Kjeldearkiv:1887-07-28 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 27. mar. 2019 kl. 14:08 av Jobr (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
1887-07-28 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 28.7.1887
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 29
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Bøneslien 28/7. 87.

Kjære Kristian!

Dæ var reint, ha eg venta, at du skulde vore så spak når du kom, som du var i sidste breve ditt, lell! Eg venta ei slik skamdering, at eg tænkte meg te å “njote” ho stykkjevis, eit da og eit da. Men no slapp eg frå alt og gla var eg.

Kafor eg har drygt så syndugt mæ å skrive no kan eg ikkje fortelja deg um eg vilde alder så gjenne; for eg veit dæ ikkje sjøl – eg har så ofte tykt, at dæ tok te å ta overhånd korlængje eg drygde au, men kome meg te å skrive har eg ikkje førr. Eg bli så stålsliten, så lei meg sjøl og all ting, så likegla og huglaus, at eg mangeingong ikkje veit mi arme råd. Og sia i vår har eg vore reint umogeleg. Heile live bli liggjande for meg som ei gråsvart røre, som eg er fornøgd av og som ikkje har noko bruk for meg. Nyleg ha eg gjeburtsdagen min, men te al lykke kom eg ikkje ihug dæ før tvo dagar baketter, for ha eg kome på dæ mæ dæ same, så ha eg fått ei slik hetori i lang ti, at eg knapt ha vore såpass te-meg komen at enno, at eg kunde skrive åt deg idag. Men da dagen gjekk over forutta eg kom ihug, ka han var for meg, slapp eg å “revidere” reiknskape mine. Men, for at eg likevæl heller ikkje dette åre skal “slutte reiknskape” forutta årsuppgjør, har eg tænkt, å gjeva deg eit litte glimt inni sume “poster”, så kunde du vera likesom “revisor”, da, ser du, um du vilde. Og eg skal passe meg væl, så ikkje “Oftedølane” fær høyre, at du er “revisor” for dæ gjynge gale trast – du veit sjøl ka dæ er for noko skjit du driv mæ te tru.

Den 10de hujus i denne måna fyldte eg mine 33 år og ei go stunn før vart eg var, at eg har ein go del gråe hår uppmæ øyrom, att dæ meste er reist, veit du førr. Sidst du såg meg ha eg, um eg ikkje misskjem-ihug 2 skrukke i skallen, no har eg 5 og den 6te tæk te syne “tydelegt” fram kor han vil “fæste bolig”. Berre desse tvau draga, vil syne deg, at dæ går ikkje an å segja, at eg ligg baketter tia på den hånda, eg er heller førreåt ein go mon. Men korleis eg har brukt desse 33 åra – ja la oss ikkje ta såmange, la oss ta berre dei sidste 8te – ka eg har gjort som kan vera vært å ta på namn – ja dæ er eg, gudhjelpe-meg ikkje istand te å finne dæ slag um i bøkom! Har du som garbrukar vêlt um hus og jor og tedømes fått tri strå te å vukse der dæ førr voks berre eit? Har du vore mæ i noko tetak som på ein eller annan måte kan bli te gagn for bygdafolk eller grændsfolk? Har du arbeidt deg upp ei “stilling” som du kan verke ut ifrå te din eigjen eller andre folks gagn? Ikkje eit tal, ikkje ein eineste slik inntekts- eller “formuespost” finns dæ! Og så kan dæ ikkje gå an å få ut anna, enn ein grøteleg “underballanse” – ein slags åndeleg bankerott! Konkurs! ja dæ er ore, og dæ er eit or, som ligg i være no, – for alle vi gudbrandsdøler held på å går fallit, bli “buslitne”, som Vinje sa, og når ein da, så som eg, finn ut, at han er busliten både innvortes og utvortes, både “intellektuelt” og “materielt” så kan du forstå, at ein er vælfaren av å gløyme burt dagen for hugu-uppgjøre, så som eg gjorde iår. “Kvintessentsen” av dæ heile bli no, at eg har brukt live mit ille og at eg har vore ein jammerleg tosk. Eg har gått og vimsa og tulla og innbildt meg, at eg ha “interesser” både på den og den kanten, “interesser” som eg burde ta “hensyn” te. Jau, go greie! Eg skulde havt hogg så “interesserne” ha drive, og så skulde eg vore jaga åt Amerika for 8te år sia. Så skulde dæ vore – no er dæ i seinaste lage.

