Kjeldearkiv:1887-10-10 Brev frå Prestgard til Kleiven

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 27. mar. 2019 kl. 14:24 av Jobr (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
1887-10-10 Brev frå Prestgard til Kleiven
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 10.10.1887
Stad: Askov
Frå: Kristian Prestgard
Til: Ivar Kleiven
Nr. i samling: 31
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Askov 10-10-87.

Kjære Ivar!

Nei, det skulde ikkje vera hemn held, men eg ha ikkje på nokon sett held vis set meg rårum til å krota ut ein lapp sopas, at eg vilde kosta 20 pf. på det.

Det var grovt som det skar meg førre breve eg fekk. Eg las det såre skriftemåle, sosnart eg hadde ei lise, og kvar gong beit det meg so ilt, for eg kjende, kor kluvande sant det var. (Denne gongen er ikkje meiningi å taka meg ei “updikta martyrkrone på”.) – Det var ikkje vidare ljose dagar, eg hadde eit tak dernede ved det leite breve dit kom. Det var fyrst i kornslåtten, so det leikte i firsprang frå morgonen tidleg til seinast kveld. Eg gjekk der og fikta med ei ljåambo, som vog meg sjøl upp tri–fire gongo, dengde og slo so tunga hekk mest nedpå ne’re ljåkaggen; ein stor morsk tyskar hadde eg til felag, ein avråe truskar som gjenne kunde skårjaga fa’n sjøl. Ikkje middagskvil: med siste tugga middagsmat i kjeften bar det laust med sama leiken. Ikkje heldt me sundag meir held 1 1/2 time, då messa stod på. Soleids var eg kroppsliti nok. Og so vart det meg so andmodt bland alle dei trongsnørde hjærnekistom, at det var liksom snøype med ålbogerum. – So kom eine breve heimafrå etter det andre og fortalde, kor hymsje det såg ut deruppe: at den og den alt stod på fellan’ fot, og at alle gjekk der antermoduge, innmura kvar hjå seg og sturde for morgodagen – So imillom lite fundering over guds-styret. – So kom breve dit og mældte “fallit” både utan og innan, og spøkte jamvel med “Amerika”. Det er sørgjelegt sant, at det er slikt utvortes derheime, at ein au kan gruve for det innvortes. Ja no kunde eg nok kjørt upp med dei gamle utslitne talemåtom, at me ikkje skal tapa trui på det beste i os, og at me ikkje tarv byksa ut, fordi me ser svarte avgrunnen under os o. s. b., men slikt fromt hedninge-misjonær-prat har no ikkje verdi vidare bruk for i våre dagar. Eg segjer berre, kor prosaisk det høyrest, at eg skulde ynskja, den fyrste fallit so snart som moglegt vilde klembe deg ut av hiet for å berga deg frå den andre, som er verst. Einaste reddingi er vist likvel å koma seg ut av eit slikt hol, som “herrens vrede svæver over”. Eg tør ikkje skryta av, kor frisk og traust eg er i sinn og skind no, men det veit eg, at ha eg gått heime i Heiddalen til denne dag, so som eg gjekk dei siste tvau år eg var heime, so ha det ikkje vore att ei tærande filla av meg. Nej um det ha!

Ut lyt du. Dit det er både ålbogerum og pustrum. Åt Amerika? Nej takk, Ivar. Der er nok ålbogerum, men ikkje pustrum for deg. Du vilde gå der og gnagast og tærast og kjenna deg som landsforvist, til du ein vakker dag kom etter med, du var sliten og krank og udugleg til å taka fleire tak; men likso lens for guld, som i gamle dagar heime på Lalm. Og framand og einsleg stod du. Jau då fyrst kom krona på verket til ein innvortes “fallit”. – Reisa åt Amerika for å “læra” arbeida? Å det kan ein læra nærare ved. Det kan eg no vitna.

Eg ha tenkt på, um du ikkje lyt hit ned lika vel, du Ivar. Ikkje å gå på skule; men um du vil hogga i med eit held anna slags vyrkje med hendom. Her er no ikkje held blir alder so knipsamt å koma seg fram til lite sjøleigande, som heime, det ser eg. For ein mann med praktiske hend’ og hovud er det vegjer til – levebrød, skulde eg mest sagt, – opne på alle kantar. Kafor eg ikkje ber til slå meg upp noko sjøl, når det er so uvant? Jau, når det ikkje fins ei dustande grand “praktisk” skapt korkje i hånd held hovud, so er det likso forlabba her som heime. Som eg har sagt førr: Vorherre gjorde eit grovt misstak den gongen for eit og tjuge år sidan.

