Kjeldearkiv:1887-11-16 Brev frå Prestgard til Kleiven

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 27. mar. 2019 kl. 16:24 av Jobr (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
1887-11-16 Brev frå Prestgard til Kleiven
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 16.11.1887
Stad: Askov
Frå: Kristian Prestgard
Til: Ivar Kleiven
Nr. i samling: 33
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

[Ca. 16. November 1887]

Kjære Ivar!

Det kan vel berre hænde, at Askov har sin “besøgelsestid” i desse dagom. – Um det er den slags “besøgelse”, det står noko um i bibelen[1], veit eg no ikkje –. For eit tak sidan ha me besøk av ei drusteleg, raudspettute dame, eit avråe diktarbeist frå langt pokkerivold burti Russland.[2] Og neste laurdag kjem den store kaptein Norlander frå Stokholm til den avbragslege gymnastikfesten vår. Men rosinerne i pylsa fikk me no ved siste helg då Bjørnson kom. Du “hellige prophet” for ein “støy oc opstandelse”! Heile førre vika bruktest fritimen berre til å øva inn festsongar, reisa æresport og vela og pynta so godt, det i snøggvenda let seg gjera. Laurdagen[3] ved 4 leitet stod ein mann på utkik uppi tårnet. Best det var ropte han ned, klokka ringde og i ein ruff stod heile flokken uppsteglad innetter garden i tvo rekkjer med ein stor gjeile imillom. “Takt, takt, pas på takten” dundra laus, og der kom Bjørnson og Schrøder stigande. Å nei! – Det var so rart å få i huset den ein har halde so av berre på fråstand. Det var den same kjæmpekar, som for 7 år attende, berre no var håret reint grått. Han stod uppå troppi og lydde songen tilendes, fekk seg eit hurra og smaug so inn. – Um kvelden var det finfint gilde hjå Schrøder, for nokre av dei likaste. Men Begtrup, som altid er slik kar til å ta seg av os normenn, fekk snusad os upp, og so laut me – stakkars krek – inn å skaka labb med den store bjørn. For ein kveld du! – Og han fortalde frå Paris og Amerika, og tilslut sa han nokre dikte av Victor Hugo.

Sundagskveld kom so stortala[4] – um kva sedelegheit har på seg for heimen og slegten, men ho var so stor og tung, eg tør ikkje segje noko um ho, då eg lyt tyggja på ho litet fyrst; men sant var det, det kjende eg. Seinar på kvelden var det au eit lite vakkert rukkel, og der fekk Bjørnson høve til å segja ut ein liten stubb troesbekjendels so ærleg og gripande at eg i all evigheit skal halda av ’om, mykje meir held førr.

Måndag heldt han seg i fred. Berre inne hjå os i tvo timar, sat på skulebenken og høyrde fysik og noko slikt. Tirsdag heldt han eit sprakande og gneistrande foredrag for os um Gambetta. Og du, og du! – Men straks etter middag skulde han so på turen åt Kaupenhamn og heile skulen – både lærarar og lærlingar – fylgde me ’om på stasjonen med eit norsk og tvau danske flak i framenda.

Ja dette er i stuttmål den turre sida av dette store besøket; den “åndfulle” fær, som sagt stå ihop solengje.

– (Neigu um eg har høns på, kor det heng ihop, at det er so forlabba for meg å skriva den minste tøddel no lell, det har eg ikkje. Eg ber halvvore til å ottast for, at målet mit kulkast reint burt. Eg knota forlengje. Ikkje nemna at eg kjørde ytre i heile sumar, men jamvel i vinter går eg på dansk tone. Eg går som framand for meg sjøl; men det er rådlaust med det. Ifjor sa eg snaudt nok eit dansk ord, da eg helst tagde utan for den vesle dølaklubben, men no brukar eg avismålet i mit eiget hus.

For dei tvo stakkars norske krokarne her[5] dur ikkje til å blåse eld i ein gamal, svart brand. Då laut det held vera dei tri gjentun[6], men dei høyrer no ikkje med til mi slegt. Men so ha eg tenkt meg til å rakna ved meg att når eg fyrst kjem heim.)