Eg vart på ein sår måte minna um dette livsreiknskape mitt idag – og, dæ er likevore, eg kan segja deg lite um dæ au, når du berre vil lova ut å læse kjeften godt. Mor ha bee åt seg nokre budeio idag og imillom dei var dæ ei jente som eg for 10 år sia var rasande galen etter; dæ kom upp eit “forhold” millom oss, stilltegjandes var dæ, for eg aga meg såvidt, at eg ikkje beint fram kom mæ nokor “erklæring”. Mor og syster mi ha fått “nasene sine” i dæ og så kom dæ styggvær og umstøorne heime i dei dagom var slike, at ha eg ikkje bøygt meg, – så ha dæ endt mæ ei “katastrofe”. Og så somna dæ heile burt. Korleis dæ var, um jenta var så mykje forelska, at ho vart ulykkeleg da eg bøygde av, eller ikkje, dæ veit eg ikkje – men ho har no gått slik te no. Eg tænkte på idag korleis dæ ha vilja sett ut, um eg hadde gjort meg “opsternasig” og ikkje gjeve meg den gongen. Ja, dæ er ikkje godt å veta. Men ha eg no site i ei slik “økonomisk stilling” at eg kunde gjivta meg, så har eg boe henna dei fillurne som er att av meg og – fått reispass, dæ er eg viss på! For når eg ha fortalt henna, at eg trur fælande lite på treenigheita og enda mindre på fan og helvite og ikkje har nokor tru um dæ “evige liv” korkje slik eller slik, ja så har ho vist meg vintervegen,

(fire dagar seinar!! – nei eg orka ikkje å få færugt breve mitt te førre postdagen – no går posten att i morgon og så lyt eg brjote meg te å skrive dæ frå meg idag. Enda lyt eg skrive eit brev te! Ola Austrheim skreiv åt meg for 14 dagar sia og gav meg ei gudsjammerleg gjennomhekling for dæ, at eg alder svara på breve hans. Uff, kor uvær eg er idag – eg er så sjuk og sår i hugen, så sundrørd og lei, at eg gjenne skulde smuge inn i eit mushol når eg berre visste, at eg var kvitt meg sjøl mæ same!) – – –

dæ er eg viss på, for ho er eit “karaktermenneskje” og tek dæ alvorlegt mæ alting. Men dæ er ikkje te nokonting å grava upp att desse mosagrodde sakerne, korkje for meg eller deg – eg trudde hellerikkje, at eg nokongong skulde kome te, å tekje dei på namn åt nokon; men no kom heile denne gamle kjærleiksgreia så ljoslevande for meg, at eg var midt uppi dæ førr eg visste ore av.

Du fær helles ikkje tru, at eg går heruppe og logabrenn som ein annan feitrivel – nei, alt som heiter varme kjennslor er utbrunne, eg kan vera ilag mæ henna og vera like roleg. Ja, iførkvelds dansa eg “sågar” mæ henna! Dæ gjekk såleis te: lensmannen[1] har slikt grovt stell på sætra si her isomar og så kom han upp frå bygden laurdagskvellen mæ 1 bror og 2 syst og 1 “modehandlerinde” frå Vetlehamar. Sundag ba han åt seg nokre få av grannbudeiom, og eg fekk den æra å vera mæ. No sette eg meg te å surmule, som du veit, men dæ gjekk ikkje; dessa Vetlehamringane var galne som vonde engle og alle laut danse antel dei vilde eller ikkje og på den måten laut eg au kaste laust både mæ polket, rei[n]lænder og masurka! Ein av fyrste dagom skal vi uppå gråhøa ein heil hop, mæ kaffe og mat, forstår seg – men du treng ikkje å ottast for meg – dæ er berre litegrann sårt å bli minnt um, at eingong var da ein den karen, at ein ha både hjarta og kjenslor i dæ au!

