Kjeldearkiv:1886-04-10 Brev frå Kleiven til Prestgard: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
(10 mellomliggende versjoner av 4 brukere er ikke vist)
Linje 9: Linje 9:
| samling      = [[Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932]]

| oppbevaring  = [[Opplandsarkivet]]
| oppbevaring  = [[Opplandsarkivet]]
}}
{{correspSearch
| avsender      = Kleiven, Ivar
| avsenderID    = https://viaf.org/viaf/7766552/
| mottager      = Prestgard, Kristian
| mottagerID    = https://viaf.org/viaf/4216169
| avsendersted  = Vågå
| avsenderstedID = https://www.geonames.org/3133054/vaga.html
| avsenderdato  = 1886-04-10
| brevsamling    = https://lokalhistoriewiki.no/index.php?curid=287465
| brevnr        = 8
}}
}}
<onlyinclude>Kleiven 10. apr. 1886.
<onlyinclude>Kleiven 10. apr. 1886.
Linje 14: Linje 25:
Kjære ven!
Kjære ven!
      
No losnar det! Fekk eg ikkje med siste post 4 store brev: frå deg, Knutson, T. Vå og Aslak Groven! Og no skulde eg ha skrivet svar på alle til næste post, men det bli no ikkje noko av likavel. Då eg fekk alle desse lektier og epistlar, då tenkte eg no, at etter di eg senda deg eit brev no med førre posten, so fær no du verra so god å vente dennegongen medan dei andre fær sit. Men, undarlegt nok, vart det du eg sette fyrst på lista då eg kom på kontoret og skulde til; å “ekspedere”!<br /></onlyinclude>
</onlyinclude>No losnar det! Fekk eg ikkje med siste post 4 store brev: frå deg, Knutson, T. Vå og Aslak Groven! Og no skulde eg ha skrivet svar på alle til næste post, men det bli no ikkje noko av likavel. Då eg fekk alle desse lektier og epistlar, då tenkte eg no, at etter di eg senda deg eit brev no med førre posten, so fær no du verra so god å vente dennegongen medan dei andre fær sit. Men, undarlegt nok, vart det du eg sette fyrst på lista då eg kom på kontoret og skulde til; å “ekspedere”!
      
Eg kom til å tenkja over, at no er du fulla i arbeidsselen komen og trælar og slit so sveitten sillar og tippar – uvande samhøve i al ting – arbeider av alle krefter for å vera dugleg kar for mat og løn – uvand med arbeid i det heile og med dansk arbeid i “særdeleshed” – kjem ofte ihug heime, at me smått um senn fær våren deruppe au med dei utifrå hugtakande vårkveldar når bekkjarne susar ned gjenom lidi og måltrosten læt reint “ellevild” der uti furumoarne i Hedalen. Sjoa suser på ein eigjen, alvorleg men glad og livskraftug tone og heile naturen umkring ligger likasom og syp åt seg andi i djupe sterke andtak for så med eingong å ande ut den reine, skjire somaren! – – – – å dit ondskapsfulle beist! høyrer eg du mumlar – minne meg um slikt no! Ja, fordi eg viste, at du nett var plaga av slike tankar difor vilde eg skriva idag, for eit brev frå heimbygdi ber altid med seg noko av denne vårkjenning i lufti, du fær ta deg mest som nokre sterke andtak med norsk luft, fær fyldt lungorna, fær vinn i segli atter og bli i det heile stålsett til å ta eit ryggjetak att ved den så grueleg prosaiske og realistiske lagnaden. No skynar du meg – dette brevet er soleis på ein måte ei slags åtgjerd, gulsottmat, eller kva du vil kalle det, ein slags smorning for, at du ikkje skal bli gåand å hengja med vengjerne.

