Kjeldearkiv:1886-03-07 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 27. mar. 2019 kl. 13:39 av Jobr (samtale | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk
1886-03-07 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 7.3.1886
Stad: Seljord
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 5
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet Vågå
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Midbøen 7de marts 1886.

Kjære Kristian!

I dag fær du siste brevet frå meg frå Seljord, for no reiser eg antel den 9de eller 10de, etter som det fell til for Bjørn[1], som skal fragte meg og Knutson[2] til Kongsberg. Det vart endeleg so, at dei andre vilde vera til den 20de likavel, um eg og Knutson reiste vor veg.

Soleis har eg då i det høgste att berre eit par dagar å vera her i Seljord og eg nektar ikkje for, at eg kjenner meg lite klembd og burtgjeven ved tanken på skilnaden; me har havt ein vinter tilsamens so rik på “åndens guld” at stordelen av oss alder vil få fleire slike og dette kjænner me betst ved skilnaden. Og so trøngjer den ukjende framtidi seg altid fram og stend der, som det store spørgsmål ingen kan løysa – du ser det blår langt innover grendsurne kvar gong du tek ein ven i handi til skilnad, men du kan ikkje skilja klårt nokot der innover. Du kjenner med deg sjøl, at inn i detta ukjende landet skal dykk både, men ingen av dykk veit, um vegjerne kjem til å liggja soleis til der, at dykk treffes meir. Difor er det so kjært medan dykk fær vera samen og difor er det so sårt å skiljas allermest når dykk veit, at dykk vil fram mot det sama mål og kjenner vengjeslaget av den sama ånd suse uppover hovudet.

Det kan vera, at det står svert uklårt for stordelen av oss her ved skulen både kva me vil og kva me skal, og at det er smått med det, som kallas høgskuleånd, endå det etter jul er komet upp og fram meir og meir av det siste slaget. Men det trur eg, at alle, meir og mindre, kjænner det som ei kjær pligt for seg i framtidi, å stelle seg på den sida, som sanningi og retten og kjærleiken står - der som hjartelaget har sit rikje her i livet. Når eg no, ved slutten av skulen, spør meg sjøl kva gagn eg har havt av denne vinteren, ja, so lyt eg no svara, at eg på den kanten, som det matnyttuge ligger, ikkje har havt stor vinning; men det var hellerikkje min tankje, då eg kom her, å “lære” so svært mykje.

Men for det kjennskapet og den uppklåring Ullmann gav os over mange av “tidens brænnande” spurgsmål, vilde eg ikkje for nokon pris hava misst denne vetteren. Mangt av det, som kanhende mange fann å vera det, dei hadde den største vinning av for sit liv, som Ullmanns gudelege foredrag, dei hadde no eg svært lite godt av på grunn av mit gudelege livssyn. Men når alt kjem til alt, so vil no denne vinteren altid lyse i minnet som den ljosaste eg har livt og dei eg her var saman med vil eg altid minnas som venner framigjenom livet.

Sidan me vart samde um å reisa har eg gått og kjeida meg reint uliklegt, og særlegt idag, sundag, har det voret uvisklegt langsamt – eg har ikkje hug til nokon verdsens ting: ikkje idest eg å lesa ikkje å skriva; det sidste er no det verste. Eg byrjad på dette brevet tidlegt idag og skreiv ei sida, men eg vart berre sitjande å bita i pennen; so gjekk eg på posthuset då posten kom kl. 11 ½, eg var no so viss um, å få brev frå deg idag, og fækk eg eit langt morosamt brev frå deg, so vilde eg kvikne upp atter, tænkte eg. Men den, som ikkje fækk noko brev frå deg, det var eg. Å, for ein lang nos eg fækk! Korleis pokkeren kan det vera med deg då? Fær eg ikkje brev frå deg imorgon heller so – ja då riv eg ned bedehuset og gjev Lindstøl ein under øyrat!

Nett i dette augneblinket kjem Årekål og har fengjet brev frå Herborg Utne og Gjøa Lofthus; dei hadde trefft det lite andvigt på reisa: kulden hev voret so streng no i førre veka, at sjøen hadde isat etter heile Langesundsfjorden og i Langesund hadde dei då måttet legjet i fleire dagar; brevet var skrivet derfrå. Frå Herborg var det ei helsing til “morbror Østmo so varm, at han fær taka av litet å senda til Danmark til Mons”[3] og det gjer eg hermed.

Me har det finaste vær, som kan tænkjas her no; soli skjiner all dagen so heit, at ho smeikjer snjogen midt på dagen, men førre og etter sol er det bitande kaldt. Dernede i Danevang[4] har dykk fulla berre marki alt, er det von. Eg gleder meg på turen til Kongsberg i dette fine vedret, gjev me berre fækk hava det slikt heilt heim! – so skal eg siste dagen eg er i Kristiania gjeva deg ei skildring av Kongsbergturen og Kristianialivet, ja, um eg fær brev frå deg imorgon da, gjer eg ikkje det, so er det etter som det bikkar til. I Kristiania skal eg få skildrat “gefjæset” mit og då skal du og Svane få kvar sit og då skal ogso Svane få brev, kan du helsa.

Ja, so trur eg ikkje det var meir, å fortelja deg, at eg skal til å pakke ned imorgon, det er fulla ikkje noko forvitnelegt å høyra for deg - og heller ikkje for meg. So fær du væra helsat frå alle på “overhuset” – i augneblinken held “Håheim” på å kokar the til heile medlemstallet – ; hels Svane so mykje!

Liv so innerleg væl!

Din

Ivar Kleiven

Fotnoter

  1. Bjørn Midtbøen.
  2. Kristian Knudsen.
  3. Rollefigurar i Fjeldeventyret.
  4. Poetisk for Danmark, særleg om den idylliske naturen. Ordet er brukt av N.F.S. Grundtvig, B.S. Ingemann ofl.