Men du har no både slike hend’ og slikt hovud du, at du kunde finna på mangt likavel. Du kunde freista eit tak på nokon slags maskinverkstad, du med klurhovudet dit, – i eit meieri, som det er slik ein syndflod av rundt i landet, held som bokbindar – Held som “redaktionssekretær” ved eit blad, held kva anna, du no ha mest hug til.

Her i Askov er det ein bokhandlar[1] som altid halder ein bokbindar. Kor feitt det er, veit eg ikkje; det skal eg høyra etter; men det var lugumt, um du vilde bu nær skulen. – Hellest kan ikkje eg rekna upp alt, som er å gjera her til lands, som kunde høve deg; men ka eg meinar er berre det, at ein klarar seg likso godt her som i Amerika, og då står ein seg betre på å reisa åt Danmark, trur eg nok.

Du kjem vist til å halda “Høiskolebladet”; der er det upplyst 3 millioner “pladser” av alle moglege slag i kvart nr. og der er det berre milde, kristelege danske høgskulefolk med “Grundtvigs syn på livet”, som avertera.

Javist. Det bit å skilja seg ved heim og bygd og fjell og folk ein er vokset upp med alvist, når det ber åt Amerika og ein har den kjensla, at ein alder meir kjem heim. Men stryk ein hit, kan ein altid skrive “til so lengje” bak øyra, og på den måte stålset det å reisa heimafrå. Og kor me ferdast og tufsar og knuvlar, so går det lettar, når me er soleids til, me slepp heim åt dei gamle tuftom når det ein gong ljosnar der uppi dalom.

Eg er ikkje jamgod ’om Per Lund, kan eg merkja; han kunde slå tri spikar med ei heto, han, og eg lyt heta tvo gongo minst for kvart brev. No skriv me den 12., trur eg. Eg lest no, som det fyrste arket ikkje meire var til, men eg sendar det likvel med, so eg fær høyra, um du meinar det er botvon i det. –

No sit eg so på nyt lag i det gamle kongerikje mit. Ja det kan hende, eg var glad den dag eg baud farvel åt Nordborg. Glad fordi eg slapp hit upp, men ogso glad fordi eg ha vore dernedi sopas lengje. Eg tok mangt eit tungt tak og la att mang ein heit sveittdrope der, det gjorde eg, men for alt fekk eg “fulle vederlag”. Ikkje berre dei 10 blanke tyske gullstykkje; men eit halvt år klokare på verdi og ein liten tæv av kjennskap til eit folk, som sit i tvangstrøya, er au verd og rekna med. So kom eg hit. Eg ha altid venta, det skulde vera som å koma hovudstup inn i himerikje, men eg kom snart under vedr med, det var i denne “jordens jammerdal” eg gjekk tufsa enda. Askov stod nok her som førr, men dei få gode venner eg skildest frå her i fjor var no ikkje å finna. Og eg ha alder so vel trengt ein god felag som netup då – ein med ægte dølatunge og dølatankje. Eg freista bad til Guds at du held Åsmundstadguten skulde vore her, men eg kunde no tenkt meg, det dusta ikkje.

Ja det er ender å [då] slikt fikt på meg enno, at eg er leid og laseg som ein lutfisk og gjenne skulde selja det arme livet mit for fire skilling. Men det har ein overgang det au, sa ræven, han vart flådd.

Eg fekk då endeleg festa bu. An’ normann fans her ikkje held ein, som er so åndfull[2], at eg gulkar, berre eg snert innåt ’om, men so fekk eg med meg ein sjællænder ute frå Stevns klint. Me kjendest hellest frå Sønderjylland. På skulen torde eg ikkje bu meir, for eg vilde ikkje resikere å bli “kastet udenfor der det er gråd og tænders gnidsel”[3] um det skulde koma ei fengje sjuke liksom i fjor. Men eg bur tett ved skulen på største og ljosaste og trivlegaste kotet udi den ganske stad.

