Karl Grevstad

Karl Grevstad (fødd 8. oktober 1900 i Ålesund, død 26. september 1975 i Oslo) var ein arkitekt som virka i Oslo i perioden 1936-1948. Han var professor i Byggekunst 4 ved NTH 1948 -1970.

Han var utdanna ved NTH i 1925, og arbeidde særleg med store kontorbygg og sjukehus. Han sto og bak det store bygget i funksjonalismeTyrigrava frå 1933.

Han var professor Sverre Pedersens medarbeidar på BSRs reguleringsplan for Elverum i 1940. I Molde teikna han Metodistkyrkja i Elvegata 7 i 1947. I Bodø teikna han Nordlandssykehuset i 1953.

Blant hans arbeid elles kan nemnast Sogn yrkesskole og Rikshospitalets nybygg i Oslo, Stavanger Tinghus, og Sentralbygget på NTH i Trondheim. I Trondheim teikna han også Sentralsykehuset, som vart rive i 2011.

Kjelder og lenker


  Denne artikkelen om en arkitekt er del av prosjektet «Gjenreisningsarkitektane» fra Nasjonalt Senter for Gjenreisingsarkitektur. Du kan gjerne bidra med flere biografier! Flere artikler finner du i Kategori:Arkitekter.