Kjeldearkiv:1887-02-07 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 27. mar. 2019 kl. 14:02 av Jobr (samtale | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk
1887-02-07 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 7.2.1887
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 18
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Kleiven 7. 2. 87.

Kjære ven!

No lyt eg nok endeleg tepæls, no kan dæ ikkje gå længer! Men trøste meg, san, skal eg låta svara på alt dæ tullsnakke du kjører upp mæ på 4 ark i eingong! Og så ugudelegt som du bannar og reint gjerest på å vera rå og ufysen! Kan du ikkje få inn i hogude ditt, at slikt støyte meg, som er ein moralsk og fælt sædeleg kar i “al min omgjængelse” og derte ein go kristen. Eg las netup no upp breve ditt åt dei tvo brørom mine, for eg trudde dei, likesom eg, skulde bli støkkte av all den styggedomen i dæ og kanshende ta fæla for denne agalause hugstemna som no går igjenom ungdomen. Men, – “jaugu treffte dæ no”, sa man, bikkja beit han i trefoten! Dei log, dei svina, så dei heldt på vomba og så forbanna dei seg på, at du var ein “allerhelvedes karl” te å skrive! Ak, eg vart grovt narra for dæ inntrykke eg venta, at breve dit skulde gjort. No ja, tenkte eg, dæ nyttar ikkje å sture, tak dit brev og sæt deg ne og skriv åt den arge pelsen.

Så er eg da komen hit, men no er dæ spørsmåle ka eg skal skrive um. Um Mannfolk?[1] Um justitsministeren[2] og Albertine? Um “Framgang”?[3] Nei, skjit; du følgjer truleg såvidt mæ hendingom og live i dit “elskede fædreland”, at eg ikkje har noko nytt å segja, eller fortelja deg her. Eg har elles ikkje, som du trur, fått lese Albertine og har heller ikkje von um dæ snarleg. Når eg no er innpå den greia, så kan eg da gjenne fortelja, at eg misslikar beslaglæggjinga – ; at Krogh ikkje har te mål mæ boken sine å fremje, å arbeie upp dæ, som eg og du, og fleire slike, kalla sædelegheit, dæ veit eg, men, herregud, likevæl! når han enda ut frå sin sjåmåte har skrive dæ beste innlægg mot usædelegheiten og kanskje derte eit av dei vegtugaste for kvinnesaken, så skulde da fulla den styvingen i “justitsen” ha skynt dæ. På den måten vart dæ Kroghs personlege sjåmåte dei beslaglagde og ikkje boka, for dette mæ “blufærdigheden” dæ er noko væv. Og, mot åndelege rørslo, åndeleg våpen! ikkje den råe makt, dæ er mit “princip”. – Ja, kor lika dykk “Framgang” der nere i Asko[v], da. Eg? å, takk skjit; eg har no heile tia vist, at Framgang var ei prentville istaenfor Bakgang, eg, og no trur eg heller ikkje, at dei kjem te å få mange te å hengje seg på den lokkematen dei kanskje har litt mest på: “bondeskjønnet”. Endeleg så bars dæ ihop mæ Bruun og Ullmann no i møte i Kristians amts-vingstreforeining på Vetlehamar! Framgang fortel, at Bruun forsvara seg og kjørkjelovsframlegga[4] “glimrende” og dei andre vinstreavisor at Ullmann skar i dei og ruska i Bruun “glimrande”. Ka som er sant fær Vorherre veta, men at Bruun fekk kjenne kor Ullmann tok i seg dæ veit eg uttaåt og eg tænkje, at Bruun fækk ei kjænsle av, at dæ bli ikkje her og på den visen at han fær dæ norske folke, “bondeskjønnet” mæ seg.

Nei, så du stunda på “Frå gamle dagar”. Huff! eg tænkje, at dæ bli på mine gamle daga at ho kjem ut, eg trur, pine jor, at dæ kjem te å gå mæ henna, som mæ Heltbergs gudomelege gramatik. Eg har no ikkje skrive ei dust ivinter, da; alt eg har gjort er, at eg har sætt meg i samkvem mæ nokre, som skal skaffe meg ein del upplysningor. Å dæ er matstræve, ser du, som er attivegen her au – eg er nødd te å freiste um bokbindinga kan bli ein leveveg, eller um eg lyt gripe fram i noko anna; for dæ nytta, brænnande dø, ikkje å suge labben. Hit te har eg havt arbei nokk; imillom anna har eg netupp no uml. 30 store binn åt doktor Øvergård, har fått løvte um meir både frå honom og skrivaren og fleire te. Har ikkje dei verste voner! – Meininga er no hellest, at Frå gaml. d. skal få sitt tevårs og somars att – knuten er no å få upplysningo frå riksarkive, kunde eg berre få greidt dæ forutta eg kom der sjøl! for dæ kostar så forbanna mykje å gjera ei byfær. Eg har nyleg skrive åt ein fullmegtug i riksarkive um den greia og venta på svar mæ kvar post.

