 ansvaret for 131 arbeidstakarar, av dei 45 på Årnes, ni i Sverige, fem i Oslo og to i Trondheim.

Møbelframstillinga kom etter kvart meir i bakgrunnen, og etter at møbelavdelinga brann ned i 1971, vart den delen trappa heilt ned. I løpet av 1970-åra vart fabrikkane på Årnes og i Sverige avhenda. Karl Emdal vart råka av ein personleg tragedie i 1968 då einaste barnet hans, Ola, døydde i ei trafikkulukke. Noko seinare døydde kona til Karl Emdal. Av desse hendingane fekk han ein knekk, sjølv om han heilt til det siste dreiv livsverket sitt fram med stor energi. Karl Emdal døydde i 1976.

Fram til kring 2000 heldt Emco-Møbler A/S stillinga som ein av dei leiande madrassprodusentane i landet. I 1985 stod bedrifta for om lang 15 % av den norske madrassfabrikasjonen. Emco-Møbler A/S konsentrerte då all innsatsen om den norske marknaden.

I 2007 kom det nye eigarar inn i madrassfabrikken som då fekk namnet Stjernemadrassen AS. Verksemda lagar madrasser av ulike typer, både standardmodellar og spesialtilpassa madrasser. Bedrifta sel standardmadrasser til frittståande forretningar, og spesialbygde madrasser m.a. til båtar og campingvogner. Dagleg leiar av verksemda er Håvar Tandstad.

Kjelder