Kjeldearkiv:1887-07-17 Brev frå Prestgard til Kleiven

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 27. mar. 2019 kl. 14:08 av Jobr (samtale | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk
1887-07-17 Brev frå Prestgard til Kleiven
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 17.7.1887
Stad: Askov
Frå: Kristian Prestgard
Til: Ivar Kleiven
Nr. i samling: 28
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Sundagen 17de juli 1887

Gode matematikus!

Sist eg fekk rapport frå deg, ha du gjort upp eit avråe reiknestykkje; den gongen slo det lite gran fel; men ha det kome no, so – ja so ha du voret ein [...] reiknemester, so gløgt har det trefst. Men å setja på da[n]ske lortglosor på deg, det, veit eg førr, dustar ikkje meir held skvetta vat’n etter ei gås, so eg lyt freista svelgja i meg alt utyskje som vil upp.

Meiningi mi var ikkje netup å skriva brev no, men eg vilde gjenne få brev, og so er det ikkje ’an råd held skriva etter det. – Du har vel ikkje set noko til den lange Ottdøls-pintse-epistelen, eg lovad ut enno? Nei ikkje eg held. Jamen no har eg tenkt meg til å skriva eit brev åt deg med det fyrste og fortelja so pålag det vesle eg veit um styr og stell hernedi og so kunde du bruka det i “Ottdølen”, um du so vilde. – Difor gjet eg ikkje noko denne gongen um slikt – Eg trur nok det kunde mora sume derupp[e] hjå dykk å høyra lite kår det baskast her i verdi. Fær eg lite tid tilovers ved joleleite til vintrast, vil eg freista skriva eit og anna um det i eitkvart målbladet heime men det er slik ei pine med denne gudsjammerlige måltrafikken måta att. Me fær no sjå.

– Det var ei natt eg vaknad ille upp. Eg høyrde gjenom sømn nokon skvaldra og bruka kjeft reint uviskelegt på glaset mit. Eg upp so berre skjurtbladi flaks um leggjerne min[e] og sporde kva heite det var for noko stabeiser det var som gjorde slik støy oc opstandelse. Men ikkje førr fekk eg augo til ruta førr eg skilde kruggen på “Ponten” (Bondhus, frå Harang) og skjegget på Åsmundstad’n utanfor. Det vart fagnadfundr[1]. I tri dagar heldt dei til her og sundagen fylgdest me alle tri utover heile Als, kav åt Sønderborg og Dybbøl: Det var sande likaste, eg har gjort i Danmark, – men meir seinar um ho. “Ponten” strauk med ein ruff over Kaupenhamn og heim, men Åsm. venda attende åt Askov. No er han upp i Jylland hjå ein prest, men stryk i desse tidom over åt Sverike. Han er komen i ein leid spekendasi over kva han skal hangga i att med han au. Friskulen sin hjå Brun har han set seg meir og meir upprådd for. I siste brevet eg fekk skriv han: “Eg går i “spænding” no i desse dagar. Eg skreiv åt Brun ein dag, ser du, og synte ’om rein uppslo, so no undrast eg på svaret, eg fær.” Soleids har han tenkt seg til å bli i Kvikne til vintrast og snikra lite og skrive lite og so freista samla ungdomen kring seg. Men nyst fekk han brev frå Bø, at dei kjem reint i knipe for bornom sine, um han segjer frå seg skulen, og deim tykjer han det er gale med sjøl au, so han er reint ille stedt. – Blir han heime, avtalad me, han skulde ein og ’an tur over fjellet og setja noko liv i samtalelaget vårt i Heidalen, det som sturta da han Iver Faugstad og han Pål Slette kom inn. Der skulde han fortelja um ferderne sine i Danmark og Sverike og ein og an sogastubben attåt. – Ja eg trur det er ein sund døl likavel i ’om Olav. Berre eit er gale: han skulde vore gj[i]ft for lengje attende.

Når han no kjem heim vil han rangla ikring eit tak og gjesta gamle kjenningar deruppe, og so skal eg segja deg eit. So lyt du au freista slita deg laus eit par dagar, so kan dykk fylgjast ein tur åt Stålom. Det blir ikkje mor imot det, skal eg tru. Og so går dykk uppå Mugkampen med sama.

