Kjeldearkiv:1886-02-25 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
1886-02-25 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 25.2.1886
Stad: Seljord
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 3
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet Vågå
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Midbøen 25. febr. 1886.

Kjære Kristian!

Dette brevet fær da bli um skilaupet her igjår då eg, um eg ikkje missminnes, lovad sist å gjeva deg ei melling um det; hellerikkje har eg noko annat å skriva um.

Laupet var haldet i Raudkleivbakkom, ei glenna, å kalle midt for Midtbøen, eit godt stykkje nordafor Glosimot; du såg altid den glenna i skogen, det står enda ei forløda nedst i hennar som me altid såg kvar morgon me gjekk til Utgarden. Det var gruvelegt bratt derburte, dubbelt so bratt som der laupet på Klomset var haldet. Skilauparan var delt i tvo klassor under og over 17 år og kvar klasse skulde standa ei “slalom” og stå tvo gongur i hopp. Det dei her kallar “lom” er det sama som me segjer “renne” og “slalom” det er då ei bratt renne foruttan hopp.

Til rennet i fyrste klasse, under 17 år møtte ikkje andre framande gutar enn nokre frå Morgedal, idetheile var dei 18 skilauparar i fyrste klasse. I andre klasse var det innmeldt 11 medlemmar av skiklubben i Kristiania, men det kom ikkje meir enn tvo: Edvard Lillehagen frå Bærum, som ved rennet i Huseby ivinter tok skiklubbens fyrste præmie og medalje og i det heile har tekjet ein mængde præmiar – og den andre: Johannes Nordgård, underoffisjeren, bror til Imbjørg som tener på Midbøen. Av andre uttanbygdes lauparar møtte fleire frå Morgedal og Rauland og imillom dei vinnaren av kongens præmie i Kristiania i vinter: Mikal Hemmestveit og bror hans Torjus, dei, som no dei seinste åri har vunnet på alle i Kristiania likatil Lillehagen iår tok til, å verta dei noko drjug. Ialt var det 23 lauparar i andre klasse.

