Karen Mathea Prestegård

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 24. okt. 2017 kl. 12:13 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Skjulte kat)
Hopp til navigering Hopp til søk
Mattia Prestgarden, ca. år 1900. Utsnitt frå foto i Skjåk Historielags biletsamling.
Foto: Ukjent.

Karen Mathea Olsdatter Prestegård (fødd i Skjåk 5. mars 1832 død same stad 7. oktober 1912) var gardbrukar og skysstasjonhaldar i Skjåk. I lokal daglegtale heitte ho Mattia Prestgarden. Ein finn også stavemåten Mathia i samtidige kjelder.

Inskripsjon på ei kinne som har tilhøyrt Mathea Prestegård.
Foto: Hans P. Hosar 2015.

Familie

Ho var fødd og oppvaksen på Søre Prestgarden i Skjåk, og levde heile livet der, gjennom to ekteskap. Foreldra var Karen Dorthea Hansdotter Torp (fødd ca. 1795) og hennar mann i andre ekteskap Ola Olsen Prestgard (fødd 1805). Mathea voks opp saman med ein 10 år eldre stebror, Erik, (Erik O. Hagen,) som seinare vart kjend som lekpredikant.

Mathea gifta seg i 1857 med Ola Gregorsen Skrinde (1830-1864).[1] Dei fekk dottera Anne Caroline i 1861. Ola Gregorsen døydde i 1864. Etter fem år i enkjestand gifta Mathea seg på nytt i 1869 med Pål Sevaldsen frå Sjurgard i Lom (f. 1827, død 1900)[2] Mathea og Pål fekk sonen Ola (fødd 1870 død ugift 1908). Han gjekk under kallenamnet Fubben, noko som vel indikerer at han ikkje vart rekna for noko særleg, utan at vi veit noko meir presist om det.

Garden

Foreldra til Mathea hadde kjøpt Søre Prestgarden i 1829, tre år før ho var fødd. Det ligg føre skøyte frå Johannes Erlandsen Prestgard til Ole Olsen på søre og til Ola Rasmussen Mallaug på nørdre 25.4.1829. Men skylddeling av dei to bruka vart ikkje gjennomført før 40 år seinare, i 1869, kanskje i samband med at Mathea da gifta seg på nytt. I skylddelingsforretninga er det framleis far hennar som står inne for garden, men Mathea inngår same året føderådskontrakt med foreldra. Det var truleg berre ei formalisering av allereie etablerte tilhøve. For i folketeljinga 1865 er det Mathea, som da nyleg var vorten enkje, som er oppført som gardbrukar og hovudperson, medan foreldra Karen Dorthea og Ola er føderådsfolk. Samstundes med skylddelinga og føderådskontrakten 1869 løyser Mattia ut medarvingen sin, halvbroren Erik O. Hagen, som skøyter over sin eigarpart i Prestgarden rett før han emigrerer til USA. Han hadde etablert seg som gardbrukar med familie i Hagen i Nordberg alt i 1847, og det var altså den yngre halvsystera som vart ved åsetet på Søre Prestgarden.

Ved skøyte 18.november 1899 overdrog Mathea og Pål garden til sonen. Pål døydde kort tid etter, den 9. januar 1900. Ola (Fubben) dreiv garden i berre fem år, da han selde Søre Prestgarden til Ola T. Hyrvebakken ved skøyte 9. november 1905, med unntak av jordstykket Killingsida. Ola Pålsen Prestgard døydde 1. februar 1908, og han budde ved det tidspunktet framleis på Prestgarden. Om dette også gjeld Mathea, har vi ikkje bringa på det reine. Ho flytta iallfall på eit tidspunkt til dotter si på Bakke (Karoline), der ho hadde tilhald da ho døydde.

Skysstasjonen

Søre Prestgarden var skysstasjon nokre år fram til 1896, da løyvet gjekk attende til Sygard Ånstad i same grenda, som også hadde vore skysstasjon tidlegare. Det er mogleg at bakgrunnen for dette var misnøye med måten Mathea og Pål dreiv verksemda på. I 1894 skriv trondheimsmannen Jens Hoff i skyssdagboka på ein annan stasjon i bygda, Pollfoss, om si oppleving av Prestegarden førre natta: «På Præstegård Station er gjennemgående dårligt Stel. Slet Opvartning, dårlig og urensligt Madstel samt tvær og uhøflig Behandling, specielt fra Konens Side. Klagen bedes godhedsfuldt taget ad notam.» Verten på Pollfoss har tilføygd: «Sendt Lensmanden 14/8 94.»

Ettermæle

Kanskje gjev eit slikt lite, tilfeldig glimt eit urettvist bilete av ho Mattia Prestgarden. Kven veit om ikkje den reisande bykaren ved sin eigen oppførsel kunne ha provosert fram uviljen hjå vertskapet? Etter tradisjonen på garden i ettertid er det rett nok fortalt ting om Mathea som heller ikkje gjev eit særleg flatterande bilete av personlegdomen. Mellom anna skal ho ha vore så gjerrig at ho blanda parafin i smøret til tenestefolket så dei skulle forsyne seg mindre av det. Det urimelege i dette - smøret ville jo bli øydelagt og ingenting spart - kan likevel tene til å svekke truverdet i attesten. Kyrkjetenar og gravar Lars Viken, fortalde at han gjorde grava hennar Mattia ein halv meter djupare enn vanleg, for om mogleg å forebyggje at ho skulle kome att (eit tiltak som visstnok ikkje verka som det skulle ...). Lars Viken var husmann i grannelaget, og på folketeljingstidspunktet i 1910 budde familien til leige på Søre Prestgarden. Dette var to år før Mathea døydde, så han kjende nok godt henne og familien. Hans dom over Mathea sin personlegdom var heller neppe uhilda.


Referansar

  1. Ættebok for Skjåk bd. 1 s. 84, jf. s. 15
  2. Kolden/Kjelland 2002:206.

Kjelder og litteratur

  • Hosar, H.P.: Skjåk bygdebok band 3. Historia 1798-1914. Skjåk kommune 1998.
  • Kolden, Jon, ansv. red. Arnfinn Kjelland: Bygdabok for Lom 2. Gards- og ættesoge for Lii, Staurustgrendi og Strondi. Snøhetta forlag. Lom kommune 2002.
  • Ættebok for Skjåk, bd. 1 (1946), bd. 2 (1969). Skjåk Historielag.
  • Karen Mathea Prestegård i Historisk befolkningsregister.