Men neste sumar dette leitet halder me “generalforsamling” på Stålom. Det vil segja so samlast eg og du og Åsm og Ponten kjem au over fjelli, og so skal kvar skrifta for seg kor det har baskast sidan sist. Det blir ein kveld det, du.

– Ja no har eg sliti eine halvparten av sumaren, men den andre, verste slitande, er att. Imorgotile kl 3 skal eg stad å skjera torv. Det er 3 [...] heite dagar. Det har baskast so no på sluten, at det har nappast, eg har fått glytta i “Vor Tid”[2] og “Verdens Gang” som eg halder. Eit og anna minut har dei likavel stole frå den arme kviletidi mi. “Vor Tid” likar eg for ein ting: det er høgmæltaste talsmann, me enno har havt for full fridom i alle ting for Loke sovel som for Tor. Men kristendomen åt Ullmann blir meg snart for klurut. Berre når han svingar svipo si uppover Brun, er han greid. Då er Kristus-figuren hans ein åndeleg stormann av sjølve folket; men sosnart han tek Janson og andre slike på kjeften veks Kristus med eit upp til eit slikt appartavæsen fram for alt anna at han i mi stakkars hjærnekiste blir “fast uransagelig”. Hellest kan det hende det kjem berre avdi, eg har vorte so imot all slags lesnad um dette Guds-styret. Eg har slutta tenkt på å funne fred i di saken på trykk. Når eg ser folk kjeftast um bibel og kristendom, – la dei vera so fornuftige dei vera vil – eg ber til gulke. – Det blir ikkje ’an råd held tufse med sine eigne tankar um dei ting.

Ja gud hjelpe os for ei tid me liver i. Som avisorne, er mest kvar skrott: “nervøse” – kneskjølvege. Flekkje og rekkje upp til høgre og vinstre i aust og i vest liksom Per Gynt då han sat flekte ei laukrot. «[…] Kommer ikke kjærnen snart for en dag? – Naturen er vittig.” Nei “kjærnen” svindrast burt i alt dette viskvasket. Me må no då vel stå ved eit tidskifte! Ja eg har berre det ynskje å skulle nå so langt, eg fekk sjå slegti venda eit blad i storboki si, og sjå kva som blir skrivet på andre sida. Det skulde vera moro å vera ei vølve i desse tidom, som kunde sjå både fram og attende – held ogso ein slik storsjåar som er so kunnig i menneskjesoga som ligg bak, at han kan rekne seg langt fram i framtidi.

Nei han høver ikkje godt denne filos-spekendasen no; eg har netup voret stad moka fjøset so fingre mine ser alt anna held reinslege ut, og det kan ratt treffe, det stinkar møk av brevet jamvel etter det er kome upp i Ottdalen; – men det er ikkje mi skuld.

Ja so lyt eg segja godnatt! Det er langt etter grauttidi, og eg kan ikkje godt sitja uppe lenger med rolegt samvet for alle mine små, for sju tusen millioner svoltne loppor sit nedi sengen mine på bakenda liksom katungar og ventar på kveldsmaten sin. Og myhenkja ber til bli unåug au, høyrer eg.

Um eit tak sendar eg so storbrevet; men fyrst ventar eg ogso eit dugelegt eit frå deg. Kanskje både samtalelaget og Ottdølen søv um sumaren?

Liv vel då, Iva. Helsing åt deg og dine frå

Kristian

Du leik vel på harde livet med boken dine no då? Ja er ikkje “Frå gamle daga” trykt til dess eg kjem heim no, so katten klore skal eg ikkje leige ein til å trykkje både boki og deg au, so du skal merkja det eit bask.

Fotnoter

  1. Norrønt fagnaðarfundr eller fagnafundr 'gledeleg møte', mykje brukt i kongesogene og islendingesogene, ofte med tillegget mikill 'stor'. Prestgard har uttrykket seks gonger i breva.
  2. Vor Tid. Tidsskrift for kristendom og samfunnsspørsmaal (1887–91, ny rekkje 1893–94), dei første åra redigert av Herman Anker, Wollert Konow og Viggo Ullmann.