Skulen byrjad kl. 8 igjårmorgon og då Storeng hadde haldet sitt foredrag reiste alle gutarne og alle lærarne til skirennet. Jenturne kom ikkje lenger, en til Midbøsalen der dei vilde sjå på rennet gjenom glasi, for det var so rasandes kall vinn med “føikje” at det var “spelegt” å vera under berr himmel. Men bygdajenturne dei vågad seg burt likavel og det var ein slik folkemugje samlat umkring forløda burt i Raukleiv, at det var som ein marknad. Ei gamal kjerring hadde kaffekokeri uttafor lødadøri og utskjenkning inni, men etterspørgsel og “forsyning” stod i så dårlegt samhøve med kvarandre, at knapt det halve av folket kunde få seg kaffe – eg stod no “for tur” tvo gongor, men laut likavel gjeva det heile upp. Kl 10 skulde rennet byrja, men førr “bestyrelsen”: doktoren Gunnleik Nordgarden, Mortensen, Jørgen Juve og fl. fækk alle ting istand var kl umlag 11 og me stod der og fraus og skalv; det var elles ei lukka, at det var so “live” der, på den sida av åi, nede i flatbygdi stod “føykja” som ein røyk – her var me kvitt hennar. Endeleg var alt i stand og so byrjad smågutarne og standa slalomi si. Ho var rasande bratt og snjogen hadde ei hard skorpe so skierne vilde skjera seg under og då var dei ikkje styrande, så rasandes som dei gjekk. Den fyrste som kom, han greidde seg sovidt. So kom Bjørge han trillad alt midt i lomi og so kom den eine etter den andre, etter signal og – rullad. Etter eit signal kom det settjande ein liten sporv som såg ut til å vera gjort av noko svært fjøre (spænstigt) to, for han skjinglad ikkje det slag med det rasa nedigjennem, det var haldning i han all igjenom. No for han over ei røys, som berre ein enno hadde greidt seg med – hei san! han greidde seg heilt ned og svingad kjækt til vinstre ned gjenom småtolli! Kven var det? spurde folket i munn på kvarandre. Hans Haugan frå Morgedal 13 år[1] – hadde voret med til Kristiania no ivinter for å voret med i skirennet på Huseby, men var for ung. Ein for ein kom dei av smågutarne men berre tvo av dei alle stod lomi heilt ut; alle var ogso samde um at det var ugjerande å greie seg der fordi snjogen var so hard ogonpå. So flutte dei lenger nord, der hadde dei eit renn med eit svært hopp i og rennet sluttad langt nede med ei djup dokk og ein bratt bakke upp att. Her greidde Bjørge seg godt i hoppi både gongor; eine venda hoppad han 41 fot og andre venda 45; men verre enn hoppi var det å greie seg over dokki og upp atter den bratte bakken og her faldt mange. Den, som stod finast og hoppad lengst var den vetle Hauganguten, han hoppad ein gong 55 fot og eingong 54 og so sikkert og kjækt som han stod! Han fekk ogso fyrste præmi, Bjørge tok den 3dje. Slalomi åt dei vaksne var lang og grueleg bratt, ho byrja med eit tverrstup høgt uppå åskanten, so det var mange, som gjorde eit langt sprang i lause lufti med det sama dei lagde iveg og det gjekk med ei fart so rasande, at det kvein um øyro. Det var underleg å sjå, at dei nede i tollskogen når farti sagtna lite, kunde svinge so fint og sikkert til vinstre, som mange gjorde. Elles var nok ikkje slalomi åt dei store verre enn åt smågutarne, for mange av smågutarne stod ho fint – ja H. Haugan meldte seg inn i 2dre klasse han, stod slalomi og hopprenna både gongur og kneip av dei 5 præmien! Gjeng det fram med honom heretter vert han landets flinkaste skilaupar. Hoppi i hopprenna til dei vaksne var gruelege, tvau so eit 100 alner frå kvarandre; tenk, sume hoppad 75 fot langt! Du såg dei ende upp i vedret som fuglar og det kvitte so upp under skierne deires. Men berre 4 stod so dei ikkje rullad nokongong: det var Tarkjel Dalen, Seljord (1 pr.) Torjus Hemmestv. Morgedal (2 pr.) Johannes Norgård (bror til Imbj. Midbøen) (4 pr.). Edvard Lillehagen Bærum (3 pr. – han rullad ved andre hoppet siste venda, men elles fekk no eg det inntr. at han var den betste av alle laupararne, og truleg er han den flinkaste i landet) 5 præmie fekk smågutten H. Haugan. Mikal Hemmestveit, som no dei fleste trudde skulde reisa med fyrste præmien var reint uheldig – han rullad både gongor i hoppi, men han hoppa grueleg langt og hadde fin “haldning” men det var som forgjort for ’om. Halvor Ådalen rullad grueleg både vendur – han vert nok forgamal[2]. Å du og du, kor dei rullad! ein kunde ventad, at det ikkje hadde voret att eit heilt bein i dei, når dei stod upp atter; men ingen kom likavel tilskade. Ja, når eg skulde fortalt rettugt væl um alt hadde eg trongjet 1 ark til – no veit du det meste og so fær det vera. Igjårmorgo flytte eg upp å overhuset for å spara dei for veahaldet og for å gjeva rum til alle dei tilreisande til skilaupet, å ja, eg trivs på ein måte millom Årekol, Håheim, Knutsen – er ikkje fullt so koslegt som i “enkjestanden”. Alle 4 reiser me den 9de eller 13de. Meire sundag! har hast – Årekol skal på posthuset! Helsing frå Botnen, Sundbø og Hansen og både førre og etter frå

din Ivar Kleiven.

Vedl. telegr. frå Knudsen.

Har ikkje tid til, å lesa korrektur!!

Fotnoter

  1. Førenamnet er feil. Guten heitte Halvor Haugan. Han var fødd 19. mars 1870 og såleis nesten 16 år da rennet gjekk. Avisa Varden kallar han "den 16-aarige Morgedølen Halvard Haugen" (10.3.1886). Han reiste seinare til USA og døydde ung der.
  2. Ådalen var 33 år.