Så var dæ denne velsigna boka mi, ho, som eigenleg er årsak te, att eg er i heimbygden enno og ligg heruppe. Ja, eg arbeier noko no og da, men herregud! kor trått dæ går! Berre i stubbvis. Eg har etter dine “anvisning” bytt um endom så kjempe- og skjyttarsagne kjem fyrst; no nettup held eg på mæ Herringstaen. Eg arbeier upp att heile greia; fyrst skriv eg ein kladd, så reinskriv eg ein gong og så skal dei “poleres” sisste venda i sjølve “manuskriptet”. Måle er no pålag dette eg bruka her, noko meire Vågemål; men eg er ikkje go-te å bli forlikt mæ meg sjøl antel eg skal skrive reint Vågemål mæ alt dæ lurverie som følgjer eller eg skal halde ve den makselen eg har. Ka trur du?

Tanken er no å få boka færug te jul og har eg helsa, så tænkjer eg, at dæ skal ikkje glette held. Sia eg tala ve deg ifjor har eg grave upp ikkje så reint lite “stoff” og sumt ha vore ægte gullklumpe au. Dæ eineste, som kan livne meg upp-att noko er når eg kjem væl inni arbeie mæ desse sagnom. Når eg slæpp te mæ alle desse eigne Våge uttrykk og vendingo som i mangt liknar så godt sløngjekjæften åt Vinje, da er dæ likesom eg er komen inn i den tonarten som “min strengerad” er stellt i; eg kan gløyme både forti og framti og årsreiknskap og alt dæ, ei ti. Men dæ er [...] så leitt mæ mange av dei gramatikalske forme i Vågemåle og eg er reint forrtunn i papirom her. Eg er rædd for, at eg orkar ikkje å gjenomføre ein heilt ut stø og følgjerigtug skrivemåte.

Du ser såleis, at dæ kan vera von, og dæ go von te, at boka bli færug frå mi hånd te du kjem heim att. Men um ho bli trykt, ja dæ fær no gudarne veta; tanken er no å bjo ho fram åt Nygård i Bergen eller åt dæ norske samlage. Eg har tænkt på, å fått ein av høvdingom te, å sett igjenom manuskripte t. d. Garborg; eg kunde kanskje på den måten få eit og anna godt fingerpeik “um eit og anna” og kanskje ei uttaling um arbeie au, som kunde lette handelen mæ forlæggjaren, um dæ drog på rette leia, da.

Men enno har eg att ei heil [...] uskrive sie og væl så dæ, og eg veit ikkje noko å fylle ho mæ. Eg kan no freiste kor langt eg kjem mæ å “berette” at vi har havt så låk somar heruppe hit-te, at dæ har tekje rænnandes overhånd. Turk og kald vinn, kald vinn og turk, heile tia. Og har dæ sume gongo mest-som venda seg frå ein annan kant og kome lite regn så har nordavinnen hoggje i att såmykje friskar. Iførrdags ha vi bedste dagen etter jonsok og vi vonast alle, at dæ kom umslag i være da; så fekk vi dygtogt regn igjår og idag yler noravinnen som ve vinternetleite! Foråre bli svært lite iår og for kornavlingen har dæ alt spøkt mæ kalden! Nei, korleis dæ kjem te ende herupp i dalen, dæ “begrip” eg ikkje, vi kjem nok te, å gå frå gar og grunn forende.

Hit kom eg da mæ værprate men enno er dæ att ein stubb som eg ingor rå har mæ.

Når du læs dette breve, så trur du fulla, at eg held på, å bli halvjålot; ja, du kunde ha årsak te di. Men ulykka er, at eg tek te å bli “nervøs”, ein arv eg har fått av morfolke mitt, – nervøs og sømnlaus! Viste du kor lei og ilendug eg har vore no ei stunn, så gav du meg te både for di eg drygde så ulagleg længje mæ å skrive åt deg og for dæ, at eg no endeleg kjem mæ ein slik forbanna rørkok. Men du fær ta dæ, som dæ kjem, eg kan ikkje “præstere” noko likar. Og så fær du for guds skuld ikkje “gjengjælde ondt med ondt” men skrive snøggast du har rå mæ. Dæ kunde hende, at dæ rivna i gråskodda for meg att au, så eg kunde få blå himil og solskin såpas lang heto, at eg vans skrive eit folkelegt brev åt deg. Hundre helsingo frå mor, Iver, Pål og femten hundre frå meg.

Din

Ivar.

  1. Edvard Listad. Uvisst kven dei andre er, han hadde mange søsken.