Og no har eg rakna ved meg att. No ligg eg i med “vølr, vøll, velli, vallar” og “this, these, that, those” alt berre selatyet trottar. – Oldnorsk og engelsk annankvar dag dei tri fyrste månar, og eg drista meg jamvel med dei eldste engelskmennom, so eg har mest byrt av dei tvau slag. Eg ser, det er ravruskende gale, eg ikkje ha gje’t meg meir av med “sprok” longo førr. Oldnorsk, engelsk og tysk er eg blånødd til ha lært, og det lyt eg no freista hemta inn etter hand. Oldnorsk er eg no au på god veg med. Andre ting som histori, naturlære, geografi o. m. knuvlar eg au med, men det blir mest forlabba for meg. Og so går det mest med alle slag. Eg fær ein tæv av so uhorveleg mykje, eg skulde ha vore inne i, men kvar einskild ting er so ulagleg stor og har so djup botn, at eg tykjer, han krev eit heilt menneskjeliv, og enda eit langt eit. Nei, eg blir vist alder ferdog med meg sjøl, dess held hjelpa nokon an’.

Det er som eg lengje ha gått rota ikring i ei myrk spjeldstova, men no påsluten fått bora hol på taket og stungje skolten upp i dagen. Der ser eg no endelause viddir på alle leider, det eine fagre rikje etter det andre burtover; men – glugget er trongt og ekslirne breide, der sit eg og lyt nøygjast med å “sjå” alt dette på lange mål.

Nei, eg ser ingen an’ utveg, held, som eg vist førr har mælt um – at når eg er ferdog her, lyt eg freista få ein slags “plass”, der eg fær hjelpa til med oldnorsk, rekning, geografi og eitkvart slikt fjatlet; men soleids at eg fær spandere meste tidi på meg sjøl og freista kara meg vidare i sumt, eg sovidt ha byrja på her – samstundes med eg fær øva meg litet. Hellest har eg no berre ei låk tru på meg sjøl med denne lærartrafikken som livsvyrkje. Og kom det so upp, at ikkje trui mi i eit og alt horva etter kokarboken, so vart eg vel både flådd og steikt og uppete’ då; men eg laut no freista kneppa nebb, um so var.

(Det ror for meg, eg rørde noko um Gudsstyret i eit brev i fjorvinter, men at eg då var sjuk både utan og innan, merkte du nok sjøl. Men meir seinar, um kor eg er komen til idag).

– Den norske klubb her i vinter er so arm som alder førr: tvo han’r og tvæ ho’er – ei skulde det ikkje mest vorte tvo “haner” og tvæ “høno”. Den “åndfulle” normann er reist sin kos, og alt er berre vel, men so er det komet ein haringgut[4] istaden – ein bibelsprengd lofotfiskar (han eig nemleg ei skute som seglar på Lofoten kvar sumar.) Han halder eg no ikkje vidare slampelag med. So dei tvæ gjentorne. Den eine frå Odalen[5], den andre er syster åt kjeringi hans Kristian Knudsen uppi Gausdal[6]. Den siste skal vera ei skagjild gjente, fortalde Åsmundstad’n, so han var lite kry av å ha drigje ho upp – ho ha gått i friskula hans.

Men dei høyrer no både tvæ til den nation, eg mindst har umgjenge med, og so går det vist ikkje stort betre held ifjor, då eg helsa på dei tvæ norske gjentun [7] fyrste gongen joleftan. Nei eg fær nok stulla med Stevn-bua, mein[er] eg.

Men eg lyt nok unna meg, skal eg ein gong få breve istand, for det er mange som skal ha. Eg vart skuldug so mange brev der nedpå Als, at det vart ei “syn”, og no har eg so travelt, at eg veit Gud hjelpe meg ikkje, korleids eg skal få kvitta meg. Verst var det med Herborg Utne. Ho skreiv åt meg i fjor vår, um eg ikkje kunde skaffe ’n ein plass her ein stad no til hausta. Det gledd meg, for eg vilde meir held gjenne hverve ei sjæl. Ja, det hastar no ikkje so brått, tenkte eg, strauk [...] dit ned og gløymde burt Herborg til eg kom hit upp og fann att det gamle brevet. Og no er eg, hjelpa meg, so illa ute, eg tør ikkje ein gong skriva og beda um godt vedr.

