Kjeldearkiv:1888-07-06 Brev frå Prestgard til Kleiven

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 27. mar. 2019 kl. 14:35 av Jobr (samtale | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk
1888-07-06 Brev frå Prestgard til Kleiven
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 6.7.1888
Stad: Seljord
Frå: Kristian Prestgard
Til: Ivar Kleiven
Nr. i samling: 45
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Seljord, 6te juli 88.

Kjære “lysets barn”!

Jaggu må du hjelpe meg med råd og dåd no, ka det so står til; for no går eg so bebyrdet med filosofiske sentenser at det går store båro fram og attende i skalla mine, og eg gruva dag for dag, at det skal gnaga hol på tunnvangen min. Og Ponten ber skuldi for alt. For han kom her, ser du, og sette seg til fortelja um Paul Berg og fabrikken hans på Vossavangje, so det berre hyfs i meg.

Ja stillingje mi kjenner du. På ein måte so kan eg lite av mangt, men det er so [...] laust. Det står langt burti skoddi og reint uskaplegt. So eg har ikkje viare greie korkje på begyndels held ende, og um eg skal gripe etter eit emne so glir det smett unda som ein skuggje.

Ja slik halvgjord står eg, men det lyt det velast på ka heite det kosta. Eg har altso att å brote emne, stoffe innunder meg; få det ordna og sett i system, so eg kan mestre det.

Og dette ha eg tenkt å freiste på eigi hand no framover, som eg før ha ymta um – men det blir berre kulk måta, det er eg vis på. – Nei no veit eg einaste utvegen. –

Ja du har no sagte høyrt gjete ’om Paul Berg? Det er ein liten Heltberg, ser du. Lærd er han og frisinna tamp og fritenkjar attpå. Han har no fåt med seg tvo andre flinke kandidater[1] og begynde ein studentfabrik på Vossavangje den 1ste august. Og han ha banna på, at han ratt skulde “transportere” slike lutfiske som Ponten og meg gjenom middelskuleekssamen og til artium på tvau år. Ja Ponten har det akkurat som eg. Og han vil no peise på her. Og eg har havt brennande hug til å gjort ligeså. Ha eg so sliti artium på tvau år, ha eg au vilja spandert det tridje på 2den ekssamen og derme’ basta. Å steikjande deg, kor eg skul' lese da du. Lesi berre for kunnskapsskuld og ikkje for ekssamen. Lagt dubbelt arbei på dei fag, som eg set høgst og strokje med harelabbe over dei andre, sjøl um eg for di skuld ha fått ein eksamen med “Non” frå eine hørna på papire og åt di andre. Lese engelsk og tysk og naturkundskap og histori so det berre ha hagla utur augom. “Ja, ja la du ha 2den ekssamen no da din tverrblegg, men ei da?” spørr du.

Ja so so kan eg no vera til noko av kvart da, men no skal du høyra:

Ponten, ser du, felagen min frå Askov er ein skagjill gut, ein haring av beste slagje, ein med to i som ein gamal birkebeinar. (Og noko skjelling har han au). Det var ikkje fritt for, at vi tvo ymta so smått ni Askov um å peise på med ein skule ein stad i Harang, når os kom heim. Men da os no møttest, vart vi forlikte um, at vi dugde ikkje nokon av os, fordi vi var forlite rotfaste i kunskap. Men fordi viste so Ponten rå ved å la Paul Berg harpesere os. Dette åre, han ha vore heime, ha han fått slikt gloande liv i ungdom burti bygdom der, at di kvite skeggjekveinun hans blir elektriske berre han kjem på prat um det. Og no har han sett ut toft åt skula burti – ja midt i vakraste Hardanger (naturligvis). Der kjøpe han ein avråe gar, med glup jorveg (for det høyre med til ein skule) og so store hus. Og so smeisa os på. Han syte ikkje for mannskap Ponten. Han skal so ta på seg alt det himmelske og eg det jordiske. Fællesskule ska det vera, det forstår seg. Og Ponten senda syster si[2] på industriskulen, for å bli lærerinne, men ho mor skal vera med å gjera mat. Og so skulde os gifte os båe tvo, og .. Am-men. Å eg fekk berre slik ein idlu styng fy bringene.[3]

Ja av desse siste kapitle er lite som er mit, gu’bære, det er luftsyner åt Ponte, heile greia. For no ha vi gått i tvæ samfulle net’ att og fram millom bedehuse og Midtbøn og forhandla um slike store – – såpblæmo.

Nå, eg bryt no ikkje skolten min mykje, eg, med desse siste. Det, det gjell fyrst er um vi fekk klora os upp til artium. For so skulde det nok ein [...] til.

