Kjeldearkiv:1889-04-14 Brev frå Prestgard til Kleiven

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 27. mar. 2019 kl. 14:38 av Jobr (samtale | bidrag)
Hopp til navigering Hopp til søk
1889-04-14 Brev frå Prestgard til Kleiven
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 14.4.1889
Stad: Seljord
Frå: Kristian Prestgard
Til: Ivar Kleiven
Nr. i samling: 54
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Brølaus 14 april [1889].

Goe gamlebror!

Det er berre skralt med helsa. Den leie bringestyngen – – og so igtfeber med stive leme no til sist. Ha halde til sengs dei siste 14 dagar og kan ikkje koma åt Utgaren ikveld til slutningsfesten. Er bra att no lell og går uppe regar; men doktorn[1] – som ha vanka hjå meg kvar dag ei heil vika – ha forboe meg både å lesa og skrive eit fikt. Det kan so vera å vera sjuk; men den med[i]cinlugt og det batteri av tinte og krukko og smørjer og salvelse frampå bore er noko [...] kram og eg trur ikkje at medicin kan lækje ein hedningeskrott. –

Det va bra, du tok deg av mine literære efterladenskaber. Eg ha hellest tenkt på no sist på å overantvorde mit bo anten åt Georg Brandes held ’om H G. (Heggtveit) for at verdi da ikkje skulde bli snytt for eit slikt åndelegt skattkammer. O! store tab! –

Er det ikkje rart i desse vern du. Er det ikkje som ein ha hug til å spenna og sparka etter alt ein gjorde og sa igjår for å gjera og segja det bere idag. So ha’ eg kjent det, kvar gong eg ha vore på skula, og soleis er det med all ting. – Dei tvo siste dagarne sia eg kom upp att, ha eg gått irast mest upp på at eg ikkje kunde sleppa åt Utgare og overta mit departement um det va berre ein time og fåt sagt noko gyldne ord um geografi og målstræv og – so skrifta. Skrifta og sagt dei, eg ha føtt dei med glåm i heile vinter; men at eg no ha lært, korleis eg skulde lære både mit morsmål og geografi, og vilde dei koma att um eit sekel held tvau, skulde dei få den feite skire rjume. – Snaudt so ha eg gud hjelpe meg vilja sagt, og då ha eg sagt sant for ein gong skuld. – Men eg fekk ingen ting segja, og no stryk dei og trur, eg sit att her som ein igtbroten “lærar” – [...]

– Dersom eg fær renska skolten og skrotten min sopas for igt og anna [...] argebål vil eg no framover freiste bruke dølamåle mit til å fortelja lite um Sønderjylland; men det er farlegt, eg fær ingen til å kosta blanksvorte – nei boktrykkjarsvorte – på det, veit eg, korkje i bla held bok. – Det er sant det. Eg har søgt um å få utsett Jørstadmotenste eit år, fordi det var prat i vinter, um eg ikkje kunde vera med ved høgskulen, nei målskulen meinar eg i sumar. Men då det skulde attest og bevis og dukkemet og anna slikt jålsri til, brydde eg meg ikkje meir um det.

Målsakje rauk i tingje. (Brennsteikje Teige) men private skaut i hop på timen 2000 kr. åt Ullm. So her blir no målskule kusser (frå 20 aug til 10 oktbr.) altso sia eg er færug med kongen. Eskeland er hellest fest som oldnorsklærar frå i fjor – um det vart noko iår; men no ha dei kome i funderingo over, at eg i vinter ha gjort so mykje arbei utan betaling, at eg au ha fyrste retten når det var lite å tene. Og so har Botten og fru Ullmann innstilt meg pånytt. – Men eg fær no sjå da, kor det flaskar seg med meg utover, og eg vilde nauleg stela maten or munne på om Lars Eskeland.

Boberg (doktaren) trur hellest, han med ei igtattest kan skaffe meg fri for Jørstadmo i sumar.

– Eg nemnde vist sist, at sosnart skulen var slutt vilde eg på rangel umkring i Telemarken for å lufte meg ut noko, men eftersom helbrigde slær noko fel og pengarne enda meir, lyt eg eta nådsensbrø hjå Hansen eit fikt framover istan’.

Difor vonar eg au, skreppa kjem tidsnok. – Ja um skrepphandelen vil Hansen njosna ut når han kjem åt Skien. Han trur det er bere von å selja dei der held her, fordi dei fleste turister, som fer her, er besynte med skreppambo inna dei kjem so langt. Hellest trur han å kunna selja 3–4 her i bygden fyrst han ha fåt set meir.

Han skal gjera ei Danmarksferd på ein månadstid Hansen no. Stryk 5te påskedag saman med eit par skulegjento, eg skal skikke dit ner, og kjem so att med bror sine[2], som skal vera krambukar her eit bask. Galteland skal so vera Hansen her solengje.

– Stunda reint illherveleg på “Gamle daga”. Og Pål og Iver skal ikkje emigrere?

Meir sosnart eg kjem meg att. Send meg no ein lang skrivelse. Eg ventar alltid so på post no da eg ingen ting fær ta meg for. Mange helsingo åt deg og dine.

Kristian

Fotnoter

  1. Henrik Boberg.
  2. Laurids Aarø Hansen.