Og enda baskar eg med engelsk og gamalnorsk kvar dag so berre kaldsveitten væssest or hausen. Ja eg let vist sist um, kor ynkjelegt det var, eg ikkje ha lært desse tri gamalgermaniske mål longo sidan. No skal du høyra kafor: For det fyrste skal ein fullpanta norsk målmann helst vera grundstiv både udi engelsk og tysk forutan oldnorsk. For det andre for bokverdi skuld. Bøk er no likso naudturvelege for sume slags folk, som grev og plog for garddrivaren. Og på desse tvau mål fins det framifrå værk i alle greino, som alder er til på nordiske sprok. Dertil er bokprisen der berre ein liten del imot her heime. For det tridje, kan ein desse tvau mål, kan ein trygt ferdast verdi rundt, um det ein gong skulde knipast.

Eg vil fortelja eit lite eventy att no: ([...] det er graut i blekhuset!) Sist høyrde du um, at Svane ha gjesta meg. No er det ein ny gustning frå gamle dagar:

Tidleg laurdagsmorgon for fjorten dagar sidan med eg endå låg og drøymde burtpå den turrharde brisken der – ein drøymer altid so gruselegt på slike fegjætarleger – so prikka det på døri, so eg vaknad med sama. Og vaknad so vidopen og lett, at hausen var klår og greid lika i ein ruff. Det er altid eit godt merkje det. Eg veit ofte, eg har voret so tung og tumelumsk og døsle um morgonen eg ha fyrst seint um sidan sanka upp att eine sansen her og den andre der, liksom i eldgamle dagar, når eg ljøp ikring i berskjurta og justa etter broki og hosom mine. – Men då er det ikkje gjenne ret innvortes. – No! det prikkad, og eg vaknad. “Gumorgo”! – Nei katten klore. For so skirvaken var eg, at eg alt kjende målet. “Velkomen i mit ringe hjem hr. sorenskriver”![7] Denne setningen flaug utor meg, førr eg sjøl viste av det, og eg angra det baketter, før han godeste Sundbø, bryr seg ikkje um å røra um det kapitlet ha eg merkt. So var han då her; og liksom andre framande nybyggjare, skal eg tru, han var fegjen av å finna so kjends folk. Og eg hjelpte ’om då å leiga hus og slikt noko. At han strauk ut, kom seg nok av di, at mannskapet deruppå skulen vart so tunt, at han vart reint tilovers. Det er ille med Seljordsskula på den visen, det no går. Ja han sloknar snart. Og Ullmann tullar seg burt inne i hovudstaden. Telnesen gjorde ei vælgjerd, um han fekk forkulka stortingsspekendasen for Ullmann no til sumars berre for skula skuld. Ikkje nok med, han endeleg lyt koma heim sjøl, men han skulde ha ein dugande kar med seg til å styra heile stasen, ein som kunde halda skulen ihop, so han sjøl hadde berre sine visse foredrag, liksom Bruun på Vonheim. – Ja han kom no og friska upp att Seljordsvinteren gjorde “skrivaren” liksom Svane sist. Ikkje avdi han fortel somykkje der uppe frå, va det seg likt; – eg bryr meg held ikkje um å rale med ’om, då det blir berre pjatt – nei, det er heile figuren som fortel: Nei guste som ser dette grågustne fjæset hans ein einaste gong utan eg tenkjer meg i Seljord. Difor er det kanskje, eg no på sluten ha tekjet upp att den gamle skikken å stå på hovudet langs uppetter veggen eit baskan i berre skjurta, førr eg kryp i seng um kvelden. Ja stakkars “skrivar”! Du er berre eit “uheldigt subjekt” her i verdi, du au; eit “temperamento confusino” – noko slikt noko liksom so trongvint at ei fullhave menneskje ikkje har olbogerum i deg – noko uvist, vetlgjentlugumt med all ting halvt.

– Jøss bevare os for eit bilæte! Og der står endå skrevet: “du skal ikke tale ondt om din næste”. Men so kan eg setja attåt, at det fyrst og framst høve på meg sjøl.

