Kjeldearkiv:1886-03-04 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
1886-03-04 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 4.3.1886
Stad: Seljord
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 4
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet Vågå
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Midbøen 4. 3. 86.

Kristian!

Status qvo! det er utlagt: umstødorna er dei sama, ingenting nyt; den eine dagen går som den andre og eg tæk til å kjeidas og leidas av dette latmannslivet, reint grovt og. Og det sama er tilfellet med dei andre; eg høyrer ikkje ein, som er tilfreds eller som synest, at han har nokor vinning av Storengs morgonforedrag. Det let seg heller ikkje neitta, at det er smått det han kjem med, – berre dei ytre hendingar, ingor kulturhistorisk oversigt, ikkje noko sjølvstendugt syn på historia, ingor sjøltenkning. Derattåt kjem det, at han ofte kjem med sjåmåtar og uttalingor, som høyrer til gamle “forsteininger”, ting, som Ullmann førr ivinter har tekje livet av; han har ikkje fylgt med tiden i tænkningen, han er forgamal i mange av sine livssjåmåtar. Når so dertil kjem, at han tok att etter Ullmann, so er alt dette ihop meir enn nok til, å gjera elevarne kjeide og uhuga. Eg for min del finn no, at det å vera her lenger, er å kaste burt pengar i fånytte og øyde tid og eg har då heile tidi etlat meg til å reist antel den 9de eller 13de. Men no ser det ut til, å verta upprør når eg skal brjote ut! Storeng heldt oss til, igjår etter fyrste timen, å vera til den 20de allesamen, då det elles vilde falle umogelegt å halde skule for so få og dertil kom, at vart ikkje skulen halde mindst i 5 månar, so kunde amtstinget lett gjera vrøvl med bidraget til skulen. No vil Knutsen reise når eg reiser og so vil Årekål og Håheim gjerne fylgje oss til Kristiania – reiser so me fire so vil Hanna Juberg vera med og Haug og Lund vil då reise den 15de! På den visen verdt det eg å kalle det heng etter!! Jau, eg er nok ein stor mann likavel, når alle “faktorer” verdt ihoplagde. No har eg freistad med fleire millomforslag og nett no var Storeng uppe her for å få høyre korleids utfallet vart; han rådde då Håheim og Årekål til å vera likavel um eg og Knutsen reiste og utfallet vart då, at me skulde avgjera det på skulesalen ikvell. For meg er det umågjera å koma heim at til i slutten av marts, for gardsbruket skuld og no vil eg vonast, at dei andre elevarne er so “ædelmodige” at dei ikkje let skulen stå eller falla med meg.

Her på “overhuset” går det nokso godt – so huglegt, som nede i enkestanden er det no ikkje og langtifrå ikkje slikt, som medan me var både tvo der; men likavel lyt eg segja, at eg har huglege kameratar. “Frihug” gjeng, som førr; vekslande innhald, alvor og gamen; no laurdag fær me eit stykkje til avsked frå Herborg Utne, som me ventar noko spennt på. Ho hadde tvillaust ein sterk evne til å skriva for seg ho, og ho skulde sikkert voret forfattarinne i landsmålet. Eg har ikkje skrivet eit ord i Frihug på lang tid – kjem truleg heller ikkje til, å gjera det for eg er so tom for all ting, tom for hug til nokonting og tom for tankar.

Sundagskvell var gjorde Lavrants[1], jentorna hjå Ullman og jentorna på øvre Utgarden kaffelag og baud inn både elevar og lærarar. Laget stod på øvre Utgarden, i nordre enden, og spillmannen var ingen mindre enn Leiv Sandsdalen. For Storengs skuld fekk me då høyra “Fanitullen”, “Kivlemøyarne” og fleire av dessa utpyntade konstslottarne hans, som no er meir ei frugt av hans eigje dugleik på fela enn det er nationalt læte. Mykje av det står no etter mine meining langt attende for dei stemningsrike springleikjer me har deruppe; “Kivlemøyarne” er kanhende eit noko storslegjet tonebilæte av den hendingi som sagnet fortæl. Men at det frå gamal tid hadde dei konstuge samansløngjinger og konstuge “overgange” det er no besst å fortelja godtrugne folk – eg trur det no ikkje. – Kaffelaget var elles ikkje morosamt: det var so fullt med folk, at det vart atter eit rom å danse på nordved væggen so stort, som eit bra barkekjerlåk – å ja, du minnes kordant det såg ut på Juvland. Eg sat i ei seng til kl. 1 ½, då gjekk eg etter at eg hadde fått to kopper kaffe med brunsukker attåt.

Det førre brevet eg skreiv åt deg var no noko egte skrap, men dette er no tie gongur verre og eg tør ikkje eingong beda deg årsaka dennegongen og hellerikkje tør eg lova noko betre næste gong. Du skal elles få eit par ord frå meg att førr eg reiser, når eg stend med hatten i handi, som det heiter. Eg kjem no til å reise um Kongsberg, for Nordsjøen “har tæla”; so kan du vente deg frå Kristiania “ærbødigst raport” um Kongsbergs sylvgruvor m. m. m. m. Fins Rydberg å få i Kristiania antikvarisk,[2] so skal eg sende deg ho; skulde ho ikkje det og det faldt deg for vandskelegt å få i ho på annan måte, so skal eg sende deg mi eigje.

Etter den 9de trur eg knapt det nyttar å skriva åt meg med adr. til Seljord – du fær skriva til Gudbrds.

So dei vanlege helsingor frå overhuset og frå Midbøen!

Lev so inderleg væl og hels Svane frå

din

Ivar Kleiven

Fotnoter

  1. Uviss. Etter innhaldet i festen kunne det høve på Lavrants Knutsson Øverland (1829–1901). Han var levande interessert i folkedikting og folkemusikk, skreiv sjølv viser og kvad Draumkvedet for Moltke Moe i 1891. Men alderen gjer han tvilsam.
  2. Bibelns lära om Kristus (1862, 3. auka utgåve 1868, 4. utgåve 1880) av Viktor Rydberg.