Mæ kveldskulen går dæ bra; um eg ikkje just har eller har rå te å kjøpe meg dei bøkerne du nemner så har eg no lell ei gjild, ny sunnheitslære åt Øvergård (Drakkmann og Hertel) eg driv mæ; eg har fortalt dei um “åndedrættet” og “blodomløbet” og skal no te mæ ernæringen. Boka eg nemnde er svært grei og inneheld dei nyaste utfall vitenskapen er kome te; P. Berts: livet og livsfunktionerne er ei av hovudkjeldom forfattarne har brukt. Imorgo har eg skule att og da har eg å fortelja um Edv. Storm i litteraturhist, reikning, diktat og – sang! Jau dæ er som eg segjer: sang! Eg og bror min, han Pål, driv og buskapar mæ kvar vor fele, når eg har ei stunn, og “innøver” tvostemde sange og eg skrik upp at måle mit så eg bli reint ein gudsfugel te å syngje. Saka er elles, at eg har tænkt, at nokre vakkre sange utsætt for 2 stemmo vilde kveikje hugen att lite imillom dæ meir strævsamde vi har for oss. I dæheile har eg no halde så umlag 40 timer skule og såleis kunde dæ kanskje ikkje vera formykje å spørgja etter, um dæ er likt te å gjera nokon mon. Å, jau, i sume ting; i skriving ser eg stor mon på mange, særleg jentone, for dei er grueleg flittuge mange av dei. Eg ser væl, at eg skulde lære dei mykje når eg berre kunde fått havt dei heile dagen igjenom; men 3 timer tvo gonger i veka dæ monar så lite åt folk som dels ingenting har kunna, dels har gløymt dæ vetle dei har kunna au. Men dagskule er dæ ikkje rå å få halde, for dæ er mange tenestjento og tenestgute mæ og dei kan ikkje avsjå andre tier enn kveldane um laurdagen og sundagen. Ein lyt enda segja, at husbondsfolka er “liberale” når dei slepp tenarane sine avsta tvo kvelde i veka og sjølve overtek antel øykjeaktinga eller fjosstelle attistaen.

Men eg snakka såmykje um denne kveldskulen min at du fulla har fått den tankjen um meg, at eg er reint ein [...] glup pædagog og skulmester. Nei, gud bære oss held! Eg gjerer nok dæ eg kan men mangein gong bli dæ berre turt og kjeidt for meg alt samen så eg bli så missnøgd mæ meg sjøl, at eg vøre tefreds eg fynge rive av meg håre. I dæheile kjænne eg væl, at eg er ikkje skapt te skulemester, eg er berre leigesvein; men så lyt eg da freiste å vera ein samvittugheitsfull ein av dæ slage.

Nei så du har kome så i go kjennskap mæ Sivle! dæ var morosamt. Ja, den karen kunde arbeie for målsaken så dæ ha lag. – norskare pen og livlegare pen eig nok ikkje lande no, allervist naor han er pao Voss, da. Dæ er ille, at han skal vera så sjukeleg og helselaus og dæ allerverste er fulla, at dæ meir og meir er flaska som lyt sætja stål i guten og sanke fram at Per Sivle av modløysa og nervøsiteten. Men så vil dæ gå mæ såmange av vore emnelegaste folk; den helvites flaska!

Har du høyrt noko frå Seljor i vinter? Eg har etla meg te å skrive åt Botnen i lang ti, men dæ har ikkje vorte, no lyt eg nok brjote meg te lel, for dæ skulde vera moro å høyre frå der. Dæ ser mest ut te, at I. Mortenson har ruska lite i sumt der i garen. Frå kameratom frå ifjor har eg ikkje høyrt eit or ivinter; eg har venta å fått ei fortælling te gjennemsyn og “bedømmelse” frå Ragnhild Østmo[5] – kom ihug at du ikkje sladrar, for eg har ikkje lov te å fortelja, at ho dyrkar pennen! – men eg har hit-tê venta forgjeves. Gamlen bokdomar åt ei ung jente! segjer du og slær deg på låre og storkneggjar på den eigne, krytyrlugume måten du er “begava” mæ. Jaggu skal han vera så, ja, dæ skal han. Og tykjer du dæ er så burti veggjene så skal eg stelle ho på han Mons eg, for “dæ e gut som kan, de”! Urimeleg mykje helsing frå brørom mine og frå meg!

Meire når vi fær att sola på Kleiven og ho kjem den 15de ds!

Fotnoter

  1. Roman av Arne Garborg (1886)
  2. Aimar Sørenssen.
  3. Avis på Lillehammer, starta av Vonheim-krinsen i 1886. Christopher Bruun, Thomas Jørstad og Matias Skard var med som innbydarar. Redaktør var Johan Filseth, i åra 1887–90 saman med Sjur Fedje, etter at Fedjes avis Husmanden gjekk inn i Framgang.
  4. M.a. sokneråd. Framlegg til ny kyrkjelov kom opp i Stortinget i juni 1887.
  5. Herborg Utne, etter rollefiguren i Fjeldeventyret.