Kjeldearkiv:1887-01-10 Brev frå Prestgard til Kleiven

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 27. mar. 2019 kl. 14:01 av Jobr (samtale | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk
1887-01-10 Brev frå Prestgard til Kleiven
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 10.1.1887
Stad: Askov
Frå: Kristian Prestgard
Til: Ivar Kleiven
Nr. i samling: 16
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Askov 10-1-87.

Godt nytår Ivar!

Det var da heite sytten kor stølhendt eg vart, av di eg smurde upp den vesle danskelabben! – Nå ja; eg lyt klora på nokre streker, beste eg kan.

– Ja, eg har gåt “sist på” med eit brev åt deg i mange vikor, men det har gåt trongt med forløysingi, ser du, og det er Per Sivle si skuld og ikkje mi. Um eg hadde fred sopas, det tok på krympa seg rider i meg, viste eg ikkje dusti av, fyrr den slampen kom hykjande inn på loftet mit, med ein halvbayer held ei romflaska under kjolflakom, og “so vatt da no gudag, kan du vita, og gudag igjen, som da ska og pla ve no fagnafolk møtast” – det vil segja: so rann det vossastubbar utor han, som berre fa’n skulde voret laus. “Ja da gjære da!”. – Men det er no ikkje å trega på likavel, um Sivle kom litet påtverke, for han – – – å ja, eg lyt helst taka guten ei skure sist på.

– Hellest skulde eg mæla litet um, korleids eg har buskapa i joli og denne bolken sidan sist eg skreiv. Men det er ikkje so fyse, når ein skal skriva ut til alle sjau verdenshyrno um sama greidorne. Det er ikkje annor råd held vela på grunnteksti (d. v. s. fyrste brevet) so ho, so myket som moglegt høver til kvar skrot burtyver.

Lat me no sjå. Eg har vel ikkje fortalt um gymnastiklaget vårt 8 dagar fyre jol? Nå! Å, det var myket både sjå og høyra der: Eg likte no so nær det siste best eg; (Faust og Per Gynt vart leset) men dei fleste tykte nok det fyrste var basen; for der var det gjentgymnastikken som drog. Ja, det var so mange som vilde sjå gjentorne, at Schrøder, som på sama tid skulde lesa Faust, laut bida til baketter for mannskap skuld.

Det var javnvæl fyrste gongen i Danmark at kvinnfolki har vist upp gymnastik. –: Inne i storsalen var mange hundrade augo, som alle gløste imot døri. Jau endeleg høyrdest song og trip-trap, og dei halvhundrede fine skapningarne våre kom styvande arm i arm i tvo rekkjer, og stride i leggjom var dei, som ein orre på leikarbakken. Då so marsen var forbi, bar det til med byksing og hopping over tog og steng, og gud forsyne meg spratt dei ikkje, so beintyet sprikte ende i vedret, liksom når killingen slepp ut um våren. So gjekk dei etter hendom, vreid og krøkte og tøygde og bøygde seg på alle måtar; bar det so uppi ein slingrestiga høgt i vedret, og dei kleiv og smaug og smatt liduge som kattar, sløngde seg hit og dit upp og ned med hovudet fyre. – Ja du må ikkje flira; dei hadde nok klovet dragt, skal eg tru. Jau biskade! tok dei seg ikkje morske ut. Og so fri og uskuldig var den leiken. Slik skal dei kvinnor ledmøykja skrotten sin som vil bli mø’r åt ei sterk helsug slegt. Men, tenkte eg, kor mang ein [...] sit her ikkje som “ frådser i synet” av desse svellande kvinnelemmar? – Under håndklap, so eg trudde storsalen skulde ramla ned, trippar dei so ut att.

– So lid det til jol. So nær som eit par tylvtar strauk heim åt’n mor. Jolkvelden var det joltre med stas og mat og sukkergodt og alt som til høyrer; men neigu um eg vilde hava heile smeisegreida for ein ærleg døla-syltfot og ein snabb nysteikt rugbrød.