Det var tidleg ein morgo, eg gjekk inne i læsarstova i berskjurta, kvitbuksa og luspskorne og ventad på gymnastiklæraren[8] skulde ringja. Kom det so bod, um det ikkje fans ein normann derinne. Haringguten, som var nærare døri, rendte ut, han, som han skulde havt brand under rumpa; men likso hu[d]flat kom han inn att. So laut eg ut. Jau beiskedeg! Der stod våres gamle ven Svane. Han kom like lukt frå kongens vakti i Kaupenhamn, og då han ikkje ha høyrt gjete meg sidan i fjor, ha han tenkt seg til å knipa meg her, um eg då ikkje var hengt. Det vart “fagnadfundr mikil”[9]. Både gymnastikken og mest alt det andre med fekk kvila den dag, og so gjekk me ein tur langt ut i skogen her. Og so livde me upp att heile Seljords-vinteren – kav frå fyrste ferd, og til den morgonstundi, da me sat inntulla jamsids i langsleda og kjørde utmed Seljordsvatne. Ja det vart so livande for meg takom til, at eg tykte, eg høyrde det huskad og knakad i flattakje på Midtbø når Årekol baskad og dansad halling ovanpå – og høyrde kor det tusp i finnsko’om, når eg øvde inn ein springar med Berre – tyktest sjå os sjølve den dagen straks fyre jol, då me fire kraup uppå Lifjellet[10] – kjende kor det luktad gris og utyskap i den raudmålade garden, me kjøpte mat i uppi Flatdal – og såg skilegt “gefjæset” åt hr sorenskrivaren den store verdenshistoriske kvelden på Bjørge. – Og det enda’ no med, me vart einoge um, at det var likvel eit slags liv i klutom der uppi.

Ja han gjorde vel imot meg Svane, at han kom hit, for eg livna’ no so upp, eg, at eg kjem til ha godt av det i lang tid. I vinter blir han heime hjå far; men so veit han ikkje lenger fram. Ha[n] gav me[g] tvau bilæte av seg med jolbuk-bunad på, og her fylgjer det eine med åt deg med sampt mange helsingo. –

Det gler meg at “Frå g. d.” er so langt komen. Jau det høve snaudt som fot i hose det å teeigna minne åt Storm den bok[i]. Ei slik uppfrisking er minne hans ærlegt værd. Um målføre? Nei guste må du ikkje ta djupar i kanna med Våge-målet, held slikt som i siste brevom dine. Skal du gjera meir av det, lyt du likso snart skrive so korrekt daglegtala, som det er moglegt med bokstavrekkja vår. Men alle dei “uransagelige” utvekst[e] på Vågåmåle, tykjer no eg, me har ikkje bruk for i skrift. Ka det gjell um, er å få tak i alle dei gode gamle uttrykk og dei snarpe, eldkvasse, vendingo og sprett i daglegtalun; stutt sagt: krutet i målet. Og det kan du fullgodt med den målform, du brukar. – Det var ikkje so ille påfunn det, å la Garborg lesa igjenom manuskriptet, førr du byr det fram. Gjer berre det.

Ja, skal eg skriva meir no, so er eg redd for, det blir “so turt, at det tusp i det”, som guten sa, da det regna i lauvmorken. Men skriv meg so ein dugeleg rapport med det fyrste. – Høyrer du? – Eit skabrev. God nat! No kryp eg under dyna. Alle dei svoltne tyske lopporne er eg no kvitt, men legret er hart som storbrisken min burtved Mæringsdalsvatnet.

Ein ærleg nævafylling helsingo åt deg – Likso åt brørom dine og gamle mor.

Din

Kristian (Askov, Vejen St. Jylland)

Tek du ihop med skulen att i vinter? Åsmundstadn svindrast nok burt uppi Gausdal. Eg les alder korrektur.

Fotnoter

  1. J.P. Jakobsens Boghandel, på denne tida driven av Erhard Garnæs.
  2. Uvisst kven det er.
  3. Matt. 8,12 og 22,13 og liknande i 13,42 og 24,51.
  4. Torgils Bu.
  5. Anne Sjøvik.
  6. Marta Myklebø.
  7. Janne Grieg og Elisabeth Rolfsen.
  8. Jørgen Rasmussen Kirkebjerg.
  9. Storgildt møte.
  10. Prestgard, Kleiven og eit par til baska i djupsnø og ulende til Lifjell i jula 1885, sjå òg Prestgard: Fra Heidal til Decorah. Veien jeg gikk (1996, s. 91).