Kjeldearkiv:1888-07-15 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 27. mar. 2019 kl. 14:35 av Jobr (samtale | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk
1888-07-15 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 15.7.1888
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 46
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Bøneslien 15. 7. 88.

Hr. artium og anden-eksamen!

Um eg vøre så vøreslaus at eg vilde segja så stort eit or, så ba eg [...] at det skulde bli siste reisa eg gjorde her i ver’ne, den, å gå burt på Stålane og telja mor di til, å setja deg i skuld for 1000 kronor no, midt i desse tidom, da annankvar går frå gard og grunn og den eine dreg den andre med seg nedi avgrunnen og no, da det er verre um tie øyror enn det var um ei krone for fire år sidan. Hadde eg såsandt nått deg, så skulde du hellerikkje fått skrive det breve åt mor dine um [...] “plana” di, no for det fyrste; men ulykka er, at du har vore burte frå heimbygden så lengje, at du forstår ikkje rigtugt, “hos det er laga” heruppi no; kjem du heim att eit halvt års tid, så kjem du til å forstå det.

Det sit laust det du har lært, skal få sett det i system hjå Berg, ja; – jau eg kjenner til det. Skjit i systemerne, rammerne og beingrinderne deres; enden vilde bli den, at når du kom ut av skulen, så vilde du angre stygt på heile leiken, vilde ha lært, halvlært eller vore på å skulde ha lært, ein heil haug, som du sidan i væren ikkje vilde få meire bruk for enn eg for ei ut-toggje tobakbust, og som du vilde gløyme burt att førr du kom av Vangen. Og så sat det like laust; så fekk du spurt ut ein ny skule, truleg på Lærdalsøyren der det var ein, som eitte Ola Fjell som drog og ytte, skumpa og skuvde folk te andre eksamen på 9 vikur og så laut du dit. Nei, let det no vera slutt, fær du deg ingen plads hjå Ullmann ivinter så kom heim og legg deg til å lesa tysk og engelsk på eigje hand, histori og avisor og så skriv nogo. For er det skulearbeie du er skapt til, så har du god nok underbygna, berre du lærer å gå sjøl, vågar deg til og gå på eigje hand forutta slike holkrakker som eksamen den og eksamen det og Pål Berg og slike kaverstemplar. Og middelskuleeksamen – kva [...] er det til å lite på når det spørst um maten? Jaggu går det så tjukt med middelskuleeksaminanter som spyflugu på ein sjøldau gris ved jonsuk og neiggu går dei ikkje framum eit rettogslett anna ustempla menneskje um dei så vil søkje ein skorsteinfejarpost. Ja vil du inni riksens fehus, så er det ei onnor sak, men kvifor [...] gav du deg ikkje til på Asker da? Eg trudde du ha vorte mett den gongen eg. Vil du elles for alvor studere, ja så er det ei sak for seg, men du lyt likevæl gjeva tøyg til det antel rettar seg heruppe eller ramlar reint ihop. Å tala um alderen for deg – ja slikt skulde du no av kristelege “hensyn” ikkje bjo meg, da. Gjer frå deg eksitsen førr du gjerer meir ved det og tenk ikkje på å uroe mor di med desse no. Bed så Ponten og Pål Berg reise direkte pr. ekspres [...] med al den honnør elles, som dei forlangar og når du det gjerer, så har dei min velsignels med på reisa og du på livsfera seinar.

Det er ikkje verdt, neste gong du skriv, at du korkje gjev frå deg nogo um materialistiske venner, heimføingar, som har turkast unda skinnet så dei er vortne halve hatarar både av kunnskap og upplysna. Eller, at du yler og jamrar over hunger, pestilents, dyrtid eller nogo slikt “gevohr” eller slær på nogo slikt, som, “at en Byron tidt, en Plato sjæl i folkets sværm forgår”[1]. Um du kjem med nogo slikt, så er det berre som å skvette vatn på gåsa.

Dernæst meddelis tjenligst at eg har gjort ein randsel, ei ny grinn og vore heime og arbeidt ein kjerrstol sidan eg kom hitupp. Både han Vetlkristen og dei andre som skal “springe fuldt væbnede ud av min pande” (ja du har lese gresk gudelære du, så du veit kva eg meinar)[2] ligg enno og gjerest inni kramkjista mi – kaos, meinar fulla du. Eg var sterkt inne på di fyrste setningom av di eine avritse i gjår kvell, og sette meg for å “notere” ned idag, men det ha dunsta ut inatt. Men, kjem fulla att, sa’n. Godt vær, go fisk, godt smør, go supe. Ingen poesi, attgløymor, gamle kjerringor! Farvel!

Ivar.

Låne pengar på amerik. livsforsikring! Bed alle gudar, både dei germanniske og græske, um å fri deg for “svindel”!

Nettup med sama eg skulde læse brevet kom eg på, at eg har ei go litol “hikstori” å fortelja deg, som kanhende kunde vera deg til trøst og husvalelse udi disse pinagtige tider. Han Ivar Bråten, spelmannen, bur heruppe både somar og vinter, ser du; no er den gamle stugo hans så som så, berre dårlegt med taket da. No er det godt å væl tie år sidan han tok til å sanke ihop timber til ei ny, og væl fire sia han timbra ho upp: høvla stokkane, finhøvla både utta og inna, skaut ihop troa med langhøvel og gjorde alt framifrå så ho truleg er vatstett. No vil han timbre kjellar og gud veit kva han finner på alt, men enden blir no den, at han gjerer alt så væl, at stugo bli ikkje færug medan han “er oven mulde” og så går han og arbeider på detta “seierverket” sit og let det drupe nedi hugude sit kvar gong det regnar. Reflektionarne gøra sig sjelfva, sa’ svensken.

Fotnoter

  1. Frå diktet "Til en Gran" i Digte. Anden Ring (1834) av Henrik Wergeland.
  2. Gudinna Athene vart fødd med full rustning rett ut av hovudet på Zevs da Hefaistos kløyvde skallen hans.