Femtedagskvelden var det no storkula likavel: Schrøder har ein son som heiter Jens og er maskinsvend i Newcastle. Dei viste ikkje sikkert um han kom heim til jol eingong; men dagen fyre jolkvelden kom det besked kl vel so 11 at dei skulde møta honom og kjæresten ved stasjonen kl 12. – Jøsses bevare os for ein “støy oc opstandelse” det vart: Tenk Jens er trulovad – Jens er komen heim! taut det i kvar kjæft, og so sjauing og sjasing og fiffing og kjyssing, so det berre klass. – Gjenta hans var dotter åt borgermester Schørring i Kolding. 5te dagskvelden var so det store forlovelsesgilde – og det, so det knakad etter. Huf nei menneskja er ret seg sjølv lik under alle himmelstrøk. Å, nei “praksis” er ikkje “theori” måvita. Storenden av både slegtom var med. Kapteiner, “leiutenanter” og prester og slikt [...] kom stigande kvar med si borddame, som tok seg ut, som ein dusk livande bordstas burtigjenom. Middagen varad i 2 ¾ time, for det skal til ein heil basme dusingtalor ved slike høve, ser du; – og glad var eg – ja ikkje i talom, var det likt seg; men herre gud kor eg peiste i meg purkesteik og saus og kurv og bakels og vin og . . . ja stutt sagt: eg livde herligen og i glæde eg, medan borgermesteren og kapteinen og prestarne kreista or seg ei gudeleg skåltale for brudeparret.

Kl 7 byrjad dansen. Uppå hjellen (overlaupet) brann joltreet, og derikring var plantad fem-seks spilemenn. – Huf for eit tyskap! Dei ærværdigaste dreiv med svart spælkjol, dei yngre i knesid svart frak, damerne hadde – fleire held halvparten – kvite kjolar med eit raut band her og eit blåt band der, nakne armar med breide sylvringar, naken bringe og hals med lekkje ikring. So ... cautilon[1] bukking, nei-ing, smiling, hykjing, skraping som i Paris held kanskje i sjølve h . . . Ja det var so æmegt, at eg stod berre gulkad, eg, uppå trevet og murrad for meg sjølv, at “verden er bedragelig funden”.[2] Nei eg ventad ikkje å finna so myket fransk utanpåheng her i Askov. – Soleids har det voret mange ballar og dansar her på skulen i joli, men heile tidi sama greida uppatt.

Eg var ikkje utanum byen i heile joli meire held nyårsdagskvelden, var alle normenn og dei få kvinnfolki som var att, i gjest hjå la Cour. Og der var det morosamt tilgangs, endå eg tør alder sleppa dølaguten i meg laus i slikt selskap. – Det gløymde eg reint fortelja: Jolkvelden helsad eg fyrste gongen på “mine landsmandinder”[3]. Dei skal nok ikkje vera so fysnen endå, segjer Åsmundstad’n – han er no komen i slampelag med deim, han – dei har no ikkje å ty dei andre frøken på skulen, segjer han. Nei det som har haldet liv i meg i joli er dei smålagi som me normenn har havt uppå loftet mit um kveldarne med pons og kort og so Per Sivle attpå til å fortelja. – Ja no kjem eg åt han Sivle-guten. I sumar har han ligjet ned i Slesvik, men kom hit upp straks fyre jol. Han strævar med å skriva sogor. I haust fekk han istand ein sogebundel – fem forteljingar – men herregud ret å vera målmann! Fyrst baud han Huseby boki. Han vilde ikkje eingong hava ho. So Nygård i Bergen. Han vilde taka ho på sama vilkor som Garborgs “Mannfolk”: trykkja ho, og syrgja for all ting imot halvparten av innkomsti. So sendte han boki åt det norske samlaget, og dei kjøpte ho for umkring 30. kr arket[4] – “Men den sogabundelen skal leva etter meg,” segjer Sivle, når han har litt i hatten. Ja det er ikkje rart, um ein kan tapa trui på målet, når det er so travarlegt. Noreg har kanskje ikkje mange slike til å hanska målet som Sivle, men å skriva landsmålet er lykt sveltihel, og so lyt han til å skriva dansk berre for å liva. No har han under arbeide ei større forteljing på dansk[5], som han alt har selt åt Huseby for 50. kr arket pr. 1000 exempl. – sama bitaling som Kielland og Bjørnson fær for sine bøk. Og so vossastubbarne hans! dei er no sonær storlauken. Ein held tvo har han, som du veit, fåt trykt i Nyt Tidsskrift[6]; og han har sendt mange fleir, men fær ikkje trykt deim. Dei andre er morskare held den fyrste au. A! du skulde berre høyra når han fortel deim sjølv. “Jagu æ da, so da skje vo han Kolbein Hauso sjølu, heldu kanskje fult so godt.” Men no heldt han au på å miste trui på stubbane sine. Men so fortalde eg, at uppi dalom var dei ret vellikte, og at eg i sumar høyrde ein skrot kunde ramsa soga um “Vetl-raurn” frå ende til annan. Det kveikte han fælt. So sa eg, han skulde skriva alle dei stubbarne i ei serskild bok og gjeva Tidsskriftet ein god dag; for han har ein uhorveleg bråte med slikt, ser du. Jau var det slik lugum folkelæsning, so vilde han det, men fyrst laut han skriva nokot som skaffad i pungen. Men det er syrgjelegt med Sivle au stakkar. Han er nervøs, myrk og udygtug til å arbeida alt imillom. Eg lærde han rektigt godt å kjenna og han fortalde meg livssoga si; men neimen um det er rart, han er nervøs og tykjer livet blir for tungsamt ender å då, når han har gåt gjenom sopas. Han var her mest i tri vikor men er no reist åt Kolding og ligg på “Høiskolehjemmet” og skriv.