Jau han vart narra grovt skrivaren, då han kom hit. Alting var so smått og trongt og forlabba! Berre la Cours foredrag kunde gå for god fisk, so han fær då i det minste 4 timar for vika. Men difor vil han pakke klutarne sine ihop og strjuke sin kos, som han kom. – Eg blir arg, når eg høyrer, at han som kjem lukt frå uppi Telemarki, går gneg på dette her, so eg kjem nok til ta han ei reide. Å det kjem seg vel av di, han har ingen stad fred her i verdi.

Men la no skrivaren sigla, so skal du høyra eit kapitel av “kjærlighedens komedie”. Eg har no altid havt eit rangt auga på dei danske trulovingar. Eg står berre gulkar når eg ser alle desse 17–18 års pari står og sleikjer einanan kring kjeften. Det kunde enda sovidt gå, men det verste er, at dei går so sleikjest og klæssest i 7–8 år førr det endeleg blir alvor, um då ikkje denne “kjærlighedens komedie” endar berre med ein blå røyk. Solengje det berre arga meg, fekk det endå so vera, men no på sisten var det på eit hengjande hekte eg skulde tapt store pengar på ei slik komedi. Det gjekk til som følger: Han Ola frå Stevns, felagen min, jameldringen min, har vore trulova i mange herrens år. Jau beiskedeg i haust gjorde gjentungen seg obsternasig og sa farvel fiskar. Stakkars Ola! han gjekk her og vreid seg og turkast og bleikna og vart lasen og hengjut som ei kogt sild. Det endlyktast med, han sette seg for å strjuka sin veg og alder meir koma åt Askov. Men då kan det hende, eg sa, den heite sylte heile herkjeriet, meir held ein gong. Me tvo bur på ein skagjild hybel som kostar 4 kr. månaden på kvar. Men strauk Ola’n so laut eg punge ut med 8 kr. Det er 4 kr meir i 5 månar; det blir 20 kr. Skulde eg leggja ut 20 kr. på eit slikt usselt dansk komedispel? At eg var både gul og grøn, tarv eg ikkje fortelja. Gutten er likvel kome seg etter vonom, so no ottast eg ikkje lenger for dei 20 kronom. Ja slike er dei danske. Det knip stygt med sama noko slikt brest og dei fær det likso hart utvortes som innvortes; men når eit lite tak er gått, går tæppe upp på ny frisk, og komedispelet byrjar “forfra”.

– So no liver eg og Ola frå Stevns eit vakkert kristeligt husliv med einanan, og eg vil ikkje for nokon pris byta han burt med nokon an’ her på skula.

– Fra Kristian Knudsen burtpå Fyn, ha eg nyst fått brev, og han trugar meg, alt han kan med å gjesta han i joli. Var det ikkje for dei 8 kronone, som går i vasken til reisepengar, so jamen labba eg avstad, for eg har so mange gamle kjenningar derburtpå. Og so minnest eg, kor toskut eg brukte joli ifjor: Eg var bedt burt på alle kantar; men istaden so gjekk eg her heime og øydsla burt 14 joledagar i trekk med å reka att og fram etter gatun’ og argast på meg sjøl. Men no kjem endå det til, at eg skal få fylgja “kjeringsysteri” åt Knudsen, som au skal dit i gjest. – Å kjære ærværduge gamling! slå ikkje skrukkar på nasen for min skuld. Enda Ola frå Stevns lurar berre på stulka meg til å gjera hanebein, det trollet, men eg legg berre ihop hend’, læt att augun og segjer: “led os ikke ud i fristelse!” – For kor gjildt det hellest er, so er det tvo ting i vegen. Ho er rik, og ho er “emanciperet”, og det er baug’ tvau bøvergjeld for meg. Ho er ei mektug menneskje, reint eit skabeist til gjente, so eg kan segja det heile med ein matematisk sætning: “forholdet vilde bli, som liten gjætargut til ei fullpanta budeigje – Nei, du kan trygt spara dit “Kyri Eleison” eit fikt enno.

Den norske klubben har, som sagt, ikkje hengje godt ihop ivinter, men gjentorne bar nok til bli unåuge; dei var alle tri[8] uppe på hybelen vår ein kvelden, og då enda det med ei formaning til godt samhald.

