Kamsehaud

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

Kamsehaud er ein tradisjonell vestnorsk matrett. Fiskelever blanda med byggmel fyllast i eit rensa brosmehovud og kokast.

Kams er ein middagsrett der fiskelever er ein viktig del av råstoffet. Når ein lagar retten, fjernar ein først alle hinner, tæger og kveis frå levra. Så knip ein ho sund og eltar i mjøl, helst byggmjøl. For å hindre at kamsen vert kokt ut i sodet sper ein med væske. Det har vore vanleg å bruke skyr. No vert det helst brukt kulturmjølk. Kamsedeigen må og saltast. Deigen vert laga til runde, flate ballar som vert kokt i høveleg salt fiskekraft. Ofte har ein brukt fiskesodet etter at den kokte fisken er oppteken. Etter om lag 20 minutt trekking er kamsen ferdig. Kamsen vert eten til fersk, kokt fisk. Ein drikk gjerne surmjølk til.

Ein variant av denne retten er kamshaud. Då fyller ein kamsedeig i eit reinvaska hovud av torsk eller brosme før ein koker det.

Denne retten har lange tradisjonar i Nordfjord og på Sunnmøre. Bruken av kams har gått attende i seinare tid.

Kjelder