– Skulde ikkje “Frå gamle daga” bli høvleg til å bjo det norske samlag tru? Eg trur knapt nokon annan betalar meir for ei slik målbok, og hjå samlaget tenkjer eg mest, du fær anten Moltke Moe held Hans Ross til å lesa korrektur frit. Det veit eg no ikkje, men um so var, vilde det kanskje hjelpa myket. Og no skal du Søren Jense meg driva på med boki meste du kan og lata bokbindingi liggja so lengje, for du kan da vel forstå at hovudet er mest løtta um vinteren og henderne um sumaren.

Jaggu kan du tru, eg ovundar deg det vyrket, du no har tekjet fat med: Bokbindar, sogaskrivar og det siste og beste: skulemeistar. Du skal taka fat på fleire slag etter jol, ser eg, og no skal eg nemna deg eit par grepa bøk i naturkundskap, som la Cour serleg har rost. Åsmundstad’n har kjøpt deim, so eg har leset deim, men eg har ikkje råd til å kosta meg slike verk. Ei heiter “Livet” av Paul Bert, den namngjetne franskmand som i haust døyde i Tonkin. Kostar 8 kr. Den andre: “Det menneskelige legeme” av A. Fiedler og J. Blochwitz. Tyskere. Kostar 2.00. Morske bøk er det; men det kan vera, du kjenner deim fyrr. Den fyrste handlar um heile den livande skapning, og den andre berre um menneskjeskrotten.

– Å du gjorde no formyket av “Kyrkjeferdi” mi måta. Eg vart sint sjølv baketter då eg las det i bladet for eg ikkje gjorde det betre; for det var no eit emne som var værd å greida litet skikkelegt utor fillom. Men den vesle stubben vart nok ikkje soleids mottekjet alle stader, skal du høyra: Heime vart Fedraheimen brendt, sosnart han kom; dei var redde, det skulde koma utover bygdi, so Bjølstad’n[7], presten[8] og slike fyre kunde få vita det. Det var no so mange feltrykk i stubben, at det var reint uviskelegt, men ein stad stod det “Storkaksarne” for “storkaksen” for eg meinte ret og slet Bjølstad’n. Ja det er “en literær forfølgelsestid” me liver i, ser du. Å eg vart sint “trast” – og tenkte som so, at eg slær “djæven anam’me” ikkje krul på rova for Bjølstad’n og presten si skuld, eg, um eg seinar finn på å krota ned ei rægla. Ein dagen skreiv eg ei lang soga um Askerreisa mi og sendte Fedraheimen då, men det gjekk nok best som det gjekk: eg hadde brukt so stygg kjæft på han Gammel-Eirik og fleire liknande karar, at dei torde ikkje trykkja det; men det var best av alt.

