Kjeldearkiv:1889-03-17 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 27. mar. 2019 kl. 14:38 av Jobr (samtale | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk
1889-03-17 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 17.3.1889
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 53
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

17. 3. 1889.

Kristian!

Jau, så lyt eg nok koste på deg eit ark av det gjilde dokumentpapirê mine idag, ikkje for di, at det er nogo så framifrå eg har å melle, men neiggu eig eg ikkje anna papir til det, um du så vilde skjera sund halsen i meg!

Det held på, å vårast heruppe, det ljosnar og lettnar til dagandes dag ute i værê og i det, som Vorherre fær stime med. Men i alle andre måte hårar det for, at “enden er nær”. Den eine garen etter di andre stryk “for hamaren” og no er det auksjon etter auksjon til kvar viku. Nei let os ikkje gjeta di! – her lyt det reinskas frå botta og dei, som skal gro upp att av ny rot her, dei lyt ta skjeia i vakkerhånda.

Mitt store “eg” har no i veka som var senda åt samlage skildringunn’ av bygdakonstnarom mine, nie på tale. Um eg ikkje miskjemihug, så slog eg på i eit brev eindagen, at eg tyktes kjenne meg så inspirert mea eg skreiv på deim. Det var mestsom, at ånde i Vågemålet gav meg inn “hvad og med hvilke ord eg skulde skrive”[1]. Og detta heldt utruleg ut au like åt enden – sjøl tykte eg no, at det var det beste, eg enno har skrive. Kva dei no vil gjera ved det – eg ventar no snart å få høyre nogo um den tingen frå Seippel. Men du store min kormykje bokbinding eg har! eg er reint forrlæsst og strævar og kjilar til eg bli så turr og blå, at eg bli att berre nosen og augun, kroknar i ryggen og i kneom og bli så turr og lett, at eg lyt fylle lummun mine med alt jønnskrap eg kan upptenkje for å bikke likt. Eg har ikkje godt av å sitja så roleg inne og skal eg ikkje bli hengjande i eit hønn på veggjê inna kort tid, så lyt eg slutte – lære upp att ein [...] etter meg og sjøl ta ihop ved einkvart, som eg kan få slå betre ut armane og leggjene med. Tilsomars har eg etla meg til å drive skrepparbeide så det berre pjonk all dagen framover til 1ste juli. Eg tek alt til, å ha kløerne ute på alle leier for å sikkre meg avsetning. Og jamen var det mykje for di skuld, at eg var så sjølminnog til å skrive åt deg dennegongen. Men førr eg kjem med di eg har etla meg til, lyt eg helse deg på, at skreppa di skal bli ferug umlag i rett tid, men eg er ikkje kar til å spørja ut eit redelegt kastakalvskinn frå Lindesnes og åt Norkap. Eg har sêtt eit, men det var så stygt at det ha’ skjemt ut mor åt fan teshell. Eg skal nok ha lying etter di enno, men finner eg ikkje nogo fær du nøgje deg med vakker brun segelduk – det er no elles gjevaste leten åt “intelligente” randselberare, det, da.

Eg har tenkt etter, at Seljord er eit turistrikje, tru vilde ikkje Hansen kjøpe av meg ein dusin randseler når han fær sjå din til prøve? Spør han etter di og fortel, at Husflidsutsalge i Xania selde randseler åt meg ifjor og kunde selt mykje fleir når eg ha’ våga på å gjort fleir føre turisttia. Eg sel dei umkring 4 kr. billegar enn i hugustaden. Og så lyt eg få deg til å spørja Hansen, um han kjenner nogon kjøpmann i Skien, som eg kunde vende meg åt for å få selt eit par dusinge ell so, det lyt no gå ikkje så liten “turiststrøm” igjenom Skien, veit eg. Freiste å få greidt i desse du, med det fyrste, så skal du vera grummast; det gjeld ser du å ha alt på det reine førreåt når eg skal til å kjøpe inn “matrialer”. Vørte det nogo av, så kom eg til å ta med meg han Iver, for den Danmarksreisa bli det nok ikkje nogo av no, da han Paul har fått seg post hjå Fagstad på Vetlhamar frå somarmål – dei har elles havt brevskivting med Anders Pedersen um dei plassane hans.

Avritsa ligg så godt og kviler millom anna skrammel i Mortensens kaos[2] – no er dei etla å få siste reidtla i juli og august “førstkommende” – med eit spørsmålsteikn baketter. – Eg har høyrt, at du har søkt um utsetjing med eksisen – skal du bli i Seljord tilsomars au, kanskje? Åja, det fær eg alti veta best det er – kanhende det kjem sløngjande eit par ord frå deg au, ein av dagom.

Av nytt skal eg fortelja deg, at Hans Nygård vart gjivt ved førre helga med ei 19 års jente som heitte Marit Rosten. [...]

Heil og sæl!

Ivar.

Fotnoter

  1. Frå E. Pontoppidan: Sandhed til Gudfrygtighed (1737 og seinare), spørsmål 12.
  2. I romanen Arbeidsfolk av Alexander Kielland har departementskopist Mortensen ei hylle nedst ved golvet som han kallar kaos, og som han og andre fyller med sakspapir i haugevis på ubestemt tid. Stundom blir bunken omstokka så sakene skal koma enda meir or syne.