Kirsten Bråten Berg

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Kirsten Marie Bråten Berg (født 7. september 1950 i Arendal) er sylvsmed og folkemusikar, og blir av mange rekna som den fremste kvedaren i Setesdal.

Slekt og familie

Ho er dotter av ingeniør Olav T. Bråten (1919–1982) og Kjellfrida Adelheid Lied (f. 1919).

Den 2. september 1977 gifte ho seg med gardbrukar Bjørgulv N. Berg (f. 1950). Han er son av gardbrukar Niklos B. Berg og Sigrid Hovet.

Liv og virke

Ho vaks opp i Arendal, i ein familie der både folkemusikk og bunadstradisjonar stod sterkt. Faren var bygdespelemann, og spela ofte til dans. Samstundes kom ho i kontakt med visemiljøet i Arendal, og fann seg til rette der. I 1970 flytte ho til Oslo. Ho oppsøkte Club 7, der dei hadde eit folkemusikkmiljø. Ho vart og instruktør i folkedans i Noregs Ungdomslag. Gjennom dette fatta ho interesse for dei gamla balladane.

Berg vart òg interessert i sylvsmedyrket. Ho fekk arbeid hjå David-Andersen, men viktigast var det at ho møtte sylvsmeden og spelemannen Torleiv H. Bjørgum frå Rysstad i Valle. Berg gjekk eit år på gullsmedlina på Oslo yrkesskole, og byrja så i lære hjå Bjørgum. I 1976 tok ho sveinebrev, og i 1986 meisterbrev som gullsmed. Men det er som sylvsmed ho har hatt sitt virke, og særleg har ho fokusert på bunadssylv.

Då ho i 1977 gifte seg med Bjørgulv N. Berg flytta ho til garden hans på Rysstad, og ho gjekk rett inn i folkemusikkmiljøet der. Mellom dei som var aktive var spelemenn som Gunnar Stubseid og Hallvard T. Bjørgum, og kvedarane Tarjei Brokke og Gro Heddi Brokke. Berg vart med i gruppa Slinkombas, og fekk med dei Spellemannprisen i 1979.

På den fyrste soloplata hennar, frå 1980, satsa ho på viser ho kjende frå tidlegare. Samstundes arbeidde ho med å lære seg stev og viser frå Setesdal, noko som ikke er enkelt når ein kjem utanfrå og ikkje har fått inn dialekta og rytmen med morsmjølka. Ho var òg opptatt av å gje kvedinga eit moderne uttrykk for å fange publikum si interesse. Ho var med på eit norsk/svensk samarbeid, SetesDalarna, og i 1988 kom soloplata Min kvedarlund som ho fekk Spellemannprisen for. Her gjekk det i ballader, fleire av dei henta frå voksrullopptak etter Svein Hovden.

Min kvedarlund førte til at jazzbassisten Arild Andersen oppdaga Berg, og i samarbeid med han har ho turnert over store delar av verda og fått ei rekke prisar. Mellom anna fekk ho Radka Toneffs ærespris i 1997. Albumet Sagn frå 1990 har vorte ståande som eit banebrytande verk. Ho fann òg andre å samarbeide med, som på prosjektet Frå Senegal til Setesdal. Her stilte Berg og munnharpespelaren Bjørgulv Straume opp saman med dei afrikanske musikarane Solo Cissokho og Koame Sereba.

På den tredje soloplata, Syng du mi røyst frå 2000, gjekk ho attende til visesongen. Men kvedarstilen ho hadde tileigna seg er med, i det mange meiner er ein unik blanding av kveding og visesong. Etter denne plata inviterte Vamp ho med på turné og plateinnspeling. Samstundes som ho har eksperimentert mykje, har ho òg teke vare på den tradisjonelle folkemusikken. Så seint som i 2005 vann ho vokalklassa på Landskappleiken.

Berg har i tillegg til å vere utøvar òg drive opplæring i kveding, og ho arbeidde ei tid på Valle vidaregåande skule. I 2008 vart ho medlem av Agder Vitenskapsakademi, og i 2011 vart ho statsstipendiat.

Då ho i 2005 vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden, var utnemninga både for kveding og sylvsmedkunst. Nokre prisar ho har fått er nemnde; ein kan òg ta med Gammleng-prisen i 1991, Polarstjerneordenen i 2004, Hilmarprisen i 2010 og Anders Jahres kulturpris i 2017.

VG i 2013 kåra Noregs 100 viktigaste kvinner sette dei Berg saman med Agnes Buen Garnås på 92. plass. Lesarane var ganske så einige, og sette dei på 94. plass.

Utgjevingar

Bøker

  • Berg, Kirsten Bråten: Svein Knutsson Hovden : kvedar og sogemann. Bykle kommune, 1991. ISBN 8299174619. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Berg, Kirsten Bråten (red.): Dommelidei : bånesullar, stev, regler, lokk, laling, stubbar, viser. Setesdal spelemannslag, 2013. ISBN 9788299939805. Digital versjonNettbiblioteket.

Plater

  • Slinkombas (med H. Bjørgum, G. Stubseid og T. Kvifte), 1979
  • Kirsten Bråten Berg, 1980
  • Slinkombas og bas igjen, 1982
  • SetesDalarna (med B. Ståbi, M. Röjås, P. Gudmundsson og G. Stubseid), 1984
  • Min kvedarlund, 1988
  • Juletid (med H. T. Bjørgum og E. Hægeland), 1991
  • Sagn (med A. Andersen, N. Vasconcelos, F. Alnæs, B. Hofseth og B. Wesseltoft), 1992
  • Cohen på norsk (med S. Endresen, K. Bremnes, Somebody's Darling, C. Scott m.fl.), 1993
  • Våre beste barnesanger (med Bukkene Bruse, G. Lystrup m.fl.), 1993
  • Arv (med A. Andersen, P. Vinaccia, N. Vasconcelos, B. Wesseltoft, E. Årseth og B. Hofseth), 1993
  • Suède et Norvège (med L. Willemark, A. Møller, P. Gudmundsson, G. Stubseid), 1993
  • Pilegrimen av Paal Helge Haugen og Jan Eik Pettersen (med S. Tindberg, B. Straume), 1996
  • Frå Senegal til Setesdal (med Solo Cissokho, K. Sereba og B. Straume), 1997
  • Smak av himmel, spor av jord (med K. Asbjørnsen, A. Vada, K. Saunes, O. Nordstoga m.fl.), 1999
  • Runarstreng (med H. Bjørgum), 1999
  • Syng du mi røyst, 2000
  • Stemmenes skygge (med L. Willemark og M. Mazur), 2005
  • Juletid (m. Hallvard T. Bjørgum, Eilert Hægeland), 2007
  • Songen, 2010
  • Stev For Dagen (m. Kari Rolfsen og Astri Rysstad), 2013
  • Tonesvarm Gjennom 35 År, 2014


Litteratur og kjelder