Du har vel leset alle desse nybøkerne du au, so det er ikkje nytlegt å segja nokot um deim. Mannfolk var “plåst som måta” åt byom, men ikkje so godt i bygdom, trur eg. Albertine trur eg mest, eg skal få fat i au. Ja dægeren tute meg blir det ikkje rart uppi der no lell! sume er formyket gudelege, andre formyket ugudelege, og so er det berre slåst på harde livet. Justitsministeren[9] høyrer no til dei gudelege, han stakkar.

Dei bråkar no hart og spår krig, no tildags; men forsyne meg er det ikkje tett ved, eg trur, det trengst rektigt ei dugeleg kule eg, ei avråe haustnott over heile Europa. Og eg ynskjer berre eg skulde liva ein menneskjealder heretter, for er det ikkje ei splinterflunkande ny framand tid då, so vil eg alder heita spåmann. Eg går og surmular som eg plegar, men har au lært meg til å sjå påsneid både åt høgre og vinstre, attåt di eg har funnet ut, at Ibsen tenkte på meg då han skreiv Per Gynt. Og so er det berre gå å venta på å koma i støypeskeidi.

Eg skulde vel fortelja eitkvart frå skulen au, men der går alt i sit gamle gjenge. Det einaste store, nye er at Folketinget i går vart uppløyst og Landstinget utsett, so me fær behalda Schrøder ein heil månad i trækk. Me har tenkt so småt på å senda inn ei takkadresse åt Estrup for det mesterstykkje.[10] Nei, det er ret storumkomsti med danskane lell!

Schrøder har i det siste buskapa med statsøkonomi, fyrr har det voret myther og soger, heretter blir det nok verdenssoga. La Cour har for det meste drivet med fysik og lagt serlegt an på å fortelja um dei menn, som har skubba all slags vitenskap eit tritt framover. Heretter blir det nok mest av astronomi, og so skal me ut ei nott og kika med storkikaren på alt det rare ut i himlen. La Cour likar eg sonær best av alle lærarar. Å! som han kan tala! Schrøder er ein aristokrat han, – stiv og kald mest som Ullmann. Å! no kjem eg på stygga myket eg skulde hava skrivet, men då blir det alder slut; og no frys eg som ein hund; brennande de, kor eg frys! Du lyt få resten seinar. Skriv eit dugelegt langt brev. Det er no so lengje sidan, eg høyrde heimanfrå, at fær eg ikkje brev imorgo, so stæl eg krykja åt postmestere. Jagu gjer eg so! Korrektur vil ikkje eg lesa; eg er redd, eg kan ikkje tyda dusti av heile greida.

Helsing åt deg og huslyden din frå ’om

Kristian.

Fotnoter

  1. To ord med usikker lesemåte, men det siste står truleg for fransk cotillon, ein slags selskapsdans.
  2. Førstelina i eit gammalt songvers, uviss forfattar.
  3. Janne Grieg frå Bergen og Elisabeth Rolfsen frå Kristiania. Dei var søskenbarn.
  4. Boka kom ut på Samlaget i 1887 med tittelen Sogor. Dei fem segnene er "Ein Triskilling", "Berre ein Hund", "Fanta-Nils", "Heimadøypt" og "Hjelpelaus".
  5. Truleg arbeidarromanen Streik (1891).
  6. Grunnlagt av Ernst Sars og Olaf Skavlan, kom ut 1882–87 og med "Ny række" 1892–95 redigert av Sars, Christen Collin, Sigurd Ibsen og Arne Løchen. Den første soga Sivle hadde der, var "Berre ein Hund" i 1885.
  7. Iver Tofte.
  8. Sokneprest Jens Gerhard Holmboe eller kappelan Gudbrand Heggenhougen, som konfirmerte Prestgard i 1880.
  9. Aimar Sørenssen.
  10. Striden stod om finanslovgivinga, der Jacob Estrup og hans konservative regjering møtte sterk kritikk frå Venstre i Folketinget og Landstinget. Schrøder representerte Venstre i Landstinget 1887–90.