– I vinter legg eg ikkje hovudarbeidet på naturlære og histori – dei morskaste fag på skulen her. Kvar grein av desse er so stor, at det er ikkje botvon i å bli brukbar i den mindste part av det på tvo vintre. Eg lyt nøygjast med eit “grunnlag” og so sjøl freiste sparke vidare med tid og leilegheit. Difor knuvlar eg med praktiske ting, som rekning, geografi og slikt attåt oldnorsk og engelsk; noko eg kan gripa til i snøggvenda um eg skulde freista med ein liten halvlærarplass. Sundbø trur sikkert eg kunde få ein slik ein hjå Ullmann til vintrast. – Når det berre ikkje kostar pengar, so tek Ullmann, stakkars krok, kva som byr seg til. – Ja eg ber til liksom å kleia etter å få freista meg litet au, og eg trur, eg har ikkje godt av denne evige skulegongen meir i ein tørning. Du meinte, det knuvlast med eit gjenombrot i meg, og eg kjenner det som noko slikt sjøl au. Eg tummar og fiktar og famlar i aust /Her ha eg brennande dø gløymt att ei heil side!/ og ivest, hit og dit etter å finna noko fast å hengja meg i, freistar etter å skrapa ihop det arme, eg veit, for å få lite orden i det, og endeleg justa ut, kva eg vil for noko. Og frå eit slikt brot må det skriva seg, at: alt eg sa og skreiv og gjorde og tenkte igjår, det er eg jamen skamfuld av å kjennast ved idag. Ja det er eg. Difor blir det berre plukfisk alt eg tek meg for. Og so vil det leika til ein gong uppi tidi, eg fær bora hol i muren og skapt meg eit far, so eg veit, kor eg skal lenda. Men nok um min eigen synduge skrott. –

– Sist eg skreiv, nappast det, eg vart færdug; eg skulde sagt meir, men fekk ikkje tid. So tenkte eg å senda bakenden straks etter; men det drogst ut og ut, for eg ha vøre so lite løtta til å skrivi brev at – ja det er reint ei avbragsleg amping for meg å brjota ihop ein liten stub. Men eg segjer som du: la me berre passe på å ikkje tøygje pina so lang som i sumar. No kom eg meg då endeleg til å klina ihop ei lefsa, men det, eg altid tenkte å skriva um fyrst og framst, ha eg no strokje reint ut – å ja det er alt nok slurv likavel.

Det kapitel som vantar, fær eg so gjøyma til den store generalforsamlingi på Stålom sumaren 88. Men det går vist upp i røyk førr den tidi.

– Sist eg skr[e]iv, skulde eg leggje i bilæte åt Svane, men det gjekk spellskjit. Eg klistra att og senda brevet avstad, men som eg såg til, låg bilæte att under ei avise. No kjem det då saman med ei ny utgave af herren sjøl – men berre på den visen, at du brenner upp det gamle bilæte, det med “skeggumadr litill”; dette er “skeggumadr mikill”. Men du lyt då vita, eg er ikkje slik no lenger. Eg la att skalperkniven min her i vår, var burte i fem danske månar, kom att og skrapad laust på nyt lag.

Nei, no lyt eg segja god natt. Ola frå Stevns har alt gapt og snorka i lang tid; men eg skal enno ha meg eit kapitel av “Vegas färd kring Asien og Europa”[9], førr eg legg meg.

Helsing åt deg, brørom, mor og andre kjenningar, du skulde råka på.

Ei ny lefsa tettare uppunder jol, men fyrst lyt du ut med ei.

Din

Kristian.

Fotnoter

  1. Luk. 19,44.
  2. Kanskje Sonja Kovalevsky. Ho tykte godt om dei nordiske folkehøgskulane og vitja Ullmann-skulen i Seljord sommaren 1886.
  3. 12. november.
  4. Foredraget "Engifte og mangegifte" (trykt 1888).
  5. Torgils Bu og Halvor Sundbø.
  6. Marta Myklebø, Anne Sjøvik og Karine Tremyr.
  7. Replikk av lensmann Østmoe i Fjeldeventyret.
  8. Sjå note 6.
  9. Av Adolf Erik Nordenskiöld.