Kina

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

Kina, formelt Folkerepublikken Kina, er det mest folkerike landet i verda, og det tredje største landet etter areal. Landet har ei historie som går over 3500 år attende, med skriftlege kjelder frå så langt attende som 1500 f.Kr. I mesteparten av denne tida har landet hatt relativt stabile dynasti, men det har òg vore periodar med opprør, oppsplitting, samling og ekspansjon. Det siste keisardynastiet blei avsett ved ein revolusjon i 1911, og landet blei splitta mellom krigsherrar med forskjellige politiske ideologiar. I 1945 braut det ut borgarkrig, og i 1949 vart ein kommunistisk revolusjon gjennomført. Sidan den gong har Kina vore ein ettpartistat.

Økonomi

Landet har den nest største nasjonale økonomien i verda, og dominerer verdsmarknaden for ein rekke industriprodukt, råvarer og landbruksvarer. Frå slutten av 1970-åra har Kina gått gjennom ein modernisering, som mellom anna medførte liberalisering av økonomien. Planøkonomien blei ikkje avskaffa, men kraftig redusert til fordel for marknadsøkonomi. Utanlandske investorar fekk friare kår, og sidan 1999 har Kina investert stort i andre land.

Politikk

Kommunistpartiet har eit totalt maktmonopol, og alle formar for opposisjon eller kritikk av styresmaktene møter strenge reaksjonar. Det finst nokre mindre parti som vert tolerert, men utan frie val har dei i praksis ingen påverknadskraft. Massemedia er underlagt sensur, og sjølvsensur er særs vanleg. Bruk av internett har strenge grenser. Borgarane blir overvåka nær sagt over alt.

Etter revolusjon var det mange land som ikkje anerkjente Folkerepublikken, men som i staden rekna Taiwan (Republikken Kina) som representant for det kinesiske folket. Først i 1971 blei Taiwan erstatta av Folkerepublikken som fast medlem i FN sitt tryggingsråd.

Folk og språk

Det bur over 1,3 milliardar menneske i Kina. Mellom 90 og 95 prosent av dei er hankinesarar, medan dei andre er fordelt på drygt femti små og store etniske minoritetar. Nokre av desse gruppene står i sterk opposisjon til styresmaktene, og ønskjer lausriving frå republikken. Dette gjeld særleg tibetanarane og uigurane.

Hankinesarane og fleire av minoritetane talar variantar av kinesisk språk. I media nytter ein særleg putonghua, som er basert på nord-kinesisk. Dette språket blir nytta som fellesspråk, då ikke alle dei regionale variantane er innbyrdes forståelege. Av ikkje-kinesiske språk er det særleg tibetansk, uigur og mongolsk som har stor utbreiing.

Religion

Mange kinesarar er religiøse, sjølv om staten for det meste er negative til religion. Under kulturrevolusjonen 1966–1976 var religion forbode, men etter at liberaliseringa tok til i 1978 byrja styresmaktene å garantere rett til det dei kallar normal religiøs verksemd. Kva dei meiner med normal endrar seg over tid. Til dømes er den religiøse rørsla Falun Gong forbode, fordi den ikkje er under statleg kontroll.

Taoisme og konfusianisme har sitt opphav i Kina, og buddhismen kom tidleg inn frå India. Desse tre religionane har blitt tolerert, og mange kombinerer element frå dei tre i sin religiøse praksis. Styresmaktene har til dels tatt kontroll over religiøse grupper, og nytter dette til å drive sosial kontroll. Tibetanske buddhistar har blitt forfulgt fordi dei blir mistenkt for å kjempe for tibetansk sjølvstyre.

Kristendommen kom først til Kina på 600-talet med iranske handelsmenn. På 1200-talet kom fransiskanarar til Beijing, og det blei oppretta eit bispedøme der. Denne kyrkja døydde ut. På 1600- og 1700-talet kom jesuittane, og dei klarte å omvende mange. Den katolske kyrkja fekk stor oppslutning, mellom anna fordi misjonærane omtolka forfedrekulten som var vanleg i Kina som ein form for helgenkult. Dette tok slutt i 1704, då pave Klemens XI la ned forbod mot ei slik tolkning. Dette førte til ein periode med forfølging av kristne, og jesuittane blei utviste. Ein del haldt fram som katolikkar, og i 1810 var det kring 80 kinesiske prestar og kring 200 000 truande. Den protestantiske misjonen tok til i 1807, og etter opiumskrigane 1839–1842 og 1856–1860 blei Kina ein viktig misjonsmark. Etter revolusjonen i 1949 blei misjonærane skulda for å representere framande makter, og dei blei utviste. Etter liberaliseringa har kristne grupper fått noko større fridom, men det er sit krav om statleg kontroll. Til dømes finst det ei statleg katolsk kyrkje parallelt med ei kanonisk legitim, men ulovleg katolsk kyrkje utgått frå og knytta til pavekyrkja.

Akademia

Akademisk kontakt mellom Noreg og Kina har mellom anna omfatta stipend- og utvekslingsordningar som statsstipend til Kina og institusjonar som Konfutse-instituttet i Bergen.

Kina og Noreg

Før 1949 var det mange norske misjonærar i Kina. Til dømes vart Norsk Luthersk Misjonssamband grunnlagt for å sende misjonærar til Kina, og heitte først Det norske lutherske Kinamissionsforbund. Etter den kommunistiske revolusjonen måtte dei forlate landet. Kina var lenge eit lukka land på mange vis, og nordmennene som drog dit var særleg maoistar på «pilegrimsferd». Sidan moderniseringa tok til mot slutten av 1970-åra opna landet seg meir, og nordmenn reiser dit både i forretningar og som turistar.

Noreg anerkjente Folkerepublikken Kina raskt etter revolusjonen, som eit av de første landa. Forholdet mellom Kina og Noreg har stort sett vore bra, men etter at Liu Xiaobo fekk Nobels fredspris i 2010 kjølna det kraftig. Først i 2017 blei forholdet normalisert.

Kina har ambassade i Tuengen allé 2 i Oslo, og Noreg har ambassade i hovudstaden Beijing, generalkonsulat i Guangzhou og Shanghai og eit konsulat i den spesielle administrative regionen Hongkong.

Litteratur og kjelder