Karin Magni Dale Døving

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 9. sep. 2019 kl. 17:30 av Marthe Glad (samtale | bidrag) ({{KL}})
Hopp til navigering Hopp til søk

Karin Magni Dale Døving (fødd 7. april 1916 i Norddal) er gardkone og husmor, busett i Norddal. Ho er også kjend som diktar og rimsmed.

Etter folkehøgskule i Ørsta var ho seterjente på Herdalsetra og tenestejente på Muri i Valldal. Seinere arbeidde ho på Kaffistova i Ålesund.

I 1940 flytta ho til garden Tunga i Norddal, etter å ha vorte gift med Thore P. Døving. Ekteparet fekk etter kvart tre born.

Karin Døving er kjend for å vere ein dyktig rosemålar, og ho arbeidde ein periode som dekoratør ved Brødr. Øyehaug trevarefabrikk i Ørsta. Ho er samfunnsengasjert og var mellom anna mot utbyggjing av Herdalsvassdraget. Ho fekk difor æra av å opne landskapsvernområdet på Geitakyrkja. Døving har dessutan skreve bok om Herdalsetra.

Som 100-åring bur ho på Valldal sjukeheim.

Kjelder og litteratur


Tree.ring.arp.jpg På Lokalhistoriewiki skriver vi artikler om hundreåringer. Vi oppfordrer historielag og enkeltpersoner til å bli med på denne dugnaden. Vi ønsker både bilder og tekst om personene.
Flere artikler og bilder finner du i denne alfabetiske oversikten.