Keiser Dal

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 19. apr. 2017 kl. 10:34 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk

Keiser Dal (fødd 1806 på Keiserud i Åsnes, død 1871 på Hørte i Lier) var ein omstreifar. Han heitte opphavleg Gunder Gundersen.

Han kalla seg keiser Dal, gjekk i militærjakke fullhengd med medaljar og stjerner og anna glitter, og fortalde overalt han kom om den tragiske kyrkjebrannen i Grue i 1822, der fleire i hans næraste familie skulle ha mista livet. Tilnamnet (med Dal etter mora) var så innarbeidd at kyrkjeboka for Lier berre kallar han "Keiser Dahl, en omvankende sindssvag Mand" i dødsmeldinga.