Linje 30: Linje 41:
Men ved deg er eg ikkje rædd å tala ut, for det eg veit, at du ligg i dei sama rider og ingen fred kan finne i den “lovbefalede” kristendom. – Det, som eg seinast har tænkt noko over er “forsoningslæren” – ho er so reint fornuftsstridug og strider mot Guds væsen som allvis, allkjærlig og allmegtug – eigenskapar, som ingen vil negte, at den evige har. Forsoningslæra forutsett, at Gud ikkje kunde skapa menneskja onnorleides, enn at ho måtte falle og for å frelse ho laut han sende sin eigjen son, som gav sit liv for den fallne slægt. Men endå kunde han ikkje frelse slægti fullt ut – stor-delen gjeng i djevelens vold til evig pine! Er slikt allmagt? er slikt visdom? er slikt kjærleik? Er det ikkje meir i samljod med ein allmegtug, alvis og allkjærleg Gud å tru, at han skapte menneskja slik, at ho ved eigjen kraft gjenom tid og utvikling skulde nå det mål han i sin visdom og kjærleik sette for hennar! Skulde han hava skapt menneskja med eit så uklårt, tokut tanke- og hjartaliv, at han laut gjeva henna ei særskildt “åbenbaring” for å finne vegen attende til honom og skulde han ikkje i henna nedlagt tydelegare skilgrein um sin vilje, en at han laut gjenom bibelen og Kristus fortelja, “åbenbare” den? Nei, da han skapte menneskja med fornuft og samvit, då trur eg han gav hennar den “åbenbaring” ho trøng på livsvegen både for å finne vegen fram til sit mål og for å kjenna Guds vilje. “Skabelseshistorien” i bibelen og mykje annat i det Gml. test. er vist nettup å likne med eit annat folks mytologi – det er judarnes mytologi og ikkje annat. Men eg skal ikkje gå vidar idag; som sagt skal du trast få deg tilsendt Rydberg og då skal du få nok religionsfilosofi for lang tid – um du berre tør lesa openlyst i hennar! du kunde bli stemt for innkvisitionen.

På mondag reiser eg åt Hedalen for nokre dagar. Truleg lyt eg då upp til Hans Krukhaugen og pumpe han etter noko huldersagn og meire slikt. Um Hedals-reisa skal du naturlegvis få deg ei “beretning” seinar, men elles fær du kanhende ikkje brev snøggar, en 14 dagar, frå meg no.
På mondag reiser eg åt Hedalen for nokre dagar. Truleg lyt eg då upp til [[Hans Krukhaugen]] og pumpe han etter noko huldersagn og meire slikt. Um Hedals-reisa skal du naturlegvis få deg ei “beretning” seinar, men elles fær du kanhende ikkje brev snøggar, en 14 dagar, frå meg no.
      
So Svane reiser ikkje åt Amerika? Ja då førde eg på deg eit portoutlægg i utrængsmål – å ja, vert du ikkje hengd for peningløise altfor snøgt, kan me fulla retta det. Helsing frå brørne mine!  

Liv væl då!
Liv væl då!<onlyinclude>

Din
Din

Ivar.
Ivar.</onlyinclude>

== Fotnoter ==
== Fotnoter ==

Sideversjonen fra 27. mar. 2019 kl. 13:40

1886-04-10 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 10.4.1886
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 8
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kleiven 10. apr. 1886.

Kjære ven!

No losnar det! Fekk eg ikkje med siste post 4 store brev: frå deg, Knutson, T. Vå og Aslak Groven! Og no skulde eg ha skrivet svar på alle til næste post, men det bli no ikkje noko av likavel. Då eg fekk alle desse lektier og epistlar, då tenkte eg no, at etter di eg senda deg eit brev no med førre posten, so fær no du verra so god å vente dennegongen medan dei andre fær sit. Men, undarlegt nok, vart det du eg sette fyrst på lista då eg kom på kontoret og skulde til; å “ekspedere”!