Men so er det baksia da måta. Og ho er svart her som ho plega, beiste. For eg har tvo grove skigare å skræva over eg, førr eg kan nemne eit or um artium. Og det er militærgreia og skjellingløysa. Den fyrste ha eg erkyndiga meg um, at eg kan koma over. Eg kan godt få utsett kongensteneste i tri år. Værre er det med di andre. Paul Berg trur vi klara os med 300 kr. åre; det blir umkr. 1000 kr. alt i alt.

Men ka [...] gjere det, um eg kjem i gjeld på 1000 kr. når eg berre slepp fram. Fy, skamm deg gut. Sterke beiste skvette attende å gå her skjingle att og fram til evig ti berre for 1000 skarve krono. Eg veit halvvore rå au, ser du. Privat lån er vist mest ikkje til å få meir. Men so forsikra eg live mit, du, i eit amerikansk selskap for eit par tusen held so; og på di fær eg låne i fyrste or’e so mange eg har bruk for. Hellest har eg forlite greie på korleis det heng ihop med desse livsforsikringen enno. Eg lyt setja meg bere inn i det. Men det blir vist ikkje billigt. Det vø kanskje mykje billigare å låne i Våge sparebank? Ka trur du? Det var no heite [...] skul’ eg ikkje på nokon sett held vis få lånt so pas.

Ja fynge eg lånt på ei slags vis, um det vø berre 300 kr. so smurde eg på lika ratt, um eg so laut segja stopp ved middelskuleekssamen for det fyrste.

Ja slik er den siste store plan. Og dersom det flaska seg so det kjem noko ut av det, so fær eg ikkje eingong koma heim, eg då i somar. Skuleåre’ er 10 månar og den ellevte laut os liggje i Bergen å ta ekssamen (altso juni neste år).

Ja eg lyt skrive åt’n mor au um dette, og det i denne dag, men jaggu gruva eg for di, det gjere eg. For ho tykjer, det bers’ til Hekensfjele dette, ser du. Og når eg fortel desse tankarne, so lyist det liksom “overtalelser” er det fult for, og so jatta ho med – ikkje fordi ho har høns på ka gagn det gjere, men fordi, det er vel det beste når eg segjer so. Det er svartøygde, eg ikkje skul’ få ti til å sleppe heim og prate både ved deg og ho. Men ha du vilja gjort mig ei gjill tenest (nei eg meinte ikkje um du “vil”, men um du har ti’) so ha du gåt eit snertan uppå Stålan sama dagen du ha fått dette breve og prata ved ho mor um det, og so ha du sett deg til å skrivi, ka ho og du tilsaman finn er likast og senda breve’ med fyrste poste. Jaggu lyt du so, um du so skulka burt 3 sio ta ’om Vetl’Kristen.

Det er igrunn Ponten som er skuld i at ho kjem istand denne studentfabrikka på Voss. Paul Berg ha førr drivi slik fabrikk i Kristiania; men i vinter ha’n pymsa med ein skule inni Harang og Bondhus – nei Ponten meinte eg – hjelpte om nokre viko. Her vart desse tvo slike bussere, at dei bar til prate um, å smørja på med ein høgskule ihop. Ja, ja men so kom Ponten etter med, han ha for snøype kunnskap. Men so lova Berg å lesa med om da å drive han upp til artium. Men kanskje det fans fleire av same slags, som skul' sama vegen? So lyste Berg upp i avisone um dette som du vist ha set; og so meldte det seg ein heil bråte, so han laut få tvo kand: til hjelp. Fritt skul’ det gå til der, sa han, og kjæften og pen skal dei få bruke alt dei orka: diskusjon når dei vil, og Berg vil sjøl gje’ ut eit bla “Bjørkebejnaren” som “lärjungarne” skal få skrive i alt dei kan.

Ja no vil eg ikkje referere meir, men ha du vore her sjøl, so er eg vis på, du ratt ha gje’t fire skjelling for å høyrt Ponten lovprise Vossevangen.

Og so fær det skure soso da med desse studiosus-spekendasie.

Å, det går nok stjerno for augom henna mor måta, når ho høyre prat um ny gjeld på 1000 kr. – Men skulde ho sjå likare utveg med pengehjelp heimafrå til neste år, so fekk eg drygje eit år til kusser og baske på att da; – for fram vil eg. Men det er det værste, det vara ikkje lengje førr eg blir både skrukkut og fleinskallut. Og so basta.

So vona eg du skjøyve tvert over Murudalen.

Ja dette er berre forretningskapitlet i breve, det, resten kjem um eit par dagar. – Ullmann kom inat ha eg høyrt.

Din

Kristian.

Fotnoter

  1. Den eine var Johannes Lavik. Han slutta til jul i 1889, og Manidius Berntsen kom i staden, men det er uvisst om Berntsen var den andre som var spurd på førehand.
  2. Sella Bondhus.
  3. Uttrykk frå forteljinga "Han Kolbein Hausa" i Vossa-Stubba (1887) av Per Sivle.