Kjeldearkiv:1889-04-19 Brev frå Kleiven til Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
1889-04-19 Brev frå Kleiven til Prestgard
Heime og ute forside.jpg
Informasjon om brevet
Dato: 19.4.1889
Stad: Vågå
Frå: Ivar Kleiven
Til: Kristian Prestgard
Nr. i samling: 55
Samling: Brevsamling Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886–1932
Oppbevaringsstad: Opplandsarkivet
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

19/4. 89.

Kristian!

Nei, er det reint skrap med deg da, gut! Eg trudde ikkje det ha’ vore så alvorlegt – det må vera eit glupt hol til å fengje iktfeber på der i Flatseljor – du skulde no ikkje vore av dei fyrste til å fått han hell, du. Men var det gale, så var det for ein ting bra – og det var for di, at eg fær ikkje sendt skreppa di herfrå før den 24de – i brevkorte sist dagstødde eg det til den 20de. Eg har arbeidt av alle krefter og no heng ho som “ein synderleg ting” på veggen og det manglar berre bakmeis og pakkreimer og det skulde ho fått imorgon. Men ulykka er, at eg lyt treffe den store skifterett imorgon, kor det snur. Høyr no berre! A. Jevne leverde bue sitt til konkurs i midten av marts og no har sakførarne i lang tid livt i herlighed og glæde som bustyrare i alle fallitbu utover landet – Krogh har etet upp mange, han og skifteretten tok han til foreløbig styrar i bue åt Jevne au. Men i fyrste skiftesamlingen vart eg vald til styrar! Er det ikkje grovt kor eg har stegje du! Folke har elles i lang tid gått og arga seg over, at ikkje endeframme bondefolk kunde bli tekje til desse arbeiê, men ikkje førr i år har dei vorte ferduge til å gjera alvor av det. No er både bue åt Jevne og åt BlakarLom styrt av “bønder”. Ja, kva er det um å gjera? spør du. Jau, høyr no! Ein sakførar dreg alt ut i langdrag for å få gjera alt så dyrt som moglegt, når han så ein gong lyt “avslutte” bue tek han eit 13, 1400 kronor – ein bonde vil gjennast bli ferug på eit år og tek da frå 150–300 kronor ettersom bue er til, ettersom det gjev ’om arbeid til – så spara kreditorane 10–1100 kronor og sakføraren fær ikkje gjøde seg med deim. No veit du det.

Elles brydd ikkje eg meg vidare um denne posten, han kjem til å skaffe meg mykje arbei og klunder så eg ser gjenne eg når så langt, at eg er skjild ved heile greia att. Eg laut kaste mykje bokbinding frå meg og randselarbeie, som eg no har butt meg til med kjem det au til å bli attivega for, dette bestyringssjaue.

Du skal no få skreppa di, tes du skal på “Moen”, kusser, men freiste for al ting å få ei attest, som kan gjera deg fri for alt det avlæte og alle dei rare fakter for “fædrelandet” som dei fer med på Jørstadmoen.

Jau Ullmann fekk målskule likevæl han! Og du har von um å bli der – rett så, ja! Du er, som eg har sagt, ein “heldig gris” – den som har lykke trøng ikkje vet, sjøl um han fær iktfeber.

Det vårast heruppi dalom – isen på Otta er strokjen, markje ligg berr og igjår og idag har vattne runne og lorten gått uppå smalleggen. Nogo særleg godt er det ikkje i være enno, men det ser no betre ut, enn det har gjort dei tri førre våranne.

Med “I gamle dagar” er det stillt enno – fær eg tier no i påskhelgen lyt eg ta dei “gamle papira” mine og senda “Fedrah.” til kjellarfyll – gamelkarane mine lyt få kvile til somaren og eg treffes att i Bøneslien.

Paul har skrive tvau brev sia han kom åt Vetleh., han likar seg på ein måte, enda han vist saknar heimbygden.

Nei dette blir no fulla skrøpelegaste rote eg har senda deg, lel! og du, som vist helst ha vilja havt antel ein djup filosofisk spekendas eller ein arg flåkjeftepistel med banning og styggheit for annakvart ord! Ja, du bli snytt tilgagns. Men neste gong skal eg fortelja deg um eit gledelegt tidernes tegn millom jentom på Sell – no har eg ingor råd med di – for det fyrste er kl ½ 9 og for det andre har eg skrive upp eit synderegister over 80 skuldmenn i bue åt Jevne, delt i “sikkre” og “tvilsomme”. Og så er papire sånære klart, at eg berre såvidt har rum til helsing frå Iver, Pål Nygård, mor og meg.