Eg kom til å tenkja over, at no er du fulla i arbeidsselen komen og trælar og slit so sveitten sillar og tippar – uvande samhøve i al ting – arbeider av alle krefter for å vera dugleg kar for mat og løn – uvand med arbeid i det heile og med dansk arbeid i “særdeleshed” – kjem ofte ihug heime, at me smått um senn fær våren deruppe au med dei utifrå hugtakande vårkveldar når bekkjarne susar ned gjenom lidi og måltrosten læt reint “ellevild” der uti furumoarne i Hedalen. Sjoa suser på ein eigjen, alvorleg men glad og livskraftug tone og heile naturen umkring ligger likasom og syp åt seg andi i djupe sterke andtak for så med eingong å ande ut den reine, skjire somaren! – – – – å dit ondskapsfulle beist! høyrer eg du mumlar – minne meg um slikt no! Ja, fordi eg viste, at du nett var plaga av slike tankar difor vilde eg skriva idag, for eit brev frå heimbygdi ber altid med seg noko av denne vårkjenning i lufti, du fær ta deg mest som nokre sterke andtak med norsk luft, fær fyldt lungorna, fær vinn i segli atter og bli i det heile stålsett til å ta eit ryggjetak att ved den så grueleg prosaiske og realistiske lagnaden. No skynar du meg – dette brevet er soleis på ein måte ei slags åtgjerd, gulsottmat, eller kva du vil kalle det, ein slags smorning for, at du ikkje skal bli gåand å hengja med vengjerne.

Altso: friskt mod! Eg er viss på at det vil falle deg grueleg tungt å arbeide i fyrstningen, men det gjeng snart over og so vil du ha so inderleg godt av det! Den sterke, føre dølakroppen din trøng ein dugeleg pers av arbeid for å få utvikle seg helsugt, allermest no, då han nett stend på veg til å “stereotyperes” – festas til det han skal vera gjenom livet – nettup da er formykje boklegt arbeid skadelegt. Og so ligg det ei slik kjennsla av sjølvstøda, ei lykkeleg kjennsla av å vera eit gagnlegt medlem av samfundet, i det å arbeide – eg er viss um, at du vil verta glad i arbeidet når du fær 14 dagars vane. Men den skal til.

Heruppe i “kjernen av landet” som Storm kallar Gudbrandsdalen, går alt sin jamne og rolege gang; dersom du trudde, at me alt hadde bækkjesus og måltrostlæte, då du litet sidan las dessa få linurne med naturskaldskap eg trakterad med her framme, so tok du imist. Nei me har førfallet her norda skogen med vind og uvedr ein dag, regn og snjog den andre, lort og søle for “einingen” og “fôrløisa” som den store fargetonen over heile maleriet. I Hedalen skal det vera reint snjogheilt enda; men snjogen ligg tunn sundfrosen og reiser for eit par dagars verkeleg godvedr og alle ventar me på ein tidleg og god vår. Norda skogen er elvi isfri og reint bar mark hev voret i over otte dagar etter sjølve bygden; i solbakkarne kan me straks ta til å glytte etter den fyrste groen når det er.

Knutsen fortel meg i brevet sit, at han laut gå ei liti rabbe med lærarne på Vonheim sama kvelden han kom der – dei hengde seg på Ullmann for han upptrødjing i Bohêmgreida og vilde pålag gjera han til fritenkjar. Knutsen tykte dei var svert so “konservative” der på Vonheim; ja, dei dreiv lenger og lenger attover – eg tenkjer det bli eit bakstrævar-reir, eg, lite um senn.

So fortel Knutsen meg, at han ikkje er kar til å “forsone” seg med “treenighedslæren” og at han hadde voret huga til, å snakka ved Ullmann um den ting; det spørgsmålet trøngjer seg innpå han og han fær ikkje fred før han fær det klarat, segjer han. Ak, Knutsen, du fær ikkje løyst det på ein dag, ikkje um du treffer Ullmann heller – for Ullmann løyser det ikkje soleis for deg, at di fornuft vert tilfreds og det er di fornuft som gjer upprør mot trieinugheitsdogma, Knutsen!

Knutsen bed ikkje meg um, å segja mi meining, men det var vist hans ynskje, for han veit, at eg har tænkt nokot over dette spørgsmålet, eller han veit, at eg ikkje var rædd å tenkja der – i fyrstningen er ein også gjenne rædd å tenkja djupare over dei ting, tvilen meller seg um. Men eg vil ikkje segja mi meining um trieinigheitsdogma mindre Knutsen bed meg beint ut um det – eg kunde lett gjera, eller hjælpe til å gjera fritenkjar av han og vart han det, so laut han som ærleg og upprigtog kar gjeva kjærasten sin[1] greide på den ting; var so ho ein alvorleg, truande kristen so vart naturlegvis trulovingi brotet og so vart det ulukka på både sidur og eg hadde min del i det. Ein kan ogso i vore dagar koma til å lida vondt for si tru og solengje eg sjøl står uklår og uviss vil eg ikkje leide andre inn i tvil eller auke tvilen hjå dei.

Men ved deg er eg ikkje rædd å tala ut, for det eg veit, at du ligg i dei sama rider og ingen fred kan finne i den “lovbefalede” kristendom. – Det, som eg seinast har tænkt noko over er “forsoningslæren” – ho er so reint fornuftsstridug og strider mot Guds væsen som allvis, allkjærlig og allmegtug – eigenskapar, som ingen vil negte, at den evige har. Forsoningslæra forutsett, at Gud ikkje kunde skapa menneskja onnorleides, enn at ho måtte falle og for å frelse ho laut han sende sin eigjen son, som gav sit liv for den fallne slægt. Men endå kunde han ikkje frelse slægti fullt ut – stor-delen gjeng i djevelens vold til evig pine! Er slikt allmagt? er slikt visdom? er slikt kjærleik? Er det ikkje meir i samljod med ein allmegtug, alvis og allkjærleg Gud å tru, at han skapte menneskja slik, at ho ved eigjen kraft gjenom tid og utvikling skulde nå det mål han i sin visdom og kjærleik sette for hennar! Skulde han hava skapt menneskja med eit så uklårt, tokut tanke- og hjartaliv, at han laut gjeva henna ei særskildt “åbenbaring” for å finne vegen attende til honom og skulde han ikkje i henna nedlagt tydelegare skilgrein um sin vilje, en at han laut gjenom bibelen og Kristus fortelja, “åbenbare” den? Nei, da han skapte menneskja med fornuft og samvit, då trur eg han gav hennar den “åbenbaring” ho trøng på livsvegen både for å finne vegen fram til sit mål og for å kjenna Guds vilje. “Skabelseshistorien” i bibelen og mykje annat i det Gml. test. er vist nettup å likne med eit annat folks mytologi – det er judarnes mytologi og ikkje annat. Men eg skal ikkje gå vidar idag; som sagt skal du trast få deg tilsendt Rydberg og då skal du få nok religionsfilosofi for lang tid – um du berre tør lesa openlyst i hennar! du kunde bli stemt for innkvisitionen.

På mondag reiser eg åt Hedalen for nokre dagar. Truleg lyt eg då upp til Hans Krukhaugen og pumpe han etter noko huldersagn og meire slikt. Um Hedals-reisa skal du naturlegvis få deg ei “beretning” seinar, men elles fær du kanhende ikkje brev snøggar, en 14 dagar, frå meg no.

So Svane reiser ikkje åt Amerika? Ja då førde eg på deg eit portoutlægg i utrængsmål – å ja, vert du ikkje hengd for peningløise altfor snøgt, kan me fulla retta det. Helsing frå brørne mine!

Liv væl då!

Din

Ivar.

Fotnoter

  1. Marie